TIDLEGARE STUDENTAR PÅ LANDSKAPSPLANLEGGING:


Anne Rudsengen:
Naturoppsyn ved Statens naturoppsyn (SNO)

Anne tykkjer at utdanninga ved HSF var relevant og har etter endt utdanning ved HSF kun teke eitt kort kurs i naturoppsyn samband med tilsetting som naturoppsyn.

Ho understrekar også kor viktig det er med arbeidserfaring og eigne interesser. Eit studium er viktig for å erfare korleis ein kan tileigne seg ny kunnskap, og smarbeide med andre. Og så er det all fagkunnskapen som ein får, som ligg i botn og ein trur etterkvart at mykje av dette er allmennkunnskap som alle har.

Etter endt utdanning har Anne arbeidd som vitskapleg assistent på HSF, diverse areal/grøntplanarbeid og arbeid med friluftsliv i fylkeskommar og arealplankontor, friluftsliv- og kulturminneplanarbeid i kommune, naturfagleg utstillings- og presentasjonarbeid, konsulent (kommuneplanar, verneplanprosessar) på miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen og no naturoppsyn i Statens naturoppsyn.

Sogndal som studiestad var veldig bra, - og også ein fin stad å bu etter att ein er ferdig med studie (eg har budd her sidan). Sogndal er passe stort, for mange, med eit brukbart kulturtilbod (viss ikkje så kan ein starte noko sjølv, som ein jo gjorde som student), og ikkje minst – naturen ikring er meir enn ”brukbar”. 

Det eg hugsar som spesielt positivt ved studie var at fleire av fagemna var lagt opp med oppgåve/prosjektløysing. I tillegg var det lærerikt med ekskursjonane både i nærmiljøet og litt lengre unna. I eit såpass lite studiemiljø opplevde eg òg at det var gode høve til å møte førelesarane/rettleiarane og få god oppfølging. Vidare var det òg spesielt interessant når det vart henta inn førelesarar frå ”det verkelege liv”, noko det var ein del av, og ein fekk eit inntykk av arbeidssitusjonen. Dette hugsar eg spesielt frå planfaga, seier Anne.

 

Elisabeth Dahle:
Museumsbonde ved de Heibergske Samlinger
-Sogn Folkemuseum

Har ingen vidarutdanning etter avslutta utdanning ved HSF. Føler at studiet var svært relevant for dei jobbane ho har hatt etterpå. Føreleserane var svært gode, og tilgjengelege. Sogndal er ein oversiktig studieplass med svært godt studentmiljø.

HSF har god tilrettelegging for studentane med gode undervisningslokale, arbeidsrom, grupperom m.m. Sogn er eit framifrå område for ekskursjonar og feltarbeid. Det er lett å trivast som student i Sogndal!

 

Jan Petter Vad:
Kommuneplanleggjar i Ål

 

Jan Petter vart ferdig landskapsplanleggjar våren 2004. Han har ikkje teke vidareutdanning utover bachelorgraden. Han tykkjer utdanninga var svært relevant for jobben han no har som arealplanleggjar i Ål kommune.

Han framhevar hyggelege og kunnskapsrike fagtilsette ved høgskulen. Miljøet er godt og det er lett å få hjelp og nå dei rette fagtilsette. Det var også positivt med alle ekskursjonane!

Jan Petter framhevar også studiekvaliteten på landskapsplaneggingsstudiet.


 

Oppdatert 01.10.05 av Leif Hauge