FKR115 Ballspel
Studieprogramansvarleg:
Øyvind Hagen
ohag@hivolda.no
Tlf. 70075283
Starttidspunkt/Sted:
Studiet har samlingar i Volda og tek til måndag 11.september kl: 09.15.Beskjed om stad kjem per mail.
Organisering og lokalisering av studiet:
Emnet Ballspel er organisert av fagmiljøet i kroppsøving ved Avdeling for lærarutdanning ved HVO.
Undervisninga vil gå føre seg i sal, på baner ute og inne i nærmiljøet til Ørsta/Volda. Teoriundervisninga vil i hovudsak gå føre seg på campus.
Emnet er organisert i 2 vekesamlingar 37 veke og veke 45 .
Samlingane startar måndag kl 0915 og sluttar fredag kl 1600.
Nokre dagar må vi halde på utover ettermiddagen.
Innhaldet i kvar samling er ikkje heilt klart endå, men vekeplanar og annan info vert lagt i Classfronter i god tid før samlingane. Før fyrste samling vil ein også i tillegg sende dykk ein e-post med nødvendig informasjon.
Organisering og arbeidsmåtar
For dei som ikkje kjenner Classfronter vil det bli gitt eit innføringskurs i starten av 1. samling. Ver raske med å registrere dykk på studweb slik at HVO får den nødvendige kontaktinformsjon.
Arbeidsmengda i emnet skal tilsvare ca.400 arbeidstimar for studenten. Noko av denne tida blir brukt i samband med samlingane. Resten av tida skal studenten bruke til sjølvstudie, eigentrening, praksis, arbeid med oppgåver og analysearbeid. Innhaldet i emnestudiet vil vere prega av i stor grad praktisk retta aktivitet, så det vil vere ei stor overvekt av praktisk aktivitet på samlingane, men sjølvsagt noko teori og informasjon også.
All undervisning på samlingane er obligatorisk.
Kostnader og krav til utstyr:
Du treng utstyr/sko egna til sal (innebruk) og bane (utebruk). Har du privat utstyr som golfkølle, tennisracket ta med det. Meir info om kva utstyr du treng til kvar samling vert gitt beskjed om i god tid. Vent med å kjøpe bøker til du har møtt dei ulike faglærarane.
Studentane kan rekne med noko utgifter til leige av spesialanlegg og leige/kjøp av spesialutstyr.
Avslutningstidspunkt:
Emnet vert avslutta 08.12.06 med innlevering av eksamensoppgåve.
Annan informasjon: