Studietilbod

Høgskulen i Volda er ein internasjonalt orientert høgskule omkransa av Sunnmørsalpane. Høgskulen har nokre av dei mest populære medieutdanningar i landet, i tillegg til mange andre solide yrkesutdanningar innanfor utdanning, sosialfag og administrasjone og planlegging. Du finn også eit godt tilbod innan fagstudium i språk og historie, og kreative og spennande studium som musikk, friluftsliv, forming og drama.

I skule- og kulturstaden Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar, det er lett å få bustad til ein rimeleg pris og velferdsordningane er godt utbygde. Studiemiljøet er sosialt og inkluderande, og utmerkar seg med eit flott studenthus og høgdepunkt som VEKA og dokumentarfilmfestivalen.

Høgskulen i Volda publiserer ei liste over ledige studieplassar for vårsemesteret fredag 2. november.
Søknadsfrist for opptak til studium som startar i vårsemesteret er 1.desember 2007.


 Bestill Studiekatalogen
 Høgskulen sine kontaktsider

Alle studietilboda 2007-2008
Klikk på bildet under for å gå rett til studiekatalogen

Klikk på bildet for å gå rett til studiekatalogen

Ny informasjonsfilm om Høgskulen i Volda
Klikk på bildet under for å starte filmen.

Klikk på bildet for å starte filmen


Fagleg oppdatering i Naturfag: Naturfag med mål og meining
-I slutten av November er vi i gang, seier Erik Fooladi, fagleg ansvarleg for Naturfag med mål og meining. -Då samlast om lag 130 lærarar frå Sjustjerna (eit interkommunalt samarbeid mellom sju kommuner på søre Sunnmøre) seg i Loen til første samling. -Vi er glade for god respons frå Søre Sunnmøre, og ser no at også kommunane i Nordre Sunnmøre Kompetanseregion kjem for fullt. Vi gler oss til å møte lærarane og presantere spanande vekstader og fagleg påfyll.
[ Les meir ] - 01.11.2007

Valla tek del på ytringsfridomsseminar i Volda
Torsdag og fredag denne veka kjem mellom anna Gerd Liv Valla, sjefredaktør Anne Aasheim og Håvard Melnes til Høgskulen i Volda for å ta del i seminaret ”Ytringsfridom som alibi?” Politisk journalist i Klassekampen Alf Skjeseth vil ta føre seg ”Valla-saka” spesielt.
[ Les meir ] - 31.10.2007

FESTiVOLDA: Grieg-konsert i Kaarstad-huset
Fyrstkomande fredag vil publikum få høyre tre av Edvard Grieg sine mest omtykte kammermusikalske verk i auditoriet i Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda. Ragnhild Engeset (song) og Bjørnar Myhr (klavér) vil framføre songsyklusen ”Haugtussa”, medan Øystein Salhus og Bjørnar Myhr vil spele den fyrste og tredje fiolinsonaten til Grieg. Konserten knytt til FESTiVOLDA-arrangementa
[ Les meir ] - 30.10.2007



Planlegg kulturutveksling med universitet i Tyrkia 25.10.2007
Media, IKT og designstudentar viser web-TV live no 25.10.2007
Nytt dokfilmstyre i sving 24.10.2007
Flott avslutning på Språkpakken i Møre og Romsdal 2007! 18.10.2007
Realfagsatsing: Etter- og vidareutdanning av naturfaglærarar 17.10.2007
Arbeidslivet vil ha Erasmus-studentar 16.10.2007
Denne veka er det karrieredagar i Møre og Romsdal 14.10.2007