Velkomen til Institutt for planlegging og administrasjon

Instituttet sitt fokus er lokalsamfunnsutvikling og forholdet mellom lokalsamfunn, region og storsamfunn, og korleis vi kan påverke samfunnsutviklinga i ei verd i rask endring.

Med ein bachelorgrad frå Institutt for planlegging og administrasjon (IPA) kan du velge mellom mange ulike yrke. Studiet gir deg ikkje berre ei forståing av korleis samfunnet endrar seg, men lærar deg også korleis du kan vere med å påverke framtida. IPA tilbyr
Bachelor i planlegging og administrasjon. Dette er ei grunnutdannning på tre år, samansett av mange spanande modular. Første året i bachelorgraden kan også takast som eit eige årsstudium.

Bachelorstudiet gir deg ei innføring i samfunnsvitskap, offentleg administrasjon og samfunnsplanlegging. Sentrale fagområde i utdanninga er sosiologi, samfunnsplanlegging, økonomi, statsvitskap og jus. Utdanninga er både tverrfagleg og yrkesretta. Du får eit fagleg grunnlag til å drive med plan - og utviklingsarbeid og du får kjennskap til lover og regelverk i administrativ verksemd. Opptakskrav: Generell studiekompetanse

4. semester i studiet er valfritt. Dermed kan du også ta eit semester i utlandet!
Les meir om utanlandsopphald

Meir informasjon om bachelorgraden i planlegging og administrasjon finn du i studiehandboka. Bachelorgrada i administrasjon og leiing kvalifiserar for opptak til mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda, og også til andre mastergradsstudium i Norge og i utlandet. Som den einaste høgskulen i landet tilbyr vi Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og leiing. Dette er ei toårig yrkesretta vidareutdanning for søkjarar med minimum tre år høgare utdanning, og som ønsker eit djupare teoretisk fundament og ei meir kritisk forståing av metodar for utøving av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar.

Nyleg vart Volda kåra til ein av Noreg sine beste studieplassar på grunn av studentmiljøet. Klikk her for å sjå filmar om Volda som studiestad.

Ved instituttet er der 8 faglege tilsette og ein stipendiat.

Ta kontakt for nærare informasjon:
Studiekoordinator/høgskulelektor Nils Magne Magerøy tlf. 7007 5163 eller på e-post NilsMagne.Mageroy@hivolda.no
Instituttleiar Magnar Hjertenæs tlf. 7007 5103 eller på e-post Magnar.Hjertenes@hivolda.no