NB! Opn fila i nytt vindauge dersom du ynskjer å
bruke heile skjermen. Dette gjer du
enklast ved å trykke på høgre musetast med peikar på linkteksten og deretter
klikke på nytt vindauge. Alternativet
er å ta opp dokumentet naturkultur frå underteikna si nettside
http://www.hisf.no/anf/nfl/Leknes/kurs/index.htm ved å skrive inn eller ved å
kopiere og lime inn nettsideadressen.
UNDERVISNINGSKOMPENDIUM ANF /2004
SKOGEN OG LIVET DER I NOTID OG
FORTID
INGVAR
LEIV LEKNES
AVDELING
FOR NATURFAG
FORORD (Les forordet nøye)
Dette undervisingskompendiet inneheld ein del utvalte tema for faget
Naturfag med miljølære for førskulelærarling, 1 klasse (
Sogndal, 26. november 2003
Ingvar Leiv Leknes
Skogen
Oppbygnad
og funksjon
Økosystemet skogen er mennesket sitt eige
økosystem dvs. dei nære forløparane til
menneskearten vart utvikla i dette økosystemet. Mennesket har også ei rekkje
karakteristisk eigenskapar som er nedarva frå
skoglevande forløparar for arten, t.d. eit svært godt syn og veltilpassa
gripehand. Det er framfor alt
økosystemet skog\kulturlandsskap som barn først lærer å kjenne og som dei har
lettast for å forstå. Det er derfor naturleg
at ein i skulen legg meir vekt på økologi og artslære for skog\kulturlandskap
enn for hav og innsjø, i alle høve på
dei nedre klassestega.
Økologi
er læra om samspelet i naturen. Økosystem er samling av ikkje-levande og
levande delar som er knytte saman med krinsløp
Ikkje-levande
delar (abiotiske delar): Sollys, varme, luft (nitrogen, oksygen, karbondioksid, vassdamp
og edelgassar), fjell, stein, mineralpartiklar og vatn.
Levande
delar (biotiske delar): a) produsentar (t.d. bjørk, kvitkløver,
etasjemose, reinlav), b) forbrukarar
(t.d. bladlus, marihøne, lauvmeis, spurvehauk, hare, rev), c) nedbrytarar (dekompositørar: t.d.
bakteriar, sopp, rundmakk, springhalar, midd, skrukketroll, meitemakk).
Næringskjede er ei forenkla oversikt over kven som
lever av kven i økosystemet.
Døme:
bjørk - bladlus - marihøne -
lauvmeis - spurvehauk

Figur 24. Figuren viser ein næringspyramide for
næringskjeden sauesvingel-sau-menneske.
I gjennomsnitt blir berre 10% av tilført energi lagra hos mottakaren.
Ein går her utfrå at det er like mykje
energi per kg vev i alle organismane. I
røynda er skilnaden stor.
I gjennomsnitt reknar ein at berre
10% av den energien som vert tilført
eit ledd i næringskjeden, blir lagra i organismen. 90% av energien blir i så fall brukt til
oppvarming av kroppen og til indre og ytre arbeid eller er lagra i
avfallstoffa.
Døme på energi i avfallstoff: Menneske kan ikkje bryte ned cellulose til
druesukker. Cellulosefibrane i maten
passerer derfor gjennom mage-tarmkanalen utan å bli nedbrotne, og mykje av
energien i plantekosten blir såleis
ikkje utnytta av menneske.
Energiforholda i næringskjeden ovanfor
kan på ein svært forenkla måte
uttrykkast slik: For å produsere l kg spurvehauk, trengst det
I røynda er det svært stor variasjon i
energiutnyttingsevna frå art til art.
Nokre vekselvarme rovdyr kan
såleis lagre opp til 35% av tilført
energi, medan ein del små varmblodige planteetarar berre greier å lagre 0,1% av
tilført energi.
Tal individ for artar langt til høgre i
næringskjeden er alltid lågt. Årsaka
til dette er energimengda som er tilgjengeleg for desse artane er lita. Dessutan er individa hos desse artane ofte
store grunna at dei er rovdyr. Slike
dyr treng stor kropp for å greie å fange og drepe andre dyr. Spesielt gjeld dette for rovdyr som lever av
andre rovdyr.
Næringsnett er ei forholdsvis nøyaktig
oversikt over kven som lever av kven i økosystemet.
Dei fleste soppane i barskogen lever i
symbiose med trea. Om lag 90% av
symbiosesoppane i ein slik skog er slørsoppar.
Symbiosesoppane manglar enzym for nedbryting av cellulose og
lignin. Dei tek opp monosakkarid t.d. druesukker frå røtene på treet. Dei leverer ein del mineral, m.a. nitrogen-
og fosforsambindingar til treet. Ein
del av soppartane i skogen lever i symbiose med berre ein art. Ospeskrubb lever såleis berre i ospeskog og
lerkesopp berre i lerkeskog.
I ein tett lauvskog med fullt utvikla
lauverk er lysmengda ved bakken berre 5% av lysmengda som treffer
tretoppane. Når slik skog har lauv, er
det berre skuggetolande planter som kan vekse i skogbotnen. Før skogen får lauv dvs. tidleg om
våren, kan imidlertid ei rekkje
lyskrevjande vårplanter vekse og danne blomar i ein slik skog. Døme på slike planter er kvitveis, vårkål,
gullstjerne og liljekonvall. I
barskogen derimot, er det temmeleg mørkt ved bakken heile året. I skogbotnen veks det her skuggetolande planter som
blåbær, maiblom, skogstjerne, gauksyre og små bregner. Gauksyrer kan vekse på stader som berre får
1-2% av dagslyset. I mørke granskogar
veks det også skyggetålande moseartar, først og fremst etasjemose, fjørmose,
sigdmose og furumose. Slike mosar er
ikkje vanlege i lauvskogen då dei her
ikkje får nok lys om hausten grunna lauvdekket på bakken.
Lufttemperaturen i skogen er
gjennomgåande lågare om dagen og høgare om natta enn i ope terreng. I løpet av eit døger varierer såleis
temperaturen mindre i skogen enn på ei opa flate. Når vinden treffer skogstrea, blir den
betydeleg dempa og derfor langt svakare
inne i skogen enn utanfor. Dette er spesielt tydeleg i ein tett
granskog. Vassdampen frå plantene og trea i skogen blir derfor gjerne
verande i lufta i skogen i lang tid dvs. skogslufta er meir fuktig enn
lufta i nærliggjande ope terreng. Det
faktum at skogstrea skjermar skogbotnen mot solstråling hindrar også at
skogbotnen vert uttørka.
Nedbrytarkjedar
Gran -
sopp - snegl - svarttrast -
hønsehauk
Gran-
sopp - insektlarve- hakkespett
- hønsehauk
Jordsmonnet er den delen av av
jordlaget som er blitt påverka av klima,
vegetasjon og dyr. Tjukkleiken på jordsmonnet kan variere frå noke centimeter
til over ein meter. Strøsjiktet dannar
øvste laget i jordsmonnet. Det består
av bar, blad, kvistar, bark, visne planter o.l. Under strøsjiktet ligg humuslaget som
består av omdanna strø. I næringsrik jord med rikt dyreliv i
jorda, er humusstoffa blanda med underliggjande
mineraljord. Slik jord med innblanda
humus blir kalla mold.
Nedbrytingsprosessen i jord er svært
komplisert og per i dag forstår ein berre delvis kva som skjer under
nedbrytinga. Ein liten del av
nedbrytinga er fysisk dvs. uavhengig av levande organismar. Ein del lettløyselege stoff i det rotnande
materialet blir såleis vaska ut vha. regnvatn. Materialet kan også bli oppdelt av vind
eller grunna frysing og tining. Den
største delen av nedbrytinga skuldast imidlertid levande organismar. Det er først og fremst sopp og bakteriar som
gjer nedbrytingsarbeidet då desse organismane inneheld enzym som er i stand til
å bryte ned store og kompliserte molekyl
av typen cellulose og lignin.
Dei viktigaste dyra i skogbotnen er spretthalar og midd. I ein granskogbotn med blåbærlyng er det
ofte nesten 100 000 spretthalar og 500 000
midd per kvadratmeter.
Imidlertid viser nyare forsking at desse dyra i liten grad et på det
rotnande materiale, men at dei beiter på
sopp. Soppen blir imidlertid stimulert
av beitinga til rask vokster og til å blir effektiv nedbrytar av døde
organismar. Smådyra spreirer også sopp
og bakteriar til alle delane av jordsmonnet.
Alt i alt er såleis både spretthalar og midd nødvendige og viktige for
ein rask og effektiv nedbryting av strølaget i skogbotnen.
Generelt reknar ein at i godt jordsmonn
med forholdsvis høg pH er bakteriane ei svært viktig nedbrytargruppe. I dårlegare jordsmonn med lågare pH derimot,
er sopp svært vanleg. Aktiviteten til
både bakteriar og sopp er sterkt nedsett i både tørr og vassmetta jord. I
Norge er det såleis oftast størst mikrobiologisk aktivitet i jordsmonnet
om våren og hausten.
Når surleiksgraden i jordsmonnet endrar
seg , endrar også artssamansetninga hos dyra i jordsmonnet seg. Mengda av hormidd går såleis opp i
jordsmonnet dersom pH går ned. På same
tid vil mengda av prostigmate middar gå ned.
Tilsvarande aukar mengda av spretthalearten Mesaphorura yosii når pH går ned, medan populasjonane av ein
del andre spretthaleartar blir
reduserte.
Jordsmonnet i lauvskogen er ofte moldrikt
med pH-verdi opp til 6,0. Under molda
finst eit sjokoladebrunt eller gråbrunt mineraljorlag. Jordsmonn av denne typen blir kalla brunjord
og dekkjer om lag 15% av den norske skogsmarka.
I barskogen er humuslaget surt (pH 3,7-4,5) grunna sure nedbrytingsstoff frå
barstrøet. Dei sure stoffa vert frakta
nedover i jordsmonnet med regnvatn.
Det skjer då kjemisk forvitring i øvre mineraljordsjikt dvs.
salt av m.a. jern og aluminium
vert løyste opp og frakta djupare ned i
jorda med regnvatnet. Til slutt er det
praktisk talt berre kvartsmineral og feltspatmineral igjen i det øvre
mineraljordlaget, som derfor har ein lys
farge og vert kalla bleikjord.
Dei utvaske salta fell imidlertid
ut i eit lag under bleikjorda, og ein får her danna rødbrun jord, rustjord.
Jordsmonnet i barskogen vert kalla podsoljord.
I mark som er vassmetta største delen av
året, vert danninga av mold sterkt hemma grunna oksygenmangel, særleg dersom vatnet er stilleståande. Det veks gjerne torvmosar og starr på slik
mark og det vert danna torv. Slikt
jordsmonn vert kalla sumpjord.
Nakenfrøingar
Bartrea høyrer til gruppa
nakenfrøingar. Desse skil seg frå
plantene nemde ovanfor ved at dei produserer frø. Frøblada hos nakenfrøingane
ligg ikkje rundt frøa, dvs. frøa er nakne.
Pollenkorna er opphaveleg sporar, men desse utviklar seg til
gametofyttar i sporehusa. Desse har ei
sædcelle.
Nakenfrøingane i Norge dvs. bartrea har
vindbestøving. Dei produserer enorme
mengder med pollen dvs. blomsterstøv.
Praktisk talt alt blomsterstøvet går tapt, dvs. det treffer ikkje arret
i hoblomane. Pga. den enorme
pollenmengda fungerer vindbestøvinga likevel i praksis, dvs. minst eitt
pollenkorn treffer arret i hoblomsten og fester seg der.
Om våren kan ein ofte sjå eit gulaktig
lag av bartrepollen på bakken eller på dammar og innsjøar.
I hoblomsten utviklar ein annan type
sporar seg til gametofyttar som inneheld ei eggcelle. Når pollenkorna kjem inn i hoblomsten, nærmar
dei seg først eggcella ved å flyte opp gjennom ein væskedråpe, og deretter
utviklar det seg ein pollenslange som veks bort til eggcella, som så blir
befrukta. Den befrukta eggcella
utviklar seg til eit lite foster, som er omgjeve av opplagsnæring. Det er såleis blitt utvikla eit frø.
Hos nakenfrøingar av typen gran og furu
sit frøet i enden av ei forholdsvis store venge. Frøet roterer derfor under fallet mot bakken,
dette aukar falltida slik at sjansen for at vindstrumar skal frakte frøet bortover
aukar. Hos einer derimot dannar
kongleskala (3 stk.) ein kuleforma, lukka
struktur omkring frøet.
Kongleskala er grøne i eit par
år, men får så eit vokslag slik at dei ser blå ut. Dermed kan fuglar, t.d. orrfugl og
storfugl lettare bli oppmerksame på
denne matkjelda, og frøa kan bli spreidde langt avgarde.
Gran, furu og einer inneheld mykje
eteriske oljar, m.a. i harpiksen. Nålar og materialet frå slike treslag har
derfor ei karakteristisk lukt. Ved
barksår vert sårflata dekt av seig væske frå harpikskanalane, når dei eteriske
oljane fordampar frå sårflata stivnar væska og dannar ei skorpe på såret som
vern mot sopp og andre mikroorganismar.
Slikt skorpemateriale vert ofte kalla kvae (fossil kvae vert kalla
rav). Einer inneheld såpass mykje
harpiks og eteriske oljar at
gjerdestolpar laga av dette treslaget
kan vere motstandsdyktige mot rotning i
fleire år. Her fungerer såleis desse
stoffa som impregneringsmateriale.
Granfamilien
Vanleg furu (Pinus
sylvestris): Furu er lyskrevjande og
står derfor etter måten glissent. Er det
for mykje skugge blir baret tynt. Veks
etter måten fort dei første åra. Kan bli
gammal, minst 600 år. Er svært nøysam
med omsyn til næringsinnhaldet i jorda.
Har stor tilpassingsevne. Finst
på heilt ulike stader, frå dei tørraste berglende til mosemyrar og til dei
bese jordartane. Furu har pelerot som
kan gå 3-
Furu eignar seg godt som tuntre, då den blir svært gamal og har djup pelrot
som hindrar rotvelt. I hagar vert furu imidlertid ofte for
stor. Det er derfor innført ei rekkje
utanlandske furuartar, som i stor grad vert planta i hagar og
parkanlegg. Japansk buskfuru (Pinus
pumila) forgreinar seg sterkt og
legg seg utover bakken og vert ofte berre
Gran ( Picea abies): Gran er svært lite lyskrevjande og kan derfor
utkonkurrere praktisk talt all anna skog.
Liknar såleis på bøk. Gran krev
næringsrik jord for å vekse godt. Veks
først seint, men byrjar med rask vekst når den har nådd knehøgd. Kan bli opp til 400 år. Hobomstrane sit i
enden av førre års sideskot, dei ser ut som små, rødlege konglar med spissen
oppover. Hannblomstrane er noko mindre
og sit litt innanfor og nedanfor
hoblomstrane; dei er først raude, seinare mest gule. Under blomstringa sit hoblomstrane opprette med sprikande kongleskal. Etter bestøvinga lukkar kongleskala seg, og
stilken bøyer seg slik at konglane blir hengande. Rotsystemet hos gran er grunt og breier seg
flatt utover. Gran er derfor utsett for rotvelt i storm og uvêr.
Den er mindre turketolande enn furua.
Barnålene hos gran er forholdsvis korte og sit enkeltvis. Gran lever i symbiose med sopp t.d. ekte
riske. Blir i stor grad brukt i brukt i cellulose– og papirproduksjonen og som
byggmateriale i hus, spesielt som standarar og ytre bordkledning. Vert også brukt som flis, strømateriale og
ved, t.d. spon- og hunmaterialet frå sagbruka.
På Vestlandet fins viltveksaande gran på
Voss og i Romsdalen, elles berre enkeltståande tre innerst i nokre av
fjordane. Det er planta mykje gran på
Vestlandet.
Sitkagran
(Picea sitchensis) har
mørkegrøne, stive nåler med sølvfarga
underside. Arten er blitt utplanta langs
kysten der den trivst godt. Trea veks
fort og vert 20-
Kvitgran og kjegelgran
er rasar av Picea glauca. Førstnemde rase vert brukt som
leplante. Denne grana blir mindre enn
vanleg gran og toler godt kystklima.
Kjeglegran har som namnet viser, kjegleform. Den vert sjeldan over
Lerketrea (Larix) har mjuke nåler som gulnar og fell av om hausten. Treslaget forsvant frå Norge etter siste
istid, men er i dag utplanta i mange område. Nålene sit enkeltvis på endeskota,
medan dei elles er samla i grupper. Konglar
med frø fell av trea. Europeisk
lerk er det vanlegaste lerkeslaget i Norge.
Ein stor del av Sibir er kledd med sibirsk lerk, materiale frå slik lerk
blir i dag importert til Norge. Dette
treslaget inneheld svært mykje harpiks og oljar i kjerneveden, som derfor er
meir motstandsdyktig mot rotning enn noko anna tremateriale. Også europeisk lerk inneheld mykje harpiks og
eteriske oljar.
Sypressfamilien
Einer er det mest utbreidde bartreslaget
på jorda. I Norge er einerarten Juniperus communis svært vanleg frå
låglandet og til fjellet (
Einer
inneheld forholdsvis mykje eteriske oljar og ein god del harpiks. Den karakteristiske einerlukta skuldast desse
stoffa.
Einer veks seint og det er hevda at den
kan bli over 2000 år gammal. Dei største
einerane her i landet er likevel langt frå så gamle. Veden er både sterk og bøyeleg, og held seg
godt. Einer har blitt mykje brukt til
gjerde- og hesjestaur. Einerbær blir brukt til å sette smak på brennevin (gin,
genever) og som krydder i sausar, viltrettar, silderettar og grønnsaker. Dei har også blitt brukte som medisin m.a.
som urindrivande middel, mot mageverk, tannverk og urein hud. Avkok av einerbark vart kalla brisklåge eller
einerlåge, og vart brukt som tilsettingsmiddel i øl, vaskemiddel og medisin mot
feber og gikt. Bast frå einerbark vart
brukt til reip og matter.
Einer er det
bartreet som veks lengst mot nord og
høgast til fjells, og kan bli opp
til 2000 år. Veden er seig, sterk og varig. Einerstammar høver godt som
gjerdestolpar. Den er også eit godt
brensel. Nålene dannar kransar med 3
nåler i kvar krans. Einer er særbu,
blomane hos hannbuskene er gule, medan dei er grøne hos hobuskene.
Einer har spela ein større rolle i
folketrua enn noko anna treslag. Store
søyleeiner vart såleis i gamal tid ofte rekna for heilage. Generelt vart einer brukt mot overnaturlege
vesen av ymse slag. Den vart også brukt
mot naturlege vesen t.d. rødrev. Nokre stader fekk såleis lamma einerbær før
dei vart sleppte på fjellet som vern mot rovdyr.
Ein har i dag avla fram fleire ulike
rasar vanleg einer. Ulikskapane går
først og fremst på form, særleg ymse
typar søyleform. Døme på slike rasar
er: Bukken Bruse frå Gaular i Sunnfjord er ein slank einer med spiss søyleform, Erik frå Kyrkjebø i Sogn har sigarform, Oskeladden frå Kråkstad i Akershus har tett,
slank søyle, Smørbukk frå
Hardangervidda (
Krypeiner
(Juniperus horizontalis) har
greiner som breier seg flatt utover jord, steinar og fjellknausar. Den blir derfor ofte berre 20-
Dekkfrøingar
Hos desse plantane er frøet dekt av ei
frukt. Karakteristisk kjenneteikn elles er meir eller mindre velutvikla blomar
med støvveg (fruktknute, griffel og arr) og støvberarar med støvknapp.
Generelt har dekkfrøingblomen kronblad
med dekkblad (begerblad) under.
Begerblada har som funksjon å verne kronblada, særleg når blomen er
lukka. I motsetnad til hos nakenfrøingar
og karsporeplanter, skjer befruktinga her utan vatn. Pollenslangen veks heilt frå arret og til
eggcella.
Øverst går
stengelen over i blomsterbotnen.
Denne kan i meir eller mindre grad danne ein krukkeforma struktur rundt
fruktknute og arr. Kronblada er
festa langs kanten av denne strukturen. Dersom blomsterbotnen er relativt flat,
bøyer ein del oppover eller mykje oppover er blomen såleis høvesvis
undersitjande,
kringsitjande eller oversitjande.
Figur 25. Skjematisk framstilling av ein
gjennomskoren blome. Dekkblada vernar
blomen. Støvknappane inneheld pollenkorn og er festa til
blomsterabotnen vha. støvtrådane
(st). Støvvegen består av
arr, griffel (gr) og fruktknute (fk).
Hos planter som vert bestøva av
insekt, er kronblada til vanleg både store og fargerike for at insekta lett skal
oppdage planta.
Det som først og fremst skil
dekkfrøingane frå alle andre planter er at dei har vedrør og silrør i stilken
eller stammen.
Vedrøra leier vatn og næringssalt frå
rota og til blada og blomane. Dei
består av døde, harde celleveggar som dennar rørforma strukturar. Ribber og kammar på overflata av røra
fungerer som forsterkningar. Vedrøra som
blir laga om våren, er vide og vårveden er derfor lys og lett. Vedrøra som blir laga om hausten, er tynne,
og haustveden er derfor mørk (årring). I
vedrøra er det ein tynn væskestreng, som blir dregen mot blada når det dampar
vatn bort frå blada. Væskestrengen er
under strekk, og den raknar ikkje då vedrøra er svært trange og det er kraftige
hydrogenbindingar mellom vassmolekyl og mellom vassmolekyla og molekyl i
vedrørveggen. I dei høgste trea på jorda
er desse væskestrengane over
Figur 26. Venstre figur viser del av vedrør som er
gjennomskore på langs. Rørveggen består av dødt, hardt material og har
forsterkingslister (fl) ytterst. Høgre
figur viser del av silrør som er gjennomskore på langs. Silrørholrommet er
eigentleg saftrom i silrørceller,
og desse romma er skilte frå kvarandre vha. silliknande struktur (si).
Silrørcellene er levande, men manglar cellekjerne. Imidlertid er dei alltid omgjevene av
følgeceller som har kjerne, og ein trur at sistnemde celletype utøver kjernefunksjon for silrørcellene.
Silrøra leier sukkerløysning frå blada
til rot og blomar. Silrøra består av levande celler som dannar lange
rekker. Det er mange porar (sil) mellom
cellene, og rørsukkerløysning strøymer gjennom desse porane. Mogne silceller manglar cellekjerne, men det er mange følgeceller rundt silrøra,
og ein trur at desse hjelper silcellene med viktige livsfunksjonar, m.a.
kjernefunksjon og energiproduksjon.
Mekanismane ved rørsukkertransporten i silrøra er enno ikkje heilt
utforska. Ein viktig hypotese er som
følgjer: Eit energikrevjande pumpesystem i blada, pumpar rørsukker inn i
silrøra. Vatn strøymer så passivt etter
(osmose) frå vedrøra i området, og det oppstår dermed væsketrykk i silrøra i
blada, og sukkerløysinga vert presse inn i silrøra i stengelen og vidare til
rot og blomar/knoppar. Her vert så
rørsukkeret pumpa aktivt ut av silrøra.
Vatn følgjer passivt etter (osmose) og strøymer inn i vedrøra i
området. Hjå trea ligg silrøra i indre
del av barken. Ved ringbarking fjernar
ein såleis silrør som går til rota, og rota dør pga. energimangel.
Nervane i blada inneheld både vedrør og
silrør. Silrøra ligg nederst. Elles inneheld bladkjøttet palisadevev og
svampvev med mykje klorofyll. Overhuda og underhuda dannar bladflatene. Dei er
dekte med voks. I underhuda er det mange
lukkeceller. To og to celler er kopla saman i begge endar. Når dei er væskefylte, er det luftopning
mellom dei, og bladet tek opp karbondioksid gjennom desse opningane. Samtidig misser bladet mykje vatn gjennom
desse opningane. Det er klorofyll i
lukkecellene, men ikkje i hudcellene.
Det ser ut til at lågt karbondioksidinnhald i lukkecellene, fører til at
dei tek opp vatn, og at det dermed blir opning mellom dei. Lågt karbondioksidinnhald
i desse celle oppstår kort tid etter at dei er byrja med fotosyntese. Når det så blir opning mellom lukkecellene,
kan heile bladet drive med fotosyntese.
Hos einfrøblada dekkfrøingar er det berre
eitt frøblad hos det spirande frøet. Liljer, siv, starr og gras høyrer til
denne gruppa. Hos einfrøblada planter
er det ingen tydeleg skilnad mellom begerblad og kronblad.
Hos tofrøblada dekkfrøingar er det to
frøblad hos det spirande frøet. Dei
fleste urter og alle lauvtre i Norge tilhøyrer denne gruppa. Det er tydeleg skilnad mellom begerblad og
kronblad hos tofrøblada urter.
Tilpassing
planter
Dei ymse planteartar har høgst ulike
miljøkrav. Nokre artar er sterkt bundne
til jord med høg og jamn markfuktigheit
t.d. bekkeblom (Caltha palustris) og t.d. maigull (Chrysoplenium alternifolium), skogstjerneblom (Stellaria
nemorum) mange myrplanter, andre
krev svart, næringsrik skogsjord med frisk fuktigheit og springfrø
(Impatiens noli-tangere). Nokre artar er i tillegg nitrogenkrevjande,
særleg stornesle (Urtica dioica) , bringbær (Rubus idaeus) og geitrams (Chamaenerion angustifolium). Fleire artar er tilpasse å leve på skrinn
jord på sørvendte berg t.d. vanleg
kattefot (Antennaria dioica),
småsmelle (Silene rupestris)
og bergknappartane (Sedum sp.) I tillegg veks
t.d. torskemunn (Linaria vulgaris) og
sølvmure (Potentilla argentea) på
litt tjukkare jordlag på slike berg.
I barskogbotnen veks ei rekkje
artar som toler sur jord t.d. tyttebær
(Vaccinium vitis-idaea).
Store urter trivest best i skrånande terreng med næringsrik, fuktig
jord, og gode lys- og temperaturtilhøve.
I slikt hellande terreng er vatnet i jorda alltid i rørsle og derfor
til ei kvar tid metta med oksygen. Det
er mange store urter som trivst i eit slikt område t.d. tyrihjelm (Aconitum
septentrionale), kvitbladtistel (Cirsium
heterophyllum), mjødurt (Filipendula ulmaria), vanleg vendelrot (Valeriane
sambucifolia), og i fjellet også
kvitsoleie (Ranunculus platanifolius)
og turt (Lactuca
alpina). Ofte veks det også store
bregner t.d. strutseveng (Matteuccia struthiopteris) i slike
område. Den store planteproduksjonen i
eit slikt område fører til at jordsmonnet blir tjukt. Både markfaunaen og insektlivet er rikt i
ei slik eng av store urter.
Lauvtre
Bjørkefamilien
Bjørkeartane og oreartane er i slekt med
kvarandre og er derfor plasserte i denne familien. Dei har både hannblomar og hoblomar på same
tre, dvs. dei er sambu, og produserer store mengder pollen som blir spreidd med
vinden. Det vert danna svært store
mengder med frø, spesielt hos bjørk.
Frøa blir vanlegvis ikkje sleppte før langt ut på vinteren eller våren,
og er viktig mat for standfuglar t.d. gråsisik gjennom vinterhalvåret.
Bjørk:
Bjørkeartane er lyskrevande, dvs. dei trivest ikkje i svært tett
skog. Dei er utprega pionerartar, dvs.
dei er ofte det første treslaget som veks i eit område. Bjørk har lange,
hengande hannraklar på endane av smågreinene. Kvar hannrakel er bygd opp av
klasar av rakleskjel og støvberarar som er knytte til desse. Horaklane er
lenger inne på greinene og peikar først oppover, men heng seinare nedover. Horaklane er bygde opp av trelappa rakleskjel
med 1 støvveg (fruktknute, griffel og arr) knytt til kvar lapp. Vindbestøving. Frukta er eit not med to venger. Bjørkene
lever ofte i symbiose med sopp, t.d. rød flugesopp (Amanita muscaria). Bjørkene
leverer rørsukker til soppen, og får att vatn og næringssalt.
"Heksekostar" på bjørk skuldast ein sopp (Taphrina betulina) som gjev unormal vekst i smågreinene. Bruksområde
bjørk: Møblar, parkett, redskap, treforedlingsindustri. Bjørkeveden er temmeleg sterk og elastisk og
bra eigna for bøying. I gamle dagar vart det laga såkalla
"bjørkeolje" av bjørkenever, og denne vart brukt mot sjukdom på
husdyra. Nevra vart også brukt for å gjere torvtak vasstette. Generelt var det vanleg å tru at bjørk hadde
magisk verknad, og bjørkekjeppar vart brukt mot overnaturlege vesen. Bjørkeris vart av denne grunn også brukt som
avstraffingsreiskap.
Bjørk er eit
lyst, vakkert tre som ofte er blitt planta i tun, parkanlegg osv. Bjørk kan ta
opp store mengder vatn frå jordsmonnet i løpet av ein dag. Bjørk som veks i myrlendt terreng, vil derfor
kunne føre til merkbar opptørking av jordsmonnet slik at heile økosystemet kan
bli endra.
Låglandsbjørk, hengebjørk (Betula verrucosa) har hengande
greiner. Blada er dobbelt sagtanna, utan hår og trekantforma
med uttrekt spiss. Skota manglar
dunhår, men har harpiksvorter.
Låglandsbjørk vert derfor stundom kalla vortebjørk. Sidevengene på rakleskala
bøyer nedover dvs. dei er hengande. Frøet har breie venger (kvar venge er 2-3
ganger så brei som frøet). Hengebjørk er
vanleg i låglandet nord til Trøndelag.
Den tilhøyrer det sør-søraustlege floraelementet og er såleis
varmkjær. Den har 56 kromosom i cellene.
Vanleg bjørk, dunbjørk (Betula pubescens) finst over heile
landet. Har også blitt kalla
myrbjørk. Blada er enkelt sagtanna med
forholdsvis smale groper mellom bladtennene.
Blada har eggform og er hårete på undersida, ofte også på oversida. Sidevengene på rakleskala er oppståande og
frøvengene er 1,5 gonger breiare enn frøet.
Den har 28 kromosom i cellene.
Fjellbjørk
er etter alt å dømme ein underart av
dunbjørk med nemninga Betula pubescens tortuosa. Den særeigene
forma hos fjellbjørk skuldast i noko monn miljøet. Endeskota hos fjellbjørk er vanlegvis
dunkledde så lenge dei er endeskot slik som hos vanleg bjørk (dunbjørk). Fjellbjørk har imidlerid andre eigenskapar
som skil den frå vanleg bjørk. Blada hos
fjellbjørk er stive og glatte, med breie groper mellom bladtennene. Hos fjellbjørk er stammen ofte oppsprukken
nedst med store, mørke barkparti mellom den lyse nevra. Fjellbjørk er openbart tilpassa låg temperatur og kort vekstsesong.
Fjellbjørk går høgast til
fjells av alle våre treslag, og dannar ofte skoggrensa. Den har
til vanleg ein krokete stamme, og ofte har kvart tre fleire stammar. Denne
forma skuldast i stor grad fjellmiljøet. Store snømengder trykkjer ned
småbjørkene om vinteren, medan toppen på buskene veks og bøyer oppover
(geotropisme). Neste vinter skjer det ny
nedpressing og ny bøying.
Sluttresultatet over tid blir såleis eit tre der nedre delen av stammen
er bøygd, ofte i fleire retningar. Slike
greiner gjev mange gode reirplassar for småfuglar i fjellbjørkeskogen, t.d.
heipiplerke, bjørkefink, gråsisik, gråtrast og
rødvengetrast. År om anna er
fjellbjørk utsett for kraftige åtak av larvar av fjellbjørkemålaren som
kan drepe mange greiner på treet eventuelt også stammen. Nederst på stammen er
det imidlertid knoppar, som veks ut til nye stammar dersom hovudstammen
dør. I eit slikt tilfelle vil såleis
treet til slutt bli fleirstamma.
Dvergbjørk
(Betula nana) er buskforma
med krypande vekseform. Frøvengene er
svært smale dvs. dei dannar bordar med breidde opp til
halvparten av frøet. Blada er små (
Or: Oretrea lever i symbiose med ein
kolonidannande soppart (Schinzia alni)
som av typen actinomycetes. Soppen lever
inne i knollar på oretrerøttene og tek opp nitrogen (N2) frå lufta og produserer
nitrogensambindingar. Oretrea leverer
druesukker til soppen og får att nitrogensambindingar frå soppen. Oretrea feller grønne blad, dvs. blad som
inneheld mykje klorofyll. Klorofyll er
eit nitrogenrikt stoff, men oretrea treng altså ikkje å spare på nitrogen. Når orelauvet rotnar, vert
nitrogensambindingane i lauvet frisette og omforma vha. bakteriar til nitrøse
næringssalt (nitrat og ammonium) som plantane tek opp. Oretrea veks i frisk,
fuktig mold- eller leirjord, t.d. langs elvar og vatn. Rotsystemet toler å stå heilt under vatn ei
stund dersom vatnet inneheld oksygen.
Mykje tyder på at luftingskanalane (lentikanalane) i borken kan bli
ekstra store hos oretre som veks i spesielt funktig jordsmonn, dette for å
sikre oksygentilgongen til stammen. Unge
tre veks svært raskt. Or har lange,
hengande hannraklar på enden av smågreiner.
Innanfor sit horaklane, som er kongleforma. Vindbestøving. Frøa er dekte
med voks og har i tillegg ein kant med luftfylt vev som til saman gjer at dei
flyt. Ofte blir dei spreidde med
smeltevatnet om våren. Ortrea blir for det meste brukt til brensel, men kan
også brukast i trearbeid.
Gråor (Alnus incana) er eit svært vanleg treslag i all lauvskog. Veks langt opp etter fjellsidene. Blada har 8-10 sidenervar og spiss. Stilken
på frøkonglane er svært kort. Gråor vart
brukt som generatorknott dvs. drivstoff
i bilar her i landet under siste verdskrigen.
I gamle dagar la ein oreblad i skorne som middel mot såre føtter og
fotsveitte. I dag vert gråor hovudsakleg brukt til brensel. Nyhoggen gråorved får etter kvart ein rødleg
farge, grunna danning av fargestoffet melanin i sårflata. Stoffet blir laga
enzymatisk etter same prinsipp som på
nyskorne eple- og potetskiver, og har som funksjon å hindre at sopp og
bakteriar trenger inn i vevet.
Svartor ( Alnus glutinosa)
stiller større krav til fuktigheit jord,
og varme enn gråor. Veks derfor berre
nær elevar og vatn. Kan også vekse i
vatn. Blada har 5-6 sidenervar og manglar spiss. Ofte har blada innbukta ende. Frøkonglane har stilk. Svartor vart tidlegare brukt m.a. til tresko
og vassleidningar.
Pilefamilien
Trea og buskene i denne familien er
lyskrevjande, men hardføre. Til vanleg særbu, dvs. trea har ulikt kjønn. Dei er pionerartar.
Selje (Salix caprea): Blada manglar tenner, men
har svakt bølga kant. Det er kvite krusa hår på undersida av blada. Kravlaust
treslag. Går nesten like høgt som bjørk i fjellet. Hannraklane er gule, horaklane er
grøne. Begge vert kalla gåsungar. Raklane er bygde opp av einskildblomar. Hannblomane består av 2 støvberarar som sit
på eit nedre feste, medan hannblomen
består av ein støvveg på eit nedre
feste. I tillegg har både hann- og
hoblomen ein honningkjertel og eit hårete dekkblad. Bier og humler finn honning i seljeraklane og
spreier pollenkorn frå hanntre til hotre.Dei hårete dekkblada fører til høgare
gjennomsnittstemperatur i gåsungen og dermed redusert frostfare og raskar
blomstermoging. Fruktknuten utviklar
seg til ein kapsel med mange frø. På
kvart frø sit mange, lange og kvite hår (frøull). Når kapselen
opnar seg, vert frøa frakta langt av garde vha. vinden.
Blomsterknoppane
er mykje tjukkare enn bladknoppane.
Barken inneheld mykje salicylsyre. Seig, bøyeleg og hard ved som har
blitt brukt i smørbuttar o.l. set smak på smøret. I gamle dagar vart selje m.a. brukt til
tresko og tollepinnar. Om våren kan ein
lage seljefløyte. Det blir på den
tida laga nye og store celler i
vektstlaget mellom borken og veden. Ved
å slå på borken på fløyteemnet, vert dette cellesjiktet knust og ein kan derfor
lett trekke ut borkstykket frå emnet.
Vier: Det finst mange vierartar i
Norge. Ein del av desse liknar ein del
på selje, men dei har til vanleg bladtenner.
Svartvier (Salix
nigricans), opp til
Øyrevier (Salix
aurita), opp til
Grønvier (Salix phylicifolia), opp til
Ullvier (Salix lanata) opp til
Sølvvier (Salix glauca ) og lappvier (Salix lapponum) er forholdsvis like. Begge blir noko over
Krypvier (Salix
repens), opp til
Musøyre (Salix herbacea)
er ein ca.
Pil høyrer til same familie som vier og
selje og vert brukt som prydtre i
hagar. Sølvpil har karakteristisk
sølvfarge. Vert ofte planta på parkeringsplassar. Hengepil
har karakteristiske hengande greiner ,
medan gullpil har markerte oransjegule kvistar og stamme. Sølvpil,
hengepil og gullpil er rasar av arten Salix alba. Doggpil,
derimot, er ein eigen art, Salix daphnoides.
Kvistane hos denne arten har raud bark med blåleg dogg. Også rødpil
(Salix purpurea) har røde
kvistar.
Osp (Poplus
tremula): Blada har lang, flattrykt stilk, og kjem lett i rørsle av
vind. Er ofte særbu. Hannraklane er tjukkare enn horaklane,
dessutan er dei rødlege grunna røde støvknappar. Osp har lett for å spre seg på open mark,
spesielt fordi den lett dannar
rotskot. Slike nye planter kan vekse
svært raskt (opp til
Hasselfamilien
Hassel (Corylus avellana): Blada er store,
hjarteforma og dekte med hår. Det er
kjertelhår på bladstilken, og desse hindrar at smådyr kryp opp frå greinene og
ut på blada. Hassel er varmekjær og krev
næringsrik jord der den kan danne tette buskkratt. Arten tilhøyrer det sør-sørvestlege
floraelementet. Har lange, hengande
hannraklar på enden av smågreiner. Tett innanfor sit horaklane, som liknar på
bladknoppar, med unntak av at det stikk ein del mørkerøde blomstergriflar ut
mellom knoppskala. Vindbestøving. Hassel
har store, næringsrike nøtter som er mat for ekorn, nøtteskriker, hakkespetter,
skogmus, klatremus og menneske. Nøttene består i hovudsak av feit olje og vart
i eldre tid hausta av menneske. Veden er seig og bøyeleg og vart mykje brukt
til tønneband og som materiale i fletta
korger. Generelt er veden hos hassel
lite haldbar, men er godt høveleg som brensel når den er tørr.
Rognfamilien
Rogn (Sorbus
aucuparia): Lyskrevjande og hardført treslag, som får treform, men blir
sjeldan høgare enn
I hagar og parkar og langs vegar blir det ofte
planta asalar av ymse slag.
Sølvasal (Sorbus aria) har blad med
sølvglinsande underside.
Svenskeasal (Sorbus intermedia) har karakteristiske skarlagensraude frukter som
er større enn rognebær. Vert ofte brukt
som leplante. Kvitrogn (Sorbus
koehneana) vert også kalla kinesisk fjellrogn og har karakteristiske kvite
frukter. Storasal (Sorbus
latifolia) liknar på svenskeasal, men har større blomar og frukter enn
denne.
Rosefamilien
Hegg (Prunus
padus): Har kvite, koppforma blomstrar i klasar med sterk blomsterlukt i mai månad. Insektbestøving. Oval fruktstein i svart
steinfrukt. Fruktkjøtet inneheld mykje
garvesyre og er derfor surt. Fruktene
vert etne av fuglar som merkar lite til
garvesyresmaken og såleis spreier
steinane. Fruktsafa blir brukt til
rødfarging av vin og likørar. Både
barken, veden og fruktsteinane inneheld stoffet amygdalin, som har ei sterk og
ubehageleg lukt. I fruktsteinen kan mengda av dette stoffet komme opp i 1-2%. Når dette stoffet vert nedbroten i kroppen, vert det danna druesukker (glukose)
og blåsyre, HCN. Amygdalin har sterk lukt og når vevet vert
knust, vert stoffet enzymatisk omforma til blåsyre og druesukker Førstnemde er særs giftig med lammande
verknad på andingsorgana og nervesystemet, grunna enzymhemmande verknad i
mitokondria. Amydalin i hegg vernar desse trea mot beitande og gnagande
dyr. Hegg har også blitt brukt som
middel mot smågnagarar. Veden hos hegg er både mjuk, seig og elastisk, og vert
derfor brukt i bogtre i hesteselar og rivetindar.
Lønnfamilien
Platanlønn, tysk lønn (Acer pseudoplatanus): Opphaveleg ikkje
viltveksande i Norge. I dag forvilla.
Krev moldrik jord. Har 5 lappa blad, 8-
Spisslønn (Acer
platanoides): Naturleg viltveksande i Norge. Blada er 5-lappa, ca.
Spisslønn er ein viltveksande art i
Norge. Den får kraftig raudfarge om hausten
og er då kanskje det vakraste treet i kulturlandskapet.
Sibirlønn
(Acer ginnala) og Japanblodlønn (Acer palamatum) er
utanlandske lønnartar som blir brukte i norske hagar. Sistnemde art har mørkerøde blad
Kaprifoliumfamilien
Raudhyll (Sambucus
racemosa): Opp til
Svarthyll (Sambucus nigra) liknar i noko monn på
rødhyll, men den har kvit marg, svarte bær og flate blome- og bærklasar. Arten trivest godt ved kysten, og vert mykje brukt i hageanlegg.
Vanleg krossved (Viburnum opulus) er ei opp til
Oljetrefamilien
Ask (Fraxinus excelsior):
Krev næringsrik jord med frisk fuktigheit (dvs. oksygenrikt vatn). Krev også mykje lys og er svært ømfintleg for
frost. Sein lauvsprett og tidleg lauvfall.
Frøet har ein lang venge slik at frukta følgjer ei spiralbane når det fell. Dette aukar falltida og dermed sjansen for at
vindstraumar skal treffe frukta og føre den bortover.. Trematerialet er hardt
og vert brukt til møblar og mange slags redskap. Varmekjær art som tilhøyrer det
sør-sørvestlege floraelementet.
Bøkefamilien
Både eikeartane og bøk er varmekjære
treslag. Eik føretrekker dei lunaste og varmaste vekseplasssane, t.d. sørvendte
hellingar med urer og skredjord. Toler vind godt, blåser nesten aldri over
ende, då den har djupt rotsystem. Eik er
eit verdifullt treslag som blir brukt til møblar, golv, dørtersklar, trapper,
tønner og vinfat. Tidlegare bygde ein
store båtar av eik, og eikeskogane på Sørlandet vart derfor nesten utrydda.
Veks i Norge hovudsakleg i Vestfold. Det
er også ein eikeskog i Alversund nord for Bergen (men denne er truleg planta).
Frittståande eiketre får som regel svært tjukk og knudrete stamme og vid
krone. Slike tre kan bli svært
gamle. Oftast er dei rotne innvendig. "Kongeegen" ved Jægerspris i
Danmark er såleis ca. 1800 år gammal. Ein
del eiker i Norge har ein omkrins ved bakken på over
Eiketrea har sein lauvsprett slik som
ask. Eit gammalt ordtak er:
Sprett eik før ask, blir det plask.
Sprett ask før eik, blir det steik.
Sommareik (Quercus
robur): Blada har karakteristisk form med kort, grøn bladstilk. Blomstring samtidig med lauvsprett. Eikenøttene vert spreidde av mange slags dyr
(ekorn, nøtteskrike, skogmus, klatremus).
Vintereik (Quercus
petraea): Blada liknar på blada hos sommareik, men dei har lang, gul
bladstilk. Blada visnar og gulnar om
hausten slik som hos sommareik, men dei sit på treet det meste av
vinteren.
Bøk (Fagus sylvatica): Bøk skil seg frå dei andre treslaga i Norge
ved at den er særs lite lyskrevjande.
Den er også eit utprega skyggegjevande treslag, dvs. det er lite lys som
når ned til bakken i ein tett bøkeskog.
Dette hemmar annan vegetasjon i å vekse i bøkeskogen, med unntak for nye
bøketre. Liten plantevekst i denne typen skogbotn, kan også skuldast at bøk
har mange rotgreiner nær overflata som tek
næring, slik at nesten alle urteaktige planter forsvinner. Bøkenøttene sit 2 og 2 saman i eit mjukt,
piggete beger. Etter eit godt frøår er
marka i bøkeskogen ofte full av små bøketre.
Bøkeveden er hard og tung og vert brukt til møblar, redskap m.m. Veden
er lukt- og smaksfri og vert derfor brukt i kjøkkenredskap, ispinnar o.l. Det
er lite lavvekst på bøkestammar grunna sur bark med lite oppsprekking. Som planta tre, trivest bøk godt på
Vestlandet (t.d. i parkane i
Bergen).
Blodbøk (Fagus purpurea)
har lyse til mørkebrune eller rødfiolette blad, og fins som planta hagetre i
Norge.
Almefamilien
Alm (Ulmus glabra): Trivest best på djup, næringsrik
moldjord. Tilhøyrer det sør-sørvestlege
floraelementet, men toler meir frost enn våre andre edle lauvtre. Blada er avlange, med tydeleg spiss. Dei er skeive i den andre enden. I nødsår brukte
ein tidlegare barkemjøl i staden for eller saman med anna mjøl til brødbaking. Bark frå alm var best til dette
formålet. Slik bark vart også i stor
utstrekning brukt til dyrefor. Veden er hard
og eignar seg godt til møblar, reiskapar osv. Fruktene hos alm er mogne
og blir spreidde allereie i juni månad, vha. vinden. Frøet ligg midt i ei stor skiveforma venge.
Lindefamilien
Lind (Tilia cordata): Lind er eit varmekjært treslag som hos oss
berre veks på spesielt lune og solvarme stader.
Det tilhøyrer det sør-søraustlege floraelementet og er eit viktig park-
og allétre og har karakteristiske blomar i klasar og insektpollinering. Blada har hjarteform med tydeleg spiss i
enden. Under barken ligg seig bast, som ligg i tynne lag rundt stammen. Denne basten vart tidlegare brukt i stor stil
til framstilling av reip, matter, sekker o.l.
Veden er blaut og kastar seg lite, og vert derfor brukt som treskjeringsmateriale. Veden er spesielt lett og har derfor
blitt brukt i protesar.
Karakteristisk
for lind er at eit høgblad fungerer som propell og fallskjerm ved
fruktspreiinga (nøtter). Lind toler
mykje luftforureining og kan derfor overleve som vegrabatt-tre langs sterkt trafikkerte vegar.
Generelt om
fruktspreing
Mange tre og
planter spreier frøa vha. vinden. Delar av frukta er her utforma til sveveorgan. Hos skiveflygarane har frukta venger med
tyngdepunktet i sentrum t.d. alm og torskemunn.
Hos seglflygarane derimot er tyngdepunktet eksentrisk plassert.
t.d. bjørkeartane. Hos gran, furu og lønn er frøet slik plassert
på venga at det skjer ein rotasjon av frukta når den fell nedover. Dette aukar falltida og dermed
spreiingsevna. Slike frukter vert kalla
skrueflygarar. Også fruktene hos ask
roterer under fallet mot bakken, men pga. vengeforma og frøet sin plassering
følgjer frukta her ei spiralforma bane mot bakken. Slike frukter vert kalla
skruedreieflygarar. Hos mange urter er
sveveorgane på fruktene utforma som trådar (geiterams, tistel, myrull), fjører
(vendelrot) eller skjermstruktur
(løvetann, føllblom, svever). Slike frukter vert kalla sveveflygarar.
Store mengder
frø frå gran, furu og bjørk vert sleppte ned på snøen på ettervinteren, og vert
derfor spreidd vidare vha. smeltevatnet.
Også oretrea slepper frøa ned på snøen.
Fruktene hos oretrea har imidlertid ingen sveveorgan, men inneheld luftfylt vev og er dekte med
voks. Dette gjer at dei flyt godt på
smeltevatnet om våren og vert spreidd langt av garde med dette. Også
fruktkonglane hos oretre er dekte av voks, slik at heile konglen kan stundom
bli spreidd med smeltevatnet. Andre
kjente vasspreiarar er t.d. bekkeblom, tjørnaks, flaskestarr og piggknopp.
Sidan både gran, furu, bjørkeartane og oreartane
ofte beheld frøa over vinteren, vert desse spesielt viktige som matkjelde for både
ekorn og fuglar, t.d. sisik og meiser gjennom vinterhalvåret.
Pollinering og frøspreiing hos skogstrea
Dei
fleste trea i skogen har vindpollinering.
Slik tilfeldig pollenspreing krev at at det blir produsert enorme
mengder pollen slik at minst eitt av desse når fram til kvart arr på
hobomane. I pollensesongen er det
derfor svært store mengder pollen i lufta, noko som også kan gje allergiproblem
hos mange menneske på den årstida. Både
bartrea (gran, furu, einer) bjørkeartane, oreartane, hassel, osp, ask, alm, eik
og bøk har denne typen
pollenspreiing. Dei aller fleste av
desse er sambu, dvs. kvart tre er både hann- og hotre, med unntak for einer og
stundom også osp.
Hos
selje og vierartane derimot vert pollen spreidd vha. insekt. Desse trea og buskene er særbu, dvs. dei har
hannindivid og hoindivid, med eigen nektarkjertel ved basis av kvar blome i
blomstersamlingane (gåsungane). Også
lønneartane og lind har insektpollinering, hos lønnane ligg det ei nektarkake i botnen av kvar
blome, hos lind er dekkblada dekta av eit tynt nektarsjikt.
Rogn
og hegg har klasar med kvite blomar med sterk lukt. Hos rogn er blomsterlukta kvalmande for
menneske, men den svekkes raskt med
avstanden frå blomen som hovudsakleg blir besøkt av fluger, t.d. blomsterfluger. Blomsterlukta hos hegg vert ofte oppfatta som
behageleg av menneske; blomane vert
hovudsakleg besøkt av fluger og bier.
Den kvite blomsterfargen hos desse treslaga gjer at blomane er godt
synlege for insekta også om natta. Generelt produserer insektpollinerande
treslag lite pollen, då spreiinga av dette er svært mykje sikrare enn ved
vindpollinering. Slike treslag er
sjeldan allergiutløysande, i alle høve ikkje utandørs. Men luktstoffa kan stundom gje
ubehagreaksjonar, t.d. dersom ein tek heggekvistar med blomar inn i eit rom på
ein varm dag.
Også
frøa dvs. fostera og nærinsstoffet rundt desse og vert spreidde med vind eller
dyr hos skogstrea. Hos bartrea ligg
frøa i utgangspunktet i ein kongle. Hos
gran og furu er ein vengeforma del av konglen festa til frøet, som elles er
nakent (nakenfrøingar), dvs. det manglar frukt. Når frøet losnar frå
konglen, roterer det i lufta grunna
vengen, noko som aukar falltida slik at sjansen for av vindar skal frakte frøet
bort frå mortreet aukar. Hos hoplantene
hos einer dannar kongleskala (3 stk.) eit skal rundt frøet, dette er først
grønt, men får eit vokslag andre året slik at det ser blått ut. Dermed vert det lett synleg for fuglar, t.d.
orrfugl slik at dei kan bruke slike konglar som mat. Frøa ligg i fugleekskrementa og kan spire i
desse, langt borte frå morplanta.
Dei
andre skogstrea har imidlertid frukter, dvs. fruktsekken ligg rundt frøa, ofte
i ein sterkt omforma tilstand; slike tre tilhøyrer dekkfrøingane. Hos hegg er indre delen av fruktsekkveggen
blitt hard, medan ytre delen er blitt mjuk, saftig og svart; slike frukter vert
kalla steinfrukter. Fruktene hos hegg
vert spreia vha. fugl, t.d. gråtrost.
Hos hassel, eik og bøk derimot er heile fruktknuteveggen blitt hard og
dannar eit skal rundt frøet, slike frukter vert kalla nøtter. Dei blir spreidde vha. mus, ekorn og nokre
fugleartar t.d. nøtteskrike. Ekorn kan
hamstre t.d. hasselnøtter og grave dei ned; dei kan i så fall få gode
spireforhold. Nøttene hos lind dannar ein klase, denne blir spreidd vha.
vinden; eit høgblad på klasestilken har her fått vengefunksjon. Også hos bjørkeartane, lønneartane, alm og
ask har nøttene venger og blir spreia vha. vinden. Hos bjørkeartane ligg frøet litt framfor sentrum
i vengesystemet, slik at det dalar ned gjennom lufta som eit seglfly, hos lønn
roterer frøet under fallet, hos alm ligg frøet i sentrum av venga slik at det
flyt på luftstrauma (skiveflygar), medan frøet fell i ei spiralforma bane hos
ask. Det er imidlertid ytterst få av desse frøa som spirer då dei ikkje kjem
i kontakt med jordsmonn slik at røtene kan utvikle seg. Dersom t.d. eit bjørkefrø fell ned i
fotsporet etter ein hjort i fuktig jord, vil det truleg kunne spire, men det
kan ikkje spire på steingrunn, tørre grasmatter o.l. Store mengder slike frø kan også hamne i
innsjøar, elvar og i fjordar og til slutt rotne. Nøttene hos oretrea er dekte med voks, og
har ein borde fylt med luftrom. Dei kan
derfor flyte i vatn, og blir ofte sleppte på snøflater og spreidde med
smeltevatnet langt avgarde om våren. Hos
rogn er ytre delen av den krukkeforma blomsterbotnen blitt rød, mjuk og saftig
om hausten, medan fruktsekkveggen danna eit tynt sjikt rundt frøa. Tilsvarande fruktutvikling finn ein hos
epler, nyper og jordbær; slike frukter vert kalla falske frukter. Rogn er eigentleg ein nær slektning av eple,
og har som denne eplesyre i fruktene.
Hos rogn vert eplesyra verande i fruktene langt utover hausten, slik at
dei heile tida er svært sure. Dei vert spreidde effektivt vha. fugl, spesielt
gråtrost, men først seint på hausten, tidleg vinter når slike fuglar ikkje finn
annan og betre mat. Hos selje,
vierartane og osp vert det utvikla mange tynne trådar i eine enden av frukta,
som såleis blir så spreidd med vinden ved at trådane fungerer som sveveorgan.
Insekt
er såleis viktig for pollinering hos treslaga, men ikkje for frøspreiinga. Imidlertid finst det mange urter t.d.
marimjeller, lerkespore osv. der frøa har eit oljeaktig vedheng som er mat for
maur. Hos slike urter der derfor insekt
viktige både for pollinering og frøspreiing.
Generelle
merknader om treslaga
Mange treslag inneheld harpiksar. Dette er ei blanding av organiske sambindingar med middels til stor molekylmasse. I hovudsak består harpiks av aromatiske syrer, alkoholar og fenolar. I tillegg er det ymse typar esterar som er blitt danna med utgangspunkt i dei aromatiske syrene og alkoholane. Harpiks vernar trea både mot skadeorganismar og uttørking. Eigenvekta på veden hos dei ymse treslaga varierer mykje. På neste side er gjeve ei oversikt over vekta i kg per liter ved for ei rekkje treslag når det er 15% fuktigheit i veden:
Gran................0,47
Osp.................0,49
Lind................0,50
Furu................0,52
Gråor...............0,52
Selje...............0,53
Svartor.............0,55
Hegg................0,62
Bjørk...............0,63
Lønn................0,63
Rogn................0,64
Einer...............0,64
Hassel..............0,65
Alm.................0,68
Ask.................0,69
Eik.................0,69
Bøk.................0,70
Osp og bøk er såleis høvesvis det
lettaste og tyngste lauvtreslaget på denne lista. Både gran og furu har lett ved.
Furu
og gran har harpiksproduserande celler.
Harpiksstoffet blir lagra i kanalar i alle delar av treet, og er då
relativt tyntflytande. Når treet blir
skada i overflata, dampar terpentin (eterisk olje) bort frå harepiksen i
området, og den resterande delen blir derfor hard og dannar skorpe på såret. Størkna harepiks blir ofte kalla kvae. Hos bjørk finst det harpiks m.a. i nevra.
Vekstlaget
hos trea ligg mellom borken og veden. Om
våren er det stor celledelingsaktivitet i dette laget, som då etter kvart får mange
unge, tynnvegga celler. Desse cellene er svake, og ein kan derfor i denne
perioden lett rive barken av trea. Når
ein lagar seljefløyte, bankar ein på emnet slik at desse cellene blir knuste. Borken losnar dermed frå veden. Bjørk har også eit tilsvarande vekstlag
mellom nerva og borken. Nerva kan derfor
lett trekkast av i denne perioden.
Når trea har nådd ein viss alder, vil den
sentrale delen av stammen hos mange treslag slutte å vekse. Denne delen tørkar så gradvis ut og vert då
kalla kjerneved. Den har ofte mørkare
farge enn veden utanfor pga. mørke fargestoff.
Hos m.a. furu hindrar desse stoffa sopp- og insektåtak. Kjerneveden hos furu vert kalla malme eller
al. Kjerneveden hos gran er fargelaus.
Nokre få treslag m.a. bjørk manglar kjerneved.
Generelt er veden utanfor kjerneveden
aktiv og fører vatn frå rota til krona på treet. Denne veden vert kalla yteved. Hos furu vert den dessutan kalla splintved
eller geite.
Utanfor yteveden ligg borken som innanfrå
og utover består av følgjande komponentar: Kambium (vekstlag), silrørlag,
primærbark og korklag. Det sistnemnde
laget hindrar uttørking.
Karakteristiske
planter i nærmiljøet
Reinfann (Chrysanthemum
vulgare) er ei opp til
Har vore brukt i folkemedisinen, oftast
som avkok eller te mot fordøyingsvanskar og innvollsormar hjå både folk og fe.
Planta har god lukt, og har vore brukt som parfyme.
I dag er planta mest kjent som
fargeplante. Rota gjev vakker grøn
farge, blada gulgrøne fargar og blomstrane gyllengul eller oransjegul
fargetone.
Prestekrage (Chrysanthemum
leucanthemum) er opp til
Kurvane vert brukt av born i ymse leikar.
Prestekrage er komen frå Austlandet til Vestlandet i såfrø.
Kvitveis (Anemone nemorosa) har ein kraftig,
næringsrik jordstengel og kan derfor blomstre tidleg om våren. Frå jordstengelen går det vanlege røter
nedover i jorda.
Gullstjerne (
Gagea lutea) har lauk med opplagsnæring og kan derfor blomstre tidleg om
våren. Ein lauk er eigentleg ein kort
og tjukk stilk med mange tjukke, saftige blad.
Gullstjerne veks først og fremst på våtlendte stadar.
Geiterams (Chamaenerion
angustifolium) er ei opp til
Burot (Artemisia vulgaris)
er opp til
Mjødurt (Filipendula
ulmaria) er ei opp til
Vendelrot (Valeriana
sambucifolia) er ei opp til
Sløke (Angelica sylvestris)
er ei opp til
Ryllik (Achillea
millefolium) er ei opp til
Firkantperikum (Hypericum
maculatum) er opp til
Gulmaure (Galium
verum) og kvitmaure (Galium
boreale) inneheld 2 røde fargestoff i røttene. Røter frå desse artane har derfor blitt
brukte til å farge garn rødt.
Stornesle (Urtica
dioeca) er ei opp til
På
Austlandet har nesleplanta i stor grad blitt brukt til dyrefor, særleg til
gris. Elles har den over heile landet
blitt brukt som medisinplante, m.a. mot
gikt og luftvegssjukdomar. Nesle har
også blitt brukt som tekstilplante.
Stilken inneheld tynne, sterke bastfibrar. Bastfibrane i neslestilkane
har vore brukte til å veve tøy av, og planta vart dyrka for dette formålet.
Allereie i steinalderen vart det laga fiskegarn av neslebasttrådar. Nesle er kjent for å stikke eller brenne
hud. Over heile planta er det små, harde
kiselnåler som endar innerst i ei blæreliknande celle fylt med etsande,
proteinrik væske. Denne inneheld mellom anna maursyre, eddiksyre, acetylcholin
og histamin. Det er først og fremst
histaminstoffet som fører til at det vert danna røde blemmer på menneskehud når
den har vore i kontakt med neslehår.
Nåla har kuleforma spiss, og ved lett berøring brekker denne av og nåla
går inn i huda. Den etsande væska vert
så ført inn i huda. Brennhåra vernar planten mot beitande dyr. Hos stornesle finst hann- og hoblomar på
forskjellige planter, dvs. stornesle er særbu.
Frøa inneheld store mengder olje.
Høymol (Rumex longifolius)
er ei opp til
Generelt
inneheld plantene i syrefamilien t.d. engsyre mykje C-vitamin og ein god del
oksalsyre. Sistnemde bind seg kraftig til kalsiumion (Ca2+) og det
vert danna eit kvitt, krystallinsk stoff, kalsiumoksalat. Sidan kalsiumion er nødvendige for
finreguleringa av muskulatur- og nervesystem, kan inntak av større mengder
friske syreblad føre til dysfunksjon i desse systema. I tillegg kan det bli
utfelt kalsiumoksalatkrystallar i nyrene og desse kan gje nyreskade.
Gjetartaske (Capsella bursa-pastoris) skil seg frå
dei fleste planter ved at den inneheld biogene amin, særleg acetylcholin,
thymin og histamin. Førstnemde stoff
finst også i nerveendar i skjelettmuskulatur og glatt muskulatur hos pattedyr
og menneske, og drogen frå gjetartaske vert derfor brukt som livmormuskelkontraherande
middel.
Kvitbladtistel (Cirsium
helenioides) er ei opp til
Myrtistel (Cirsium
palustre) er opp til
Blåklokke (Campanula
rotundifolia) er ei velkjent plante i nærmiljøet. Den tilhøyrer klokkefamilien og er svært
vanleg i heile landet. Somme planter
har berre 1 klokke andre har fleire.
Klokka har blå farge og består av store samanvoksne kronblad med
begerblad ved stengelfestet. I blomsten
er det 1 støvveg og denne er i utgangspunktet dekt av lange støvberarar. Desse blir mogne før det blir utvikla arr på
griffelen. Blomsterstøvet vert til
vanleg frakta ut frå blomen og til andre blåklokkeplanter vha. insekt t.d. humle,
som finn nektar i blomsterbotnen. I
dårleg ver vert klokka også brukt som opphaldsstad av insekt. Frukta er ein hengande kapsel med 3 rom. Det
oppstår eit holrom i veggen øverst i kvart rom.
Ved sterk vind vert frøa kasta ut av kapselen og spreidde forholdsvis
langt avgarde med vinden.
Engsoleie (Ranunculus
acris) har store, gule blomar og er svært vanleg både i låglandet og i
fjellet. Den tilhøyrer soleiefamilien. Kronblada hos engsoleie og nærståande
artar, har karakteristisk skinnande gulfarge.
Det skuldast at cellene i overhuda på kronblada er fylte med gul olje,
og at det under dette laget ligg kvite celler.
Dei sistnemnde celler er kvite fordi dei er stappfulle med stivekorn. Laget med kvite celler fungerer som eit
lysreflekterande lag som gjev kronblada sterk og særeigen glans. Blomen har parabolantenneform og midtpartiet
med griflar og støvberar vert av den grunn kanskje meir varm enn andre område,
noko som igjen kan ha tiltrekkjande verknad på insekt. I all høve vert insekta tiltrekte av pollenstøv
og honning i blomen. Engsoleie har
nøttefrukt med karakteristisk bøygd nebb.
Nøttene hekter seg derfor lett fast i pelsen på dyr som går forbi. Fruktene kan såleis bli spreidde langt
avgarde.
Ugrasløvetann (Taraxacum
vulgare) er ei svært vanleg og velkjent plante i Norge, og tilhøyrer
korgplantefamilien. Sjølve blomsterkorga består eigentleg av mange
einskildblomar. Kronblada i kvar
einskildblom er vaksne saman til ein tungeforma struktur (tungekrone). Støvveg og støvberarar er festa i den nedre,
traktforma delen av tungekrona.
Støvknappane er vaksne saman til eir rør rundt griffelen. Oppå
fruktknuten sit ein krans av fine hår (føyken)
Desse håra er eigentleg omdanna begerblad. Insekt t.d. humler, bier og
blomsterfluger er flittige gjestar hos løvetann. Einskildblomane dannar frukt utan forutgåande
bestøving\befrukting. Frukta er ei not
og føyken utviklar seg til ein fallskjermliknande
struktur. Ved hjelp av denne vert frukta
frakta langt avgarde med vinden.
Tepperot (Potentilla
erecta) er ein av dei aller mest vanlege planten i Norge. Den er ei lita plante og vert av den grunnen
ikkje lagt så nøye merke til. Men den
veks praktisk talt over alt når den får nok lys, heilt frå fjøre til
fjell. Tepperot tilhøyrer rosefamilien,
men har berre 4 kronblad (planter i denne familien har oftast 5 kronblad) Frå gammalt av er det rotstokken til tepperot
som er mest kjent. Den er nærmast
blodrød inni og har blitt brukt mot mage og tarmsjukdomar. I dag veit vi at rota inneheld opp til 30%
garvestoff, og at desse stoffa har desinfiserande verknad i tarmkanalaen.
Bergmynte eller kung (Origanum vulgare)
har ei kraftig lukt grunna eteriske oljar.
Det dominerande stoffet er thymol, som både er desinfiserande,
krampeløysande og hostedempande. Stoffet
synest også å ha drepande verknad på innvollsorm. Thymol til medisinsk bruk blir i dag utvunne
frå timian som har eit langt høgar innhald av dette stoffet enn bergmynte.
Nyperose er eit samlenamn på fleire artar. Frukta
(nypa) hos desse artane er ein krukkeforma, kjøtrik del av
blomsterbotnen (stengeldel). Dei eigentlege fruktene er nøtter og ligg
inne i nypa. Nypene inneheld 5-18 mg
C-vitamin per gram, og dette er 4-6 gonger meir enn for solbær og opp
mot 18 gonger meir enn for appelsin.
Skogstorkenebb (Geranium
sylvaticum) er ei vanleg plante med store blåfiolette blomar. Den høyrer til storkenebbfamilien. Den er
mest kjent pga. at den har markerte striper på kronblada og det vart i si tid
utvikla teoriar om at desse stripene hos skogstorkenebb viser insekta vegen til
nektaren i blomen. Mykje tyder på at
denne teorien er rett. (Liknande striper er særs tydelege hos
stemorsblomst). Blomen har 10 støvberarar, men berre 1 støvveg. Denne er
i utgangspunktet stor, og etter befruktinga veks den ytterlegare kraftig og får
nebbform. Den inneheld då 15 frø fordelt
på 5 avlange rom. Når frøa er mogne
sprekk kapselveggen opp i 5 flikar som krøllar seg raskt saman, slik at frøa
vert kasta ut.
Stankstorkenebb (Geranium lucidum) også kalla urdakatt, er
mykje mindre enn skogstorkenebb. Den har
rød, gjennomskinleg stengel og bleikraude kronblad. Stankstorkenebb har som namnet viser, sterk og karakteristisk lukt. Arten er særs skuggetolande. I
bergholer er det såleis denne arten som går lengst inn av
blomsterplantene. Stankstorkenebb
trivst imidlertid også godt i fullt dagslys.
Gauksyre (Oxalis acetosella) har karakteristiske
trekopla blad, og kvite og relativt
store kronblad. Arten er svært skuggetolande. På den andre sida toler den ikkje sterkt
lys, og veks derfor berre på mørke stadar t.d i skogbotnen under store
graner. Gauksyre er kjent for at den kan
bevege blada. Bladstilkane har oppsvulma
ledd og planten kan regulere saftspenninga i vevet på oversida og undersida av
ledda, og kan dermed brette blada ut
eller bøye dei ned. Sistnemde bøying
skjer om kvelden og i sterkt lys. Blada
hos denne arten overvintrar stort sett
som grøne blad. Tidleg om våren
tiner blada ut friske og lysegrøne og startar opp med fotosyntesen. Gauksyrer forplantar seg i stor grad
vegetativt, og ein koloni av slike
planter i skogbotnen kan ofte bestå av berre eitt individ. Arten har også to blometypar. I
dei ordinære blomane kan det skje kryssbefrukting, medan det i knoppliknande blomar skjer
sjølvbefrukting.
Raud og kvit jonsokblom (Silene
dioica og Silene pratensis) har
forholdsvis store og karakteristiske blomar.
Jonsokblomane høyrer til nellikfamilien.
Den røde typen er vanleg og naturleg i norsk flora, den kvite er eit
ugras som er innført til landet. Hos
begge artar er blomen djup, og bier og humler når ikkje ned til nektaren i
blomsterbotnen. Det er berre
sommarfuglar som har så lang sugesnabel at dei kan ta nektar frå
jonsokblom. Det er dagsommarfuglar som
tek nektar og dermed bestøvar raud jonsokblom.
Kvit jonsokblom er derimot tilpassa å bli bestøva av tussmørkesvermarar.
Denne arten har derfor halvvisne blomar om dagen, men om kvelden opnar dei seg
og sender ut kraftig nelliklukt for å trekkje til seg tussmøreesvermarar. Hos jonsokblom
ligg frøa i ein krukkeforma, tannete kapsel.
Kapselopning vender oppover og det skal forholdsvis kraftig vind til før
frøa vert kasta ut av kapselen. Til
gjengjeld vert dei då frakta forholdsvis langt avgarde med vinden.
Tjæreblom (Lychnis viscaria) liknar ved første
augekast på raud jonsokblom. Den høyrer
til nellikfamilien og har eit karakteristisk tjærefarge klisterlag på stengelen
eit stykke under blomane. Dette hindrar
m.a. maur i å krype opp til dei nektarrike blomane. Ofte sit også mange bladlus fast i klisteret.
Groblad (Plantago major)
er ei gamal medisinplante i kjempefamilien. Den er svært vanleg på gardstun og i
vegkantar. Planta har vindbestøving og
blomane er derfor små og utan sterke fargar.
Dei består først og fremst av lang støvveg og svært lange
støvberarar. Den produserer store
mengder blomsterstøv. Den set også mange
frø, opp til 20 000. Desse sit i små
kapslar. Når frøa er mogne, fell toppen
av kapselen av som eit lokk. I fuktiv
ver vert frøa svært klæbrige pga. forsliming av det ytre frølaget. Dei fester seg då til menneske, dyr,
reiskapar osv. og vert spreidde langt av garde.
Slik vart groblad også spreidd til Amerika og vart der kalla
"Bleikansikta sine fotspor" av indianarane.
Vanleg marikåpe (Alchemilla
vulgaris) har også vindbestøving og blomane er derfor til dels svært små og
utan sterke fargar. Arten manglar
kronblad, og begerblada (4 stk.) er små og uanselege. I praksis skjer forplantinga utan befrukting,
og det finst derfor svært mange underartar vanleg marikåpe. Karakteristisk
kjenneteikn er store, tannforma blad som likar på ei kåpe når dei vert snudde
opp ned. På kvar bladtann sit ein
kjertel som skil ut vatn. Om natta renn
kjertelvatnet ofte inn mot sentrum av bladet slik at det om morgonen ligg ein
stor, sølvskinande vassdråpe her. Bladet
er håret og vert ikkje fukta av dråpen, som dermed blir høg og rund.
Skogstjerne
(Trientalis
europaea) veks både i låglandet og i fjellet, og i tett skog og på opne
parti. Arten har såleis ei uvanleg stor
tilpassingsevne. Planter som veks i tett
skog, har blada samla i ein krans høgt oppe på stilken, og spreidde frå
kvarandre. Dette sikrar at blada ikkje
blir dekte av mose o.l. dvs. at dei får lystilgang. Det at dei
veks i same planet, hindrar at dei ikkje skygger for kvarandre.
Engkallartar (Rhinanthus
sp.), myrkleggartar (Pedicularis
sp.) og augnetrøst (Euprasia
stricta) er ofte vanlege i skog og mark.
Dei tilhøyrer alle maskeblomstfamilien, og skil seg frå artane nemnde
ovanfor ved at dei er snylteplanter (parasittplanter). Dei har eit dårleg utvikla rotsystem, men har
utvikla karakteristiske sugeorgan på røttene som dei let vekse inn i
leiingsvevet i røttene hos planter frå andre artar. Engkall og øyentrøst snyltar først og fremst
på ymse grasartar, medan myrkleggartane snyltar på lyng- og treartar.
Miljøtilpassingar
Planter
tilpassa fuktige miljø, t.d. lyssiv, molte og bukkeblad har luftfylt leiingsvev
såkalla aerenkym i stengel og røter. Den
kvite, svampaktige vevet inne i stenglane hos lyssiv og knappsiv er aernkym, og
vart i si tid brukt som veikar i lamper (derfor namnet lyssiv). Det vassrike jordsmonnet inneheld lite
oksygen i slike miljø. Hos planter med
aerenkym når oksygen frå lufta ned til røtene, slik at andinga i desse kan
fungere som normalt. I tillegg vert
potensielle giftige toverdige jernion i jordsmonnet rundt røtene oksydert til
treverdig jernion som ikkje skadar rothåra.
I tillegg kan slike røter vekse svært djupt ned i jorda og dermed få fatt
i djuptliggande næringssalt, t.d. har moletplanter vanlegvis svært djupe
røter. Mange av artane i slike miljø
har høge plantar, t.d. sløke og mjødurt, noko som reflekterer den gode
tilgangen på næringssalt som vanlegvis finst i slikt jordsmonn. Slike artar tiltrekker seg mange
nektarsugande insekt, t.d. humler og blomsterfluger. Dermed kan også kvefs og augestikkarar også
vere vanlege i slike miljø, då dei lever av insekt. Også
spindelvevbyggande edderkoppar kan opphalde seg i denne typen vegetasjon. Dei fleste soppartane er knytt til skog, men
nokre kan også vekse i slike miljø. Av
treslaga er det først og fremst oretrea, spesielt svartor, som toler mykje
fuktig jordsmonn. Slike treslag kan
etter alt å dømme også tilpasse seg situasjonen, slik at det aktuelle treet som
har slått rot i svært fuktig miljø kan utvikle ekstra store porar i korklaget i
stammen. Dette vil i seg sjølv fremje
oksygentilførsla frå lufta og inn i stamme og røter. Denne typen tre har stor verdi for denne
typen habitat, då dei gjev nitrogenrik jord grunna sympiose med strålesopp i
rotknollar og djupe trerøter sikrar effektivt opptrekk av næring som er blitt
vaska djupt nedover. Dei representerer
også ein god tilhaldsplass for fugl, og kan også vere reirplass for fleire artar.
Planter på
tørre og skrinne jordsmonn t.d. bergrabbar er først og fremst tilpassa
vassmangelen. Blada kan vere tjukke med tjukt vokslag slik som hos tyttebær, og
i tillegg meir eller mindre nålforma
slik som hos krekling. Ofte er plantene
på slike stadar små t.d. er småsmelle og
småsyre typiske planter på slike rabbar i låglandet. Dei nære slektningane til desse to artane,
høvesvis endsmelle og engsyre, er langt større og veks som namna indikerer på
engar med langt betre tilgang på både vatn og næringssalt. Jordsmonnet er for tynt og for tørt til at
store og næringskrevjande planter kan slå seg ned her. Grasarten smyle kan ofte vekse på slike
plassar den har nålforma dvs. smale (smyle) blad med lite vasstap, men individa
er ofte små på slike plassar. Gråmose er
elles svært vanleg på slike stader, den toler både svært lange turkeperiodar og
store temperaturvariasjonar som kan vere på slike stader. Blada har ein lang, kvit spiss som består av
døde celler; i turkeperiodar ser derfor slike mosetepper grå ut, men etter litt
regn er dei igjen blitt lysegrønne.
Elles er mange lavartar lyskrevjande og
svært turketolande og derfor vanlege i slike miljø både i låglandet og i
fjellet (t.d. lys reinlav).
Nektaretande insekt finst det imidlertid
ikkje særleg mykje mat i slike miljø, med unntak for t.d. sommarfuglar
som sit og varmar seg i sola på slike stader.
Men i jordsmonnet og mose- og
lavsjiktet er det både spretthalar, midd og andre smådyr. Ofte spring det ulveedderkoppar med stor fart
på jakt etter smådyr rundt om på moseteppet på solrike dagar.
Forsvaret hos tre og planter
Tre og planter forsvarer seg mot fiendar både
vha. fysiske og kjemiske metodar. Den
mest synlege metoden finn ein hos busker og urter som har utvikla tornar, t.d.
nålforma bladspissar slik som hos tistel og kristorn, eller greintornar slik
som hos nyper eller barktornar slik som hos bringebærplanten. Mykje av vegetasjonen i landa rundt
Middelhavet har utvikla eit slikt forsvar.
Hos oss er elles nesleplantene kjente for sitt forsvar med syltynne
nåler som avgjev histamin og acetylkolin, slik at det utviklar seg
betennelsesreaksjonar med blemmer og smerte
i og rundt stikksåra. Andre artar
t.d. sølvbunke og finnskjegg inneheld mykje silisium dvs. det same stoffet som
i stein og fjell, og er såleis harde, stundom med knivskarpe blad. Husdyra vel derfor vekk slike vokstrar. Sølvbunke vert derfor ståande att på
kulturbeita, og på fjellbeita kan finnskjegg dekke svære areal, som i så fall
ikkje lenger er eigneleg som beite.
Når det gjeld vern mot insekt, sopp og bakteriar
brukar dei fleste planter eit omfattande biokjemisk apparat, som per i dag
langt frå er utforska. Her er mange
stoffgrupper involverte, for ei av gruppene kjenner ein til ca. 10 000
slike stoff, for ei anna gruppe har ein hittil registert ca. 22 000 ulike
biokjemiske stoff.
Nokre slike stoff gjev også effektiv vern mot
beitedyr, t.d. hos soleier, revebjelle o.l.
Mange av desse stoffa kan truleg bli brukte i medisinske samanhengar i
framtida, enten direkte eller indirekte. Harpiks hos t.d. gran inneheld svært
mange stoff, med funksjon å drepe eller hemme sopp, bakteriar og insekt i t.d.
eit barksår på stammen. Nokre av desse
er eteriske oljar som etterkvart fordampar i såroverflata, slik at harpiksen
størknar og blir seig og såleis blir liggande lenge over såret og vernar
dette.
Den sterke lukta frå hegg skuldast stoffet
amydalin; knusar ei heggblad vert dette stoffet spalta enzymatisk og det blir
frisett blåsyre (HCN) som er ein særs giftig gass. Det blir også danna benzoaldehyd og
druesukker under denne prosessen.
Koffein i kaffibønnene og nikotinet i tobakkblada er eit særs effektiv
middel mot insekt for slike planter. Mange planter og busker t.d. svarthyll
produserer giftige glykoprotein som reagerer med ribosoma i cellene slik at
proteindanninga blir hemma. Generelt
finst det i planteverda ca. 400 ulike aminosyrer som er kroppsframande for dyr
og menneske og som kan gje giftverknad dersom
dei vert brukte under proteindanninga i celler hos dyr og menneske. Også dei svovelhaldige aminosyrerne kan bli
gjort gifige i planteverda, ved at svovelet i desse stoffa vert erstatta med
den nære slektningen til svovel, selen.
Planter kan også produsere stoff
som hemmar proteinnedbrytane fordøyingsenzym hos dyra som har ete på
plantene. Dette svekkar dyra over tid
slik at plantesamfunnet lettare kan overleve.
Sjølv om dei fleste insekt vert sterkt hemma av
den omfattande og vedvarande kjemiske krigføringa frå vegetasjonen, er det
likevel nokre som har tilpassa seg tilhøva gjennom ein periode på kanskje fram
mot 100 millionar år. Nokre slike insekt
har fått
direkte fordelar av desse stoffa, t.d. ved at dei akkumulerer giftstoff
slik at dei sjølve blir giftige og lite attraktive som mat. Mange andre insekt kan bruke slike stoff som
fargestoff eller som kjemiske signalstoff.
Dei fleste planter brukar også slike stoff for å tillokke seg insekt
slik at plantene kan pollinere planter, eventuelt for å tiltrekke seg insekt og
andre dyr for å få spreie fruktene.
Lav
Lav er bygd opp av sopp og eincella
algar, som lever i symbiose. Saman kan
dei overleve nokre av dei vanskelegaste
forholda på jorda. Algen er av typen
blågrønalge (cyanobakterie) eller grønalge. Blågrønalgane i lav kan ta opp nitrogen frå lufta. Begge algetypane gjev druesukker til soppen,
og får at vatn og næringssalt frå soppen.
Dessutan får dei "husrom" hos soppen. Blågrønalgar gjev også nitrogensambindingar
til soppen.
Lav veks svært seint. Dei finst i alle typar habitat, t.d. trebark,
open jord og nakent fjell. Dei
produserer lavsyrer, som løyser opp litt av steingrunnen slik at næringssalt i
steinen vert frisette. Lavsyrene kan ha
sterke fargar og har blitt brukte som fargestoff. Når lav rotnar, vert det
produsert jord der t.d. mose kan vekse.
Lav forplantar seg ukjønna ved
oppbrekking eller ved sorediar, som er
ørsmå klumpar av algeceller og sopptrådar. Soppen i lav er av typen sekksporesopp,
og kan forplante seg kjønna og i neste omgang produsere soppsporar. Desse blir spreidde utan algar. Om hausten har lav ofte farge flekkar på
oversida. Kvar flekk er eit apothecium
som består av svært mange sporesekkar.
Både soppdelen og algane i lav kan lett
vekse aleine. Symbiosen er altså ikkje
livsviktig for nokon av partane.

Figur 31. Skjematisk framstilling av oppbygnaden hos
lav. Algane i laven er konsentrert i
den øvre delen av lavlekamen pga. at
lysstyrken her er størst. Algane og
soppen lever i symbiose.
Lav tek opp vatn frå lufta og er derfor
svært ømfintleg for luftforureining.
Normalt veks det derfor ikkje lav i byområde og på stadar med
forureinande industri.
Dei ymse lavartane er tilpassa spesielle
vekstmiljø. Surleiksgraden og
tilgangen på vatn er spesielt viktige miljøfaktorar for lav. På basiske steinslag veks såleis lav som er
tilpassa høg pH, medan lavane på sure steinslag, t.d. gneis er tilpassa låg
pH. Kalk-kantlav (Lecanora calcarea) veks såleis på basiske klipper t.d. kalkklipper,
medan t.d. grå kantlav ( Lecanora cinerea)
veks på sure klipper. Svært mange
lavartar veks på tre dvs. dei er epifyttar.
Generelt gjeld at bark med høg pH har ein rikare lavflora enn bark med
låg pH. Dei fleste lauvtre har såleis
ein rikare lavpåvekst enn bartrea.
Rikast blir lavpåveksten dersom barken har både høg pH og ein porøs
struktur. Sistnemde eigenskap fører
til at barken held lenge på fuktigheita og laven er såleis sikra tilgang på
vatn. Osp har ofte ein rik lavvekst på
barken grunna høg pH og fuktig bark.
Hos bøk derimot, er lavpåveksten på barken liten grunna låg pH og uporøs
bark.
Busklav
Grå reinlav (Cladonia
rangiferina) er vanleg i heile landet i skog og mark og på høgfjellet. Viktig
mat for reinen. Denne laven har i stor utstrekning vore brukt som
husdyrefor. På sume gardar sanka ein 5-6
lass reinlav per ku. Grå reinlav inneheld fumarprotocetrarsyre og antranorin.
Kvitkrull (Cladonia
stellaris) liknar små einerbusker, og dannar tette matter. Den gule fargen skuldast usninsyre. Dette stoffet har antibiotisk verknad, dvs.
stoffet er bakteriehemmande. Kvitkrull
har derfor blitt brukt som medisinplante.
Denne laven er viktig føde for reinen. Den blir brukt i kransar og
dekorasjonar, og det vert seldt om lag 200 jernbanevogener med kvitkrull frå
Norge til Danmark og Tyskland kvart år.
Skogsyl (Cladonia cornuta)
består av opptil
Islandslav (Cetraria islandica) er vanleg i Sør-Norge blant mose og andre lav på tørre rabbar eller på nesten nakent berg. Denne laven inneheld ei rekkje karbohydrat m.a. opp til 70% lichenin. Sistnemde løysest lett i kokande vatn og stivnar til gele når det så blir avkjølt. Denne gelen er lettfordøyeleg. Pga. det høge lichenininnhaldet, har islandslav blitt brukt mykje til dyrefor, særleg til grisar. I tidlegare tider vart den også brukt til folkemat ved uår, krig og andre ulykker. Islandslav innheld også 2 lavsyrer: cetrarsyre og protolichestrinsyre.
Bleiktjafs (Evernia
prunastri) er festa til underlaget med ei festeskive. Veks m.a. på stamme og greiner av
lauvtre. Var tidlegare ein verdfull
fargelav. Inneheld lavsyra atranorin i
barken.
Vanleg saltlav (Stereocaulon
paschale) har mange greiner med fingerliknande skal mot enden. Desse inneheld grønalgar og sopptrådar. Lenger nede på laven er det små mørke svullar
på greinene. I desse strukturane er det
blågrønalgar (cyanobakteriar) som tek opp nitrogen direkte frå lufta. Vanleg saltlav inneheld atranorin og
lobarsyre.
Gullskinn (Cetraria
nivalis) har bleikgule, flate greiner. Fargen skuldast usninsyre. Mot basis er greinene gulbrune då desse
partia består av dødt vev. Gulskinn er
mykje vanleg på rabbar og lyngmark i fjellet.
Laven kan her gje landskapet ein gulkvit farge. Den er viktig føde for reinen. Gulskinn inneheld protolichesterinsyre i
margen.
Strylav
Hengestry (Usnea
filipendula) har grågul til grøngrå
farge med kvit, seig midtstreng. Veks på
stammar og greiner av både lauvtre og bartre.
Vanleg, bortsett frå i Nord-Norge.
Skjegglav
Mørkskjegg (Bryoria
fuscescens) har tynne olivenbrune eller brunsvarte greiner. Den er vanleg på tre, særleg bartre.
Bladlav
Kvistlav (Hypogymnia
physodes) har sterkt oppflika blad.
Bladflikane har svart underside, og heile undersida er festa til
underlaget, som er stammar og greiner på t.d. furu, gran, or og selje. Kvistlav har physodessyre og physodalsyre i
margen.
Papirlav (Platismatia
glauca) har forholdsvis sterkt oppflika blad. Bladflikane har brunleg underside, og berre
ein mindre del av kvar flik er festa til underlaget, som er stammar og greiner
på t.d. furu, gran og bjørk. Bladflikane er krølla oppover og kan likne
litt på krusa papir, derfor namnet.
Bikkjenever (Peltigera
canina) er ein stor bladlav med kvit underside med årenett og rotliknande
hår som fester laven til underlaget.
Apothecia er rødbrune. Laven vart
tidlegare brukt som medisin mot hundegalskap, derfor namnet. Mykje vanleg i heile landet.
Lungenever (Lobaria
pulmonaria) har blad med groper og utståande nettmønster, som liknar på
lungeblærer, derfor namnet. Veks på
stammar og greiner på gamle lauvtre, særleg osp, ask og selje. Veks også på gran. Lungenever har blitt brukt mot brystsjukdomar,
truleg lungesjukdomar i samsvar med teorien om at likt lækjer likt. Denne laven inneheld stictinsyre og
norstictinsyre i margen.
Kystnavlelav (Umbilicaria
spodochroa) er festa på midten til underlaget. Den har brunaktig overside med karakteristiske
svarte apotheciar. Undersida er kledd
med ein pels av svarte festetrådar.
Storvrenge (Nephroma
articum) er ein stor bladlav, ofte fleire diameter brei. Den er festa laust til underlaget med mørke
hyfar. Oversida er gulgrøn ved vanleg fuktigheit. Apothecia sit på undersida av bladflikane,
nær spissen. Det ser ut som dei er
vrengt nedover, derfor namnet. Vanleg i
fjellet og i Nord-Norge. I Sør-Norge
veks den i nordvendte, skyggefulle bergveggar.
Storvrenge inneheld nephroarctin og zeorin i margen.
Grønnever (Peltigera
aphtosa) har djupt grøn overside når den er fuktig. Den har karakteristiskke små, brune vorter
(cephaloidar) på oversida. Desse
inneheld blågrønalgar, medan det er grønalgar som gjev laven den sterke
grønfargen. Arten er vanleg på marka
blant mose, særleg i open barskog.
Vart tidlegare brukt som
lækjemiddel mot sår i munnen.
Safranlav (Solorina
crocea) er vanleg i høgfjellet, særleg på kalkfattige snøleier der jorda er
fuktig heile sommaren. Den har karakteristiske
orangerød underside med rødbrune årar.
Oversida er mørkegrøn når den er fuktig og gråbrun når den er tørr. Kastanjebrune, skiveforma apothecier på
oversida.
Skorpelav
Fokklav (Haematomma ventosum)
veks først og fremst på sterkt vindutsette knausar i fjellet. Den er tjukk og kan rivast av berget. Fokklav har gulgrøn farge i fjellet. Karakteristisk kjenneteikn er blodfarga
apothecier på oversida.
Vanleg kartlav (Rhizocarpon
geographicum) dannar lyst grønngule, glatte flekkar på stein og fjell frå
havnivå til dei høgaste fjelltoppane.
Lavpartia har svart rand, og på berg med mange lavparti dannar dei
svarte rendene eit kartliknande mønster.
Begerlav
Mjølbeger ( Cladonia
fimbriata): Begerforma lav, med
fint, mjølaktig lag av sorediar på begeret.
Sorediane kan strykast bort med ein pensel når laven er tørr. Apothecia er brune og sit på korte stilkar på
kanten av begeret. Veks på mosekledde
rabbar og på roten ved.
Mosar
Mosane har ikkje leiingskar for vatn
eller druesukker korkje i blad eller stengel.
Dei kan derfor aldri bli store. Dei veks stort sett berre på plassar der
blomsterplantar ikkje veks. Til vanleg
toler mosane fullstendig uttørring, og dei kan derfor trivast på plassar der
det er umogeleg for nesten alle frøplantar å leve.
Fullt utvikla mosar består av ein nedre
grøn, bladkledd del som forplantar seg kjønna.
Denne delen vert derfor kalla gametofytt (gamet=kjønnscelle). På gametofytten er ddet ein lang, elastisk
stilk som endar i ein sporekapsel med lok og hette øverst. Denne plantedelen
forplantar seg vha. sporar dvs. ukjønna og vert derfor kalla sporofytt. Ved lokopningen er det tenner eller perforert
membran og ring.
Når kapselen er mogen fell hetta av, og
lokket sprett opp pga. spenning i ringen.
Tennene har hygroskopiske rørsler idet dei er utstrakte i tørt ver, og
samankrulla i fuktig ver. Sporane kan
dermed bli spreidde i tørt ver, og kan då bli spreidde langt vha. vind. Stilken
under kapselen er noko elastisk, og dette fører til at sporane lett blir kasta
ut av kapselen når det er vind.
Sporane veks opp til gametofyttar, som er
den grøne delen av mosen. Øverst i
gametofytten er det enten samlingar av store mengder sædceller, eller der er
nokre få eggceller. Befruktinga krev
vatn. Den befrukta eggcella veks opp til
ein ny sporofytt
Figur 32. Skjematisk framstilling av oppbygnaden hos
ein bladmose. Den nedre delen av
mosen har blad og
produserer kjønnsceller
(gametar). Denne delen av mosen
vert derfor kalla gametofytt. Den øvre bladlause
delen med kapsel er sporeproduserande og vert kalla sporofytt. Sporane vert produserte i kapselen og ligg lagra der til dei er
mogne.
Etasjemose (Hylocomium
splendens) er truleg den vanlegaste mosen i Norge. Karakteristisk eigenskap er at greinene danna
etasjar i moseplanta. Stengelen er
såleis ofte bukta med greiner på dei vassrett avsnitta og oftast utan greiner
på dei loddrette avsnitta. Greinene er
fjørforma og blada har glans dvs. dei er blanke. Stengelen er rødleg, særleg i spissen. Har blitt brukt til tetting av lafta
tømmerveggar i uminnelege tider.
Stor tujamose (Thoidium tamariscinum) liknar mykje på
etasjemose, men er som det latinske namnet viser, ikkje i slekt med denne. Stor tujamose har grøn eller nærmast svart
stengel og matte blad dvs. blad utan glans.
Arten er nokså vanleg i låglandet langs kysten frå Akershus til
Nordland.
Vanlege bjørnemose (Polytrichum
commune) veks i heile landet og er ein av Norges vanlegaste mosar. Har til vanleg 10-
Einermose (Polytrichum
juniperinum) er ein middels stor bjørnemose som sjeldan blir høgare enn
Furumose (Pleurozium
schreberi) er vanleg i barskog, særleg furuskog og i bjørkeskog og på lyngheier. Karakteristisk kjenneteikn er rødfarga
stengel og kraftig kumma blad. Blada
manglar praktisk talt nerve (kan ha ein kort og ubetydeleg dobbeltnerve). Blir
kalla både husmose og veggmose då den i tidlegare tider vart brukt som
tettingsmiddel i tømmervegger. Furumose
er ein av dei vanlegaste mosane i Norge.
Narrefurumose (Scleropodium
purum) liknar som namnet indikerer, mykje på furumose, men er som det latinske namnet viser, ikkje i
slekt med denne arten. Den skil seg frå fururmose først og fremst
ved at øvre del av stengelen alltid er grøn, og at blada har nerve. Narrefurumose er nokså vanleg langs kysten
frå Oslofjorden til Trøndelag.
Vanleg sigdmose (Dicranum
scoparium) har karakteristiske sigdforma blad (4-
Blank sigdmose (Dicranum majus) liknar på vanleg
sigdmose, men er større (5-
Flettemose (Hypnum
cupressiforme) veks som regel i tett samanfiltra matter. Blada har karakteristisk lang spiss som bøyer
mot underlaget slik at skota liknar på ei flette. Finst i fleire former og er ein av dei
vanlegaste mosane her i landet.
Engmose (Rhytidiadelphus
squarrosus) har bleikgrøne farge og er vanleg i enger og plenar. Stengelen er rød og 5-
Kransemose (Rytidiadelphus triquatras) har bleik
gulgrøn farge, med greiner i fleire retningar slik at mosen blir
buskliknande. Blada har trekantform
slik som indikert i det latinske namnet.
Kransemose har blitt brukt i kransar og er vanleg over heile landet.
Palmemose (Climacium
dendroides) skil seg frå dei andre norske mosane ved at den har palmeform,
dvs. den har greiner berre i den øverste delen av stengelen. Arten er vanleg over heile landet.
Fjørmose (Ptilium
crista-castrensis), har karakteristisk førliknande form, og gulgrøn
farge. Veks først og fremst i
skogbotnen, særleg i granskog. Vanleg
over heile landet, men veks sjeldan over skoggrensa.
Gråmose (Racomitrium
lanuginosum) veks ofte på steinar og i skogsheier. Bladspissane hos denne
mosen er lange og kvite, og den har derfor ein gråaktig farge. Har blitt mykje brukt som strø i fjøs, særleg
for gris og sau.
Blåmose (Leucobryum glaucum) har karakteristisk
blåleg kvitgrøn farge. Blåfargen
skuldast ikkje fargestoff, men at dei grøne klorofyllcellene ligg midt i bladet
omgjevne av store, fargelause celler på begge sider. Nokså vanleg langs kysten frå Austfold
til Nordland.
Kystjamnemose (Plagiothecium
undulatum) har karakteristisk
flattrykt form bleikgrøn\kvitgrøn farge. Den er svært vanleg i kystfylka, og
dannar der flate, kvitgrøne tuer eller veks spreidt mellom annan mose.
Vegmose (Cetratodon purpureus)
er ein av dei vanlegaste mosane i Norge. Den dannar 1-
Vanleg sotmose (Andreaea
rupestris) dannar 1-
Torvmosane skil seg frå mosane ovanfor ved at dei
har spesielle celler, såkalla hyalinceller, for lagring av vatn. Desse cellene er store med
forsterkingslister og sirkulære hol i
celleveggen. Vatn kan sive fritt inn og
ut gjennom desse hola, og ein fuktig
torvmose inneheld 20 ganger meir vatn enn ein tørr torvmose.
Torvmosane i Acutifolia-gruppa er ofte finbygde og veks på relativt tørre
stadar. Blanktorvmose (Sphagnum subnitens) høyerer til denne
gruppa og veks på middels fuktige stadar i myr og hei eller også i meir eller
mindre tett skog. Torvmosane i Cymbifolia-gruppa er grovbygde artar med
tjukke greiner. Greinblada har hetteform
med avrunda bladspissar og skil seg frå dei spissenda greinblada hos artar i Acutifolia-gruppa. Cymbifolia-artane
veks ofte på middels fuktige myrområde og i myrkantar. Skogtorvmose
(Sphagnum palustre) høyrer til
denne gruppa. Fleire av artane i Cuspidata-gruppa t.d. vasstorvmose (Sphagnum cuspidata) veks i svært våte
område, ofte i myrhol og tjørn. Hos
nemde art er både greiner og breinblad svært smale.
Virvellause
dyr i skogen
I øvre jordlag er det mange eincella dyr
(amøbar, flagellatar og ciliatar), som i hovudsak lever av bakteriar. Dessutan er der opp til 20 millionar ørsmå
rundormar (nematodar) per kvadratmeter jord.
Dei fleste jordlevande nemadodeartar lever av bakteriar, men nokre artar
er planteetarar, planteparasittar eller rovdyr. I tillegg er der store mengder
spretthalar og midd i skogbotnen. Desse
blir nøyare omtala seinare.
Skrukketroll
Luftpustande landkrepsdyr som lever på
fuktige stader. Murskrukketrollet (Oniscus asellus) har mørk rygg, medan
sidene nærmast er beige, med innslag av mørke prikkar. Finst der det er tilstrekkeleg fuktig i
skogen og i og utanfor eldre hus.
Kutikulalaget hos skrukketroll
manglar ytre vokslag, dyra kan derfor ikkje leve på tørre stadar. Beina på bakkroppen er plateliknande og ligg
mot buksida. Dei har lungefunksjon. Skrukketroll et både friske og rotne
plantedelar. Det finst mange skrukketroll
under barken på nedblåste tre, f.eks. gran og furu. Skrukketroll har vist seg å vere usedvanleg
veleigna til undervisningsformål. Dei er
robuste og det er enkelt å observere korleis dei reagerer på ulike
miljøfaktorar. Oppbevaring: Dekk botnen i terrariet med ca.
Murskrukketrollet (Oniscus
asellus) er vanleg under steinar og stubbar i skog og hage. Den har mørke flekkar på ryggsidene, og
antennespissen består av 3 ledd.
Kjellarskrukketrollet (Porcellio
scaber) er truleg det mest vanlege skrukketrollet i Norge. Liknar svært mykje på murskrukketrollet, men
manglar ofte tydelege flekkar på ryggsidene.
Det viktigaste skilleteiknet er likevel at antennespissen hos dette
skrukketrollet berre består av 2 ledd.
Tusenbein
Dei fleste kroppsledd har 2 par bein per
kroppsledd. Nokre artar har 100 par bein
i alt. Lever av planter og rotnande planterestar. Er aktive om natta. Beveger seg forholdsvis seint.
Skolopendar
Har eit par bein på kvart
kroppsledd. Flattrykt kropp. Brun eller gulbrun farge. Lange antenner på hovudet . Det fremste beinpartet er omforma til klør,
som peikar framover og som har samband til giftkjertlar. Byttedyra vert lamma. Fangar m.a.
midd og små insekt. Aktive om
natta. Rask bevegelse (rørsle). 25 artar i Norge.
Brun steinkrypar (Lithobius
forficatus) er den mest vanlege skolopendaren. Den har 15 par gangbein. Artar frå andre slekter har fleire
gangbein. Geophilus longicornis har
såleis 49-55 par. Artar av slekta
Geophilus er forholdsvis vanlege. Dei
har oftast gulaktige fargar.
Insekt
Kroppen
hos insekt er tredelt: hovud, bryststykke og bakkropp og dei har 3 par bein.
Dei aller fleste artar har venger, og dei som manglar venger har mist desse i løpet av utviklinga. Over 1 million artar. Svært mange insektartar er enno ikkje
oppdaga.

Figur 33. Skjematisk skisse av eit insekt. Kroppen er delt inn i hovud, bryststykke og
bakkropp. Både beina og vengene er
festa til bryststykket. Fasettauga er ofte store og består av mange, ofte
fleire tusen, enkeltauge.
Grashopper
Har kraftige bakbein som er spesialiserte
til hopping. Framvengene er litt
leraktige og dei er tjukkare enn bakvengene.
Flygeevna er forholdsvis dårleg. Generelt har hopper grønaktig farge og
er derfor vanskeleg å oppdage i gras og lauv.
Larvane hos hopper gjennomgår 4-6
hudskifte. Dei er svært like dei vaksne
insekta både når det gjeld utsjånad og levemåte. Det finst 30 artar hopper i Norge.
Markgrashoppene lever nede på bakken og et hovudsakleg
gras. Dei lagar lyd ved å gni baklåra mot kanten av framvengene. På framre del
av bakkroppen har dei trommehinneliknade høyreorgan. Antennene er korte hos
denne typen hopper.
Lauvgrashoppene lever oppe i trea der dei ofte fangar og
et smådyr. Dei lagar lydar ved å gni ei
av dekkvengene over den andre.
Høyreorgana sit på leggen på frambeina.
Antennene er lange hos denne typen hopper.
Sommarfugl
Kropp og venger er dekte av små skal, som
eigentleg er omdanna hår. Skala ligg
taklagt og har ofte forskjellige fargar med kompliserte mønster. Skalfargen skuldast enten at det er
fargepigment i skala, eller at dei har ei knudrete overflate som reflekterer
lys av forskjellig farge dvs. såkalla strukturfarge. Kroppen er også dekt av meir eller mindre
lange hår. Underkjevane dannar sugesnabel, som blir brukt til å suge ut honning
frå blomster. Snabelen kan krøllast opp
vha. innvendige skjelettmusklar. Når
den skal brukast blir den strakt ut ved hjelp av blod. Nokre grupper har eige
høyreorgan. Sommarfuglane har fullstendig forvandling. Larvane har 3 gangbein på bryststykket og til
vanleg 5 par vorteføtter på bakkroppen, med bakerste par på siste ledd. 2000 artar i Norge (100 000 artar i heile
verda).
Møll er svært små sommarfuglar med smale
venger med lange hår langs kanten, særleg langs bakkanten på bakvengene.
Rognebærmøll (Argyresthia conjugella)
legg egg i rognebær. Dersom det er lite
rognebær, legg den egg i epler. Larvane
et fine, snirklete kanalar i fruktkjøttet på eple.
Viklarane er litt større enn
møllane. Generelt viklar larvane i denne
gruppa saman lauv vha. silketrådar, derfor namnet viklar. Epleviklaren (Laspeyresia pomonella) legg egg i eple. Larvane et opp kjernen i epla og grev ein
forholdsvis grov kanal ut mot overflata.
Denne er fylt av eit brunt stoff som er larveekskrement. Raud furuskotviklar (Evetrica
buoliana) har larvar som et bar,
knoppar og skot på bartre.
Målarane (familie Geometridae) har larvar med karakteristisk rørslemåte: det ser ut
som dei måler opp lengda på underlaget som dei kryp på, derfor namnet
målar. Har trommehinneliknande
høyreorgan på fremre del av bakkroppen. Frostmålarane er aktive det meste av
året. Dei har larvar på lauvtre, m.a.
frukttre. 250 målarartar i Norge. Mest kjent er liten frostmålar (Operophthera brumata), som ofte svermar
etter at frosten er kommen. Det er eit
kvitgrå fivreld med karakteristiske striper på tvers av vengene. Larvane lever
på lauvtre m.a. frukttre. På Vestlandet
har larven til liten frostmålar stundom gjort stor skade i frukttrehagane. Stor frostmålar (Erannis defoliaria) har ofte gulrosa farge. Også den har
karakteristiske tverrstiper på vengene.
Larvane lever m.a. på frukttre.
Larvar hos Cosmorhoe ocellata
lever på maureartar, hos Xanthorhoe
montanata på maure, syre og kjempe, hos
Scotopteryx chenopodiata på erteplanter m.a. kløver, hos syremålaren (Timandra griseata) på løvetann, syre og
hønsegras, hos Lomaspilis marginata på selje, bjørk, osp og hassel, hos Ophisthograptis luteolata på hagtorn,
slåpetorn, selje og fruktre, hos Geometra
papilionaria på bjørk, bøk, or, hassel og selje, hos stor bjørkemålar (Biston betularia) på diverse lauvtre og
busker, hos stikkelsbærmålar (Abraxa grossulariata) på stikkelsbær og
rips og
hos furumålar (Bupalus piniarius) på furubar.
Nattfly (familie Noctuidae) er middels store insekt med tjukk, hårete kropp og store
auge. Framvengene har nyreforma
teikning. Har trommehinneliknande
høyreorgan på bakre del av bryststykket.
Sugesnabelen er lang og oppkrølla. Nattfly flyg om kvelden og natta og dei kan høyre
flaggermusskrik vha. høyreorganet. Ofte
samlar dei seg ved lysande lamper om natta.
300 artar nattfly i Norge. Larvar
hos ipsilonfly (Agrotis ipsilon) lever ofte
på sukkerbete og korn, hos vanleg
bandfly (Noctua pronuba) på forskjellege urter, korn, vindruer og betar, hos Anarta myrtilli av blomar og unge
skot på lyng, hos kålfly (Mamestra brassicae) på grønsaker, hos mørkhovda vengefly (Xanthia togata) av raklar på
selje og bjørk, hos metallfly (Diachrysia
chrysitis) på brennesle og leppeblomster,
hos vanleg nebbfly (Polypogon
tentacularia) på forskjellige urter og hos stort nebbfly (Hypena proboscidalis) på brennesle og
humle.
Kålfly (Mamestra brassicae) finst i
Sør-Norge sør for Dovre og har larvar på kålplanter. Larvane gneg først på
blada, men gneg seg til slutt inn i kålhovudet.
Overalt på planta ligg store mengder grøne larveekskrement. Kålflylarvane er større og meir grådige enn
alle andre larvar på kålplanter.
Spinnarane (overfamilie Bombycoidea) er store sommerfuglar med
tjukk og hårete kropp, som flyg til vanleg om kvelden og natta. Dei manglar
nyreforma teikning på framvengene. Vaksne
spinnarar manglar ofte sugesnabel og tek ikkje til seg næring. Hannane har ofte store, fjørforma
antenner. Spinnarlarvane er til vanleg
hårete. Ein bør unngå å ta i
spinnarlarvar då håra gjev irritasjon og kløe på menneskehud. Larvane har håra for å verne seg mot fiendar.
Larvar hos eikespinnar (Lasiocampa
quercus) lever på eik, bøk, bjørk, slåpetorn, bjørnebær og bringebær, hos
nattpåfuglauge (Saturnia pavonia) på
slåpetorn, bjørk, bringebær, selje , rogn og blåbær og hos furuspinnar (Dendrolimus
pini) på furubar.
Tussmørkesvermarane (familie Sphingidae)
er store sommarfuglar med spoleforma kropp og lange, smale framvenger. Dei flyg
til vanleg om kvelden og natta. Sugesnabelen er spesielt lang og tynn. Den er
oppkrølla når den ikkje er i bruk. Vha.
snabelen kan svermarane nå ned til nektaren i planter med spesielt djupe og
trange kronrør, t.d. vivendel og kvit jonsokblom. Svermarane
har også evna til å stå stille i lufta.
Dei treng derfor ikkje nokon landingsplass på blomen. Planter som er tilpassa svermarbestøving, har
derfor meir eller mindre oppsplitta kronblad slik at insekt som krev
landingsplass, t.d. humle, ikkje kan lande der.
Den mest kjente og karakteristiske svermaren er dødninghovud, med opp
til
Dagsommarfuglane er dei mest
fargerike sommarfuglane. Dei flyg om dagen. Mest kjent er kanskje neslesommarfugl (Aglais urticae) med vakker orangerød og
gul overside med svart og mørkebrune teikningar. Overvintrar som vaksen, og flyg derfor svært
tidleg om våren t.d. i solskinnsver i byrjinga av april. Larvane lever på nesleplanter. Neslesommarfugl tilhøyrer familien flikvenger
(Nymphalidae). Andre karakteristiske artar i denne familien
er dagpåfuglauge (Inachis io) og tistelsommarfugl (Vanessa
cardui), som også har larvar på
nesleplanter. Sistnemde art har også
larvar på tistel slik som namnet indikerer.
Artane Fabriciana adippe og Mellicta athalia er flikvenger med larvar høvesvis på
marsfiol\stemorsblomst og marimjelle\kronblom\kjempe. Perlemorssommarfuglane er flikvenger som ofte har larvar på
fiolar, t.d. keisarkåpe (Argynnis paphia) med larvar på fiolar og
bringebær. Flikvengen gul myrsommarfugl
(Colias palaeno) har larvar på blokkebær.
I familien kvitvenger (Pieridae) er det fleire velkjente
sommarfuglar. Sitronsommarfugl (Gonopteryx
rhamni) overvintrar som vaksen, og flyg tidleg om våren. Har karakteristisk sitrongul farge, med ein
liten, rød flekk i midre del av kvar venge.
Larven lever på trollhegg og geitved.
Neslesommarfugl og sitronsommarfugle er dei einaste norske
dagsommarfuglar som overvintrar som vaksne. Kålsommarfuglane er kvite eller
gråkvite, og larvane lever på planter frå korsblomstfamilien, t.d. kål og nepe. Stor kålsommarfugl (Pieris brussicae) har karakteristisk svart parti langs endekanten
av framvengene, medan nepesommarfugl (Pieris
napi) langt på veg manglar svarte teikningar. Larvane lever på forskjellige kålartar, nepe
og andre korsblomster og kan gjere stor skade på nytteplantene.
Aurorasommarfugl (Anthocharis cardamines)
har lys farge, men hos hannane er fremre halvpart av framvengene røde på
undersida. Larvane lever på planter frå
korsblomstfamilien, spesielt engkarse og vegsennep. Blåvengene er til vanleg blå, i alle fall
hannindivida. Det finst mange artar, men
alle manglar norsk namn, sjølv om nokre av artane er svært vanlege i
Norge. Polyommatus icarus er utbreidd og vanleg over heile landet. Larvane lever på undersida av blada på ertebomstplanter,
særleg tiriltunge. Argussommarfugl (Plebejus argus) er ein vanleg blåvenge
på tørr grasmark og lynghei. Larvane
lever på erteplanter m.a. kløver, vikker og tiriltunge og på lyng m.a. røsslyng
og blåbær. Lycaeides idas er også vanleg. Larven lever først på erteplanter i nærleiken
av maurbustadar, m.a. bola til svart jordmaur (Lasius niger). Larven til L.
idas skil ut eit næringsstoff for maur vha. ein ryggkjertel, og vert derfor før
eller seinare frakta av maurar til maurbustaden. Her lever den av maurlarvar til den forpuppar
seg. Samlivet er såleis symbiotisk.
Grønnvengen Callophrys rubi er mykje
vanleg. Den har mørkebrun overside og
grøn underside. Larvane lever først og
fremst på lyng t.d. blåbær, blokkebær og tyttebær. Gullvenger er også vanlege. Dei har karakteristisk gyllenraud farge. Arten Heodes
phlaes finst i heile landet. Den har
svarte flekker på vengene, og larvane lever på syreplanter, særleg småsyre (Rumex acetosella). Grassommarfuglen Erebia ligea er vanleg i skogen.
Har mørk brun overside med rødbrunt felt. I dette feltet er det 3-4 svarte ringar,
oftast med kvit kjerne. Larvane lever på
gras m.a. myskegras (Milium effusum)
og hirseplanter (Digitaria). Det finst mange artar med liknade ringar på
vengene t.d. Hipparchia semele, Maniolla jurtina, Coenonympha pamphilus og Pararge
aegeria. Denne typen sommarfuglar
vert også kalla ringsommarfuglar og
larvane lever på ymse grasartar. I alt er det 90 dagsommarfuglartar i
Norge.
Som vist ovanfor er både dei vaksne sommarfuglane
og larvane spesialiserte til å leve av spesielle vertsplanter, og gruppa består av viktige forbrukarar i
økosystemet skogen.
Nokre plante- og treartar ser ut til å
vere meir attraktive for sommarfuglar enn andre. Som vist ovanfor er det mange norske artar
som har valt furu som vertstre: Raud
furuskotviklar, furumålar, furusvermar
og furuspinnar. Det er imidlertid svært sjeldan at ein finn
desse 4 larvetypane samtidig på samme furutre.
Biller
Hos billene er framvengene tjukke og harde og vert kalla
dekkvenger. Dei ligg over og verner
bakvengene, som er flygevenger. Også
resten av kroppsoverflata hos biller er hard.
Generelt har dei bitane overkjevar.
Mange biller er rovdyr og lever av andre insekt, medan andre et levande
eller døde plantedelar. Den største
billa i Norge er nasehornbilla (Oryctes
nasicornis) med lengde opp til
Biller finst i praktisk talt alle habitat
på jorda, og utnyttar alle typar næring.
Årsaka til denne biologiske suksessen, er først og fremst dekkvengene og
den harde kroppsoverflata. Billene er
den mest artsrike organismeorden på jorda.
Hittil er det registrert og gjeve namn til 350 000 artar. 3000-4000 artar i Norge.
Karakteristisk for billelarvane er at dei
til vanleg har normalt tal gangbein på bryststykket, men manglar vorteføtter på
bakkroppen. Imidlertid finst det
billelarvar som lever i maten, t.d. larvar av snutebiller og barkbiller, og
desse manglar gangbein då dei ikkje treng å bevege seg nemneverdig. Alle biller har fullstendig forvandling.
Skarabidane er store biller. Antennene er knebøgde og endar i ein klump,
som eigentleg består av mange antenneblad.
60 artar i Norge. Tordivel og
gullbasse tilhøyrer denne familien.
Tordivel (Geotrupes stercorosus)
er ein mykje vanleg skogsart. Den er
1,2-1,9 cm lang og lever av møkk,
rotnande dyr og gamal sopp. Egga vert
lagde i klumpar av møkk i spesielle gangsystem som den lagar i jorda. Tordivel finst i heile Norge, med unntak av
Finnmark. Gullbasse (Cetonia
aurata) er 1,4-
Løpebillene er slanke, mørke biller med
rask rørsle. Antennene er lange, rette.
og manglar endeklump. Dekkvengene har
lengdefurer. 250 artar i Norge. Fiolett jordløpar (Carabus violaceus) er 2,2-
Dei fleste løpebiller er nattaktive
rovdyr som lever av makk, sneglar og
insekt. Fordøyinga skjer i stor grad
utanfor kroppen, ved at billene gulpar
opp og dekker maten med fordøyingsvæske.
Denne væska er svartbrun og blir også brukt som forsvar. Dersom ein held ei levande løpebille i handa
kan den såleis gulpe opp svartbrun væske.
Den vil då også gjerne skille ut ei blanding av organiske syrer frå
kjertlar under bakkroppsspissen. Denne
væska har ei syrleg, sterk lukt og har forsvarsfunksjon. Generelt reknar ein at
i norske åkrar finst 5-10 løpebiller per kvadratmeter overflate. Både larvar og vaksne hos fleire artar et her
m.a. bladlus og egg av skadeinsekt og er såleis nyttedyr.
Marihønene har sterkt kvelva overside, og
nesten flat underside. Dekkvengene har
oftast rødleg farge med runde prikkar.
Antennene har tydeleg klump på enden.
54 artar i Norge. Føtene består
av 3 tydelege leddstykke. Sjuprikka
marihøne (Coccinella septempunctata) er vanleg i heile Norge. Den er 6-
Bladbillene liknar på marihøner både når det
gjeld storleik og form, men dei manglar
både prikkar på dekkvengene og endeklump på antennene. Dessutan består føtene av 4 leddstykke. 200 artar i Norge. Reinfannbille (Galeruca tanaceti) er ei svart bladbille som er vanleg i Norge nord
til Nord-Trøndelag. Den er 6,5-
Snutebillene har karakteristisk lang
snute med munndelane i spissen.
Antennere er knebøgde og har endeklump.
Lever av plantekost, og mange artar er skadedyr. 300 artar i Norge. Mange av snutebillene er skadedyr. Gransnutebille (Hylobius abietis) kan gjere
stor skade på skogen. Dei vaksne
insekta lagar traktforma groper i barken på bartre og lever av den ytre, friske veden.
Eplesnutebille (Anthonomus pomorum) legg egg i blomsterknoppar på epletre. Hoa bit først hol i knoppen vha. snuten, snur seg så rundt og plasserer eit
egg i opningen. Etterpå forseglar ho opningen vha. ekskrement. Knoppen utviklar seg ikkje til blome, men
til ein rustbrun, klubbeforma struktur.
Rødkløversnutebille (Apion
apricans) og kvitkløversnutebille (Apion
dichorum) har larvar som lever i blomen på høvesvis rødkløver og
kvitkløver. Larvane et på frøanlegga i
desse blomane. Ertesnutebille (Sitona
lineatus) lever på planter i erteblomstfamilien, særleg erteplanta. Larvane hos denne billa lever på røttene og
gneg m.a. på bakterieknollane. Dei
vaksne billene dannar halvmåneforma gnag i bladkantane.
Smellarane er kjente for sine
karakteristiske smell-lydar. Desse
billene har eit svært bevegeleg ledd mellom 1. og 2. brystledd. På brystsida i midtlinja rett bak frambeina,
er det utvikla ein kraftig tapp, som normalt vender rett bakover. Over tappen er det ei tilsvarande grop i
kroppsoverflata. Opninga til gropa er så
trang at til vanleg står tappen fastkila i opninga. Når dyret fell på ryggen, bøyer det framparten
oppover i det bøyelege leddet mellom 1. og 2. brystledd. Dermed sprett brått tappen inn i sjølve gropa
med eit smell. Totalverknaden av dette
er at dyret sprett høgt opp i lufta. Det
snur seg så i lufta og landar på beina.
Døme på smellar: Stripet
kornsmellar (Agriotes lineatus).
Larvane til smellarar bit av planterøter
og kan gjere stor skade både på eng og i åker og hage.
Blautbillene har forholdsvis tynne og
mjuke dekkvenger, derfor namnet. Ein ser
dei ofte på blomstrar, særleg skjermplanter, der dei fangar andre
blomsterinsekt. Nyare forsking har vist
at desse billene fangar skadeinsekt i hagen og dei er såleis nyttedyr.
Oljebiller manglar flygevenger, og dekkvengene er
korte dvs. betydeleg reduserte. Dei er heller ikkje flinke til å springe, men
vernar seg mot fiendar ved at dei skil ut ut blod frå beinledda når dei blir
skremte. Dei smakar vondt og inneheld giftstoffet kantaridin, slik at
fugle og andre fiendar fort lærer at oljebiller ikkje er god mat. Ein bør heller ikkje ta oljebiller opp i
handa, då den giftige blodvæska som dei då skil ut vil kunne gje sår og blemmer
på huda. Familien som oljebillene
tilhøyrer, vert av denne grunnen kalla plasterbiller. Oljebillene legg uvanleg
mange egg, opp til 10 000. Desse vert
lagte porsjonsvis i groper i jorda nær
planter med utsprungne blomar. Det kan
vere opp til 1000 egg i kvar grop.
Årsaka til det store eggtalet hos oljebiller er at larvane har ei
komplisert utvikling, der sjansen for å lykkast
er svært liten. Larven som kjem
ut av egget, er berre nokre få millimeter lang og har hard og sterk hud. Den er slank og livleg med velutvikla bein med 3 kraftige klør på kvar
fot og vert derfor kalla triungulinlarve. Den klatrar umiddelbart opp på krona på på vårplanter, særleg korgplanter t.d. løvetann. Larven
prøver instinktivt å hoppe opp
på alle objekt som kjem nær den. Når eit
insekt landar på blomen, hoppar triungulinlarven såleis opp på dette og blir så
frakta av garde. For at
triungulinlarvar hos norske artar skal overleve, må dei komme over i bolet til ei villbie dvs. einsleg bie. I praksis
skjer transporten til eit slikt bol ved hjelp av denne typen bier. Larvar som har hoppa opp på t.d.
blomsterfluger, humler, tambie osv. kjem såleis
ikkje over i eit slikt bol, og bukkar dermed
fort under. Larven er nemleg avhengig av å få ete villbiegg for å kunne
utvikle seg vidare. Dei ytterst få
triungulinlarvane som hamnar i bolet til ei slik bie, skifter hud etter eggmåltidet, og vert
forvandla til ein tjukk, mjukhuda, roleg
larve (maddik) med korte, svake bein.
Denne larvetypen lever av honning og pollen i biebolet. Ei slik endring av larvetype med omsyn til
utsjånad og levemåte vert kalla hypermetamorfose. Denne larvetypen utviklar
seg så gjennom 3 stadium. I tillegg inngår det ein kvilefase
(skinnpuppestadium) om sommaren før siste larvestadium. Til slutt vert det danna vanleg puppe som
overvintrar. Når puppestadiet er ferdig
neste vår, kryp den fullt utvikla oljebilla ut av puppa, og ein ny syklus kan starte opp. Total sett er larveutviklinga hos
oljebiller langt meir sjanseprega og komplisert enn hos dei fleste
andre insekt her i landet.
Kortvengene eller rovbillene har karakteristiske korte dekkvenger. Dyra er nattaktive og gøymer seg om dagen. Ein reknar at i norske åkrar er det 10-80
rovbilleindivid per kvadratmeter overflate.
Rovbillene lever i stor grad av andre insekt, m.a. skadeinsekt og er såleis nyttedyr.
Bukkane har karakteristiske lange
antenner som oftast er bøygde bakover.
Desse billene er ofte store med særeigne fargemønster. Dei lever på og av planter og tre. Blåbukk (Callidium
violoceum) lever i skogen. Larveutviklinga tek eitt eller to år. Larven lever mellom barken og veden i tørt
trevirke av gran og furu. Når den er
ferdig utvikla, gneg den ein 3-
Barkbiller: I Norge finst det 65 artar
barkbiller, medan det totale artstalet i verda er 6200. Dei aller fleste artar fungerer som
nedbrytarar av døde tre, men nokre få
promiller av artane kan gå til åtak på friske tre og drepe desse på kort
tid. Stor granbarkbille (Ips typographus) er eit døme på ein
tredrepande art. Slike artar kan berre
drepe tre når dei har svært høgt individtal.
Det kan imidlertid oppstå svært store populasjonar av slike artar i vindfelt
tømmmer. På friske tre kan dei så gjere
skade på følgjande to måtar: 1) larvane
gneg sund innerbarken på trea, som
såleis blir ringbarka. Rota får dermed
ikkje lenger tilført sukkerstoff og vil på sikt dø. 2) dei vaksne billene infiserer veden i
treet med sopp, særleg blåvedsopp, som
veks inn gjennom veden og øydelegg vedrøra.
Vasstransporten frå rot til krone stansar dermed opp og treet tørkar ut
i løpet av nokre veker. Til vanleg er
det stansen i vasstilførsla som er den direkte årsaka til at treet dør. Høgt individtal fører såleis hos desse billene
til auka mattilgang, og dette er kanskje
forklaringa på den eksplosive populajonsveksten hos desse artane. Trea forsvarar seg imidlertid mot
billeåtak, ved å ha kvae lagra i tynne kanalar i barken og ved at celler rundt
skadestadane produserer store mengder kvae så snart skaden oppstår. Både vaksne biller og larvar kan blir
innesperra eller drukne i kvae.
Borebiller: Stripa borebille (Anobium
punctatum) finst over heile landet,
men er i særleg grad utbreidd i kyststrøka
på Vestlandet der den blir kalla mått.
Larvane trivst best i materialar av mjuk ved t.d. gran og furu, men trivest og godt i bjørk. Dei kan gnage både i splintved og kjerneved
og trivst særleg godt i fuktige rom som kjøkken og kjellar. Larveutviklinga tek 3-4 år, medan dei vaksne billen berre lever i eit par
veker. Larvane kan gjere betydeleg skade både på huskonstruksjonar, møblar,
pyntegjenstandar og utstyr. Vaksne
individ av A. punctatum er 2,5-
Virveldyr i skogen
Pattedyr
Gnagarar
Gnagarane tilhøyrer ordenen
Rodentia. Om lag 40 prosent av alle
pattedyr er gnagarar. Individa hos dei
fleste artar er små og søkjer vern mot rovdyr i holer og tynne gangar i
jorda. Dei er kjente for å vere
intelligente og tilpassingsdyktige dyr.
Fortennene i begge kjevar er store og spesialiserte for gnaging. Framsida
av kvar fortann er dekt av slitesterk emalje, medan det ikkje er emalje på
baksida. Dei får dermed ved bruk ein svært skarp egg. Fortennene veks stadig, men tannslitasjen
hindrar ein reell lengdeauke. Hos rotte
veks fortennene
Ekorn (Sciurus vulgaris) finst i heile Norge, med unntak av på
nokre øyar. Held seg mest i barskog
eller blandingsskog, der det lever oppe i trea.
Klatrar raskt opp og ned trestammane, alltid med hovudet først. Hoppar ofte mellom trea (3-
Dyra i harefamilien, Leporidae, skil seg
frå gnagarane først og fremst ved at dei har to små framtenner, såkalla
stifttenner, rett bak dei ordinære framtennene.
Nordisk hare (Lepus timidus) har til vanleg kvit vinterdrakt,
medan den er brun med kvit underside i sommarhalvåret. I område med lite snø, t.d. på Jæren, lever
det ein harevariant med blågrå vinterpels.
Den gråblå fargen skuldast eit vikande (recessivt) gen som er oppstått
ved mutasjon. Generelt beiter hare i
skyminga og om natta. Om vinteren lever
den for det meste av kvistar og bark.
Den bit av smågreiner og et dei frå tjukkenden og utover, medan sjølve
spissen på greinene ligg ofte igjen på matplassen. Hare likar best seljekvistar og ospebark, men
hovudføda vinterstid er likevel bjørkekvistar då bjørk er eit svært vanleg
lauvtre. Den unngår i lengste laget å
ete knoppane på bjørkekvistane då desse inneheld mykje harpiks. Om sommaren et den mange typar planter på
bakken. Karakteristisk for haredyra er
at dei har ein svært stor blindtarm, som kan romme mange gonger meir mat enn
magesekken. Væske og små
næringspartiklar går frå tynntarmen og inn i blindtarmen, og vert her omforma
og nedbrote av ein stor bakterieflora.
Dei frisette næringsstoffa vert imidlertid ikkje tekne opp av
blindtarmen. Om lag ein gong per døgn
vert innhaldet i blindtarmen ført over i tjukktarmen og ut av kroppen som
blaute, grønsvarte og slimdekte ekskrement.
Desse vert etne av haren med ein gong.
Den svel ekskrementa utan å tygge dei.
Når dei passerer gjennom tynntarmen, vert dei frisette næringsstoffa
sogne opp og førte over i blodet.
Restproduktet saman med grovkorna matpartiklar, vert så direkte
transportert ut av kroppen som faste, runde ekskrementperler. Grovkorna matpartiklar vert til vanleg ikkje
førte inn i blindtarmen i det heile. Det
er mange dyr som jaktar på hare t.d.
rødrev og hønsehauk. Haren kan
imidlertid springe svært fort, kanskje opp mot 80 km\t, og den gjer
lengdesprang på opp til
Hjortedyr
Hjortefamilien (Cervidae) omfattar 36 artar i heile verda. Hanndyra hos dei aller fleste artane har
gevir. Dette består i byrjinga av brusk,
og er kledd med hårdekt hud.
Gevirbrusken vert gradvis omdanna til bein, og når denne prosessen er
avslutta, dør gevirhuda fordi blodtilførsla til huda blir stansa. Den døde og inntørka huda vert fjerna ved at
dyret feiar geviret mot busker og tre.
Hannen brukar så det hårlause geviret i revirforsvaret om hausten i
samband med forplantinga. Seinare på
hausten dvs. når det ikkje lenger er bruk for geviret, vert vevet i gevirrota
brote ned, og det blir til vanleg felt i løpet av vinteren. Dei fleste
hjortedyra har luktkjertlar m.a. framfor auga, i panna og ved klauvene. Sekretet frå desse kjertlane vert brukt til å
merke av revirgrensene. Dyra manglar
sveittekjertlar, men brukar tunga som avkjølingsorgan. I dag er populasjonstorleiken på hjortedyra i
Norge langt større enn i førre århundre.
Årsaka til dette er m.a mangel på ulv og bjørn og ved at det er innført
avskytingsopplegg som fremjar populasjonsvekst.
Hjort (Cervus elaphus) finst over det meste av Europa og mot aust
gjennom Asia til Nord-Amerika. I
Skandinavia finst det først og fremst i Vest-Norge. Dessutan finst det spreidde
førekomstar i Skåne. Hjorten er eit
rasktspringande og uthaldane hjortedyr, som lett kan hoppe over
Hundedyr
Dyra i hundefamilien (Canidae) er kjente
for å vere mykje intelligente og lærevillige. Dei er også kjente for å ha ein
svært velutvikla luktesans og for å skille ut stoff som dei kommuniserer
med. Hundedyra har dårleg utvikla
sveittekjertlar, men dei blir kvitt mykje varme vha. tunga når dei tevar. Generelt lever mange hundedyr i flokk og dei
er svært uthaldane under jakt (langdistanseløparar). Rev (Vulpes vulpes) er vanleg i Norge,
med unntak av på nokre øyar. Den er også
forholdsvis vanleg i tettstadar og byar.
Rødreven har utprega evne til å tilpasse seg ulike miljøtypar og er lite
spesialisert i matvegen. Som namnet
viser har den rødfarga pels. Halen er
spesielt tjukk og lang, og Mikkel rev tygder truleg stor rove. Rødreven jaktar til vanleg enkeltvis. Den
fangar smågangarar ved å hoppe på dei og trykke dei til marka med
framlabbane. Når den fangar større
byttedyr t.d. hare, smyg den seg langsamt inn på byttet for deretter å springe
raskt etter dyret og eventuelt innhente det.
Den kan også drepe lam av sau og rådyr, særleg når den har kvelpar og
treng mykje mat. Om hausten et den også ein god del bær og frukter. Rødreven
har bustad i underjordiske holer, med minst 2 inngangar. Hia ligg ofte i solrike dvs. sydvendte og dermed varme steinrøysar eller
jord\sandbankar. Til vanleg får den 3-5
ungar i april-mai månad. I gamal tid var
ulv farleg for rev. I våre dagar er det
reveskabben (Sarcoptes scabei) som er den største trusselen mot revebestanden. Dette er ein parasittisk midd med lengd
Det er elg som er ulven sitt
hovudbyttedyr her i landet.
Det har tidlegare eksistert ei rekkje
underartar av gråulv (Canis lupus) rundt om i verda. Svært mange av desse har blitt utrydda sidan
år 1900 slik som vist nedanfor. Årstala
viser utryddingsåret:
Canis lupus hodophilax...........1905
Canis lupus beothucus............1911
Canis lupus albas............... .1915
Canis lupus monstrabilis.........1920
Canis lupus nubilus............ ..1926
Canis lupus youngi............. ..1940
Canis lupus fuscus.............. .1950
I tillegg vart to underartar av den
amerikanske ulvearten Canis rufus utrydda, den eine i 1917 og den andre i 1970.
Bjørnedyr
Bjørn (Ursus arctos) tilhøyrer ein eigen familie, bjørnefamilien
(Ursidae). Den er eit svært stort og velkjent dyr, men det er svært få menneske
som får oppleve å sjå den ute i naturen.
Hannen kan ha kroppslengde opp til
Fugl
Meiser
Meisefamilien (Paridae) har 7
representantar i Norge: kjøttmeis, blåmeis, svartmeis, toppmeis, granmeis,
lauvmeis og lappmeis. Karakteristisk
kjenneteikn for kjøttmeis og blåmeis er
gulfarga bryst. Kjøttmeisa skil seg frå
blåmeisa m.a. ved å ha eit markert svart midtstripe på brystet. Svartmeisa liknar kjøttmeisa, men manglar den
gule brystfargen. Den har dessutan ein
stor kvit, firkanta nakkeflekk.
Granmeisa og lauvmeisa er temmeleg like, men den førstnemnde arten lever
ført og fremst i barskog eller i bjørkebeltet, medan lauvmeis lever i lauv- og
blandingsskog. Toppmeis har lang hovudtopp. Karakteristisk for
meisene, med unntak av kjøttmeis og blåmeis, er at dei hamstrar mat i stor stil
i sommarhalvåret, særleg om hausten.
Først og fremst hamstrar dei frø, men også insekt og edderkoppar. Til vanleg gøymer dei berre eitt objekt, t.d.
frø, på kvar gøymeplass. Ei granmeis kan
truleg ha opp til 60 000 gøymeplassar spreidde over eit stort skogsområde. Mykje tyder på at dessse frøa inngår i eit
stort felles matlager for vedkommande meiseart. Om vinteren lever meisene ofte
saman i flokkar. Til vanleg er det
fleire meiseartar i kvar flokk. Dessutan
er det ofte også ikkje-meiser i flokken, t.d. trekrypar og fuglekonge. Ein kan ofte sjå slike flokkar i skogen i
vinterhalvåret. Fuglane flyg då frå tre til tre på leiting etter
mat. Fleire av meiseartane har lager av
mat i trea, og toler vinteren forholdsvis godt.
Artar som ikkje hamstrar mat t.d. kjøttmeis, er mykje meir sårbar i
streng vinterkulde. Kjøttmeis
(Parus major) har karakteristisk gul-grøn bukside og er svært vanleg i
Sør-Norge. Kjøttmeis har fleire typar song.
Den kan bestå av langstrekt ping ping ping, eller tu ti tu ti
tu ti tu ti eller titi tu titi tu
titi tu. I alle tilfelle er tonen
høg og krystallklar. Kjøttmeis er
standfugl og byrjar med vårsongen allereide tidleg i januar. Granmeis (Parus montanus) er vanleg i
heile landet både i barskog og i lauvskog inklusiv fjellbjørkeskog. Lauvmeis
(Parus palustris) trivest best i lauvskog i låglandet nord til Helgeland. Dei
to artane har mørkt hovud, med stor kvit kinnflekk. Lauvmeis har større kinnflekk enn
granmeis. Alt i alt er det vanskeleg å
skille dei to artane etter utsjånad. Ei
"gråmeis" i barskog eller i fjellbjørkeskog er imidlertid nesten
alltid ei granmeis. I tettstadar og byar
er det derimot ofte reine lauvmeispopulasjonar. Toppmeis (Parus
cristatus) har karakteristisk fjørtopp på hovudet, derfor namnet. Svartmeis (Parus ater) har kvit
nakkeflekk. Begge desse artane lever i
barskog.
Det er også andre fugleartar som har meis
i namnet, men som ikkje tilhøyrer meisefamilien. Stjertmeis (Aegithalos caudatus)
tilhøyrer stjertmeisfamilien (Aegithalidae), og har karakteristisk lang
stjert. Den har lys kropp med mørke
venger, og vandrar rundt i småflokkar. Spettmeis
(Sitta europaea) tilhøyrer spettmeisfamilien (Sittidae) og har forholdsvis
stor, lys kropp med gråblå overside, rødbrun kroppside og kvit underside. Den
et insekt o.l. på trestammar, og klatrar både oppover og nedover stammane. Den
klatrar utan å støtte seg på halen. Både når den klatrar oppover og nedover på
stammen fester den seg til stammen med den foten som til ei kvar tid er øverst,
medan den støttar seg på den andre foten.
Spettmeis er såleis ekstremt
tilpassa til å kunne bevege seg på loddrette trestammar.
Finkar
Fuglane i finkefamilien (Fringillidae)
har karakteristisk kjegleforma nebb og kraftige kjevemusklar. Dei er tilpassa å leve av frø. Bokfinken
(Fringilla coelebs) er truleg den nest vanlegaste fuglen i store område av
landet. Karakteristisk kjenneteikn er to
kvite tverrband på kvar venge. Songen
liknar mykje på songen hos lauvsongaren, men den er grovare eller røffare. Strofene dør ikkje hen slik som hos
lauvsongaren, man har ei tonemessig komplisert og karakteristisk
avslutning. Ein kan etterlikne
bokfinkstrofa ved raskt å seie fru fru
fru frrrrr Borkgrevink, der Borkgrevink er den karakteristiske strofeavslutninga.
Kvar sangstrofe varer i 2,5 sekund. Om våren kan ein høyre den karakteristiske
bokfinksangen over alt i skog og mark frå tidleg morgon til sein kveld. Denne
fuglen oppheld seg ofte i bøkeskog om vinteren, og varselsignalet er fink,
fink, truleg derfor namnet bokfink. Bokfinken et hovudsakleg bær og frø. Trekkfugl som kjem i mars-april og som reiser
i september-oktober. Overvintrar også
ved kysten i Sør-Norge. Dompap
(Pyrrhula phyrrhula) er ein typisk skogsfinkefugl. Hannen har karakteristisk rødt
brystparti. Hekkar i barskog over heile
landet, men er lite vanleg i Nord-Norge. Dompap er standfugl, som et frø,
kjernar av bær (t.d. rognebær), knoppar av busker og tre. Grønfink (Carduelis chloris) lever i
open skog, ofte nær dyrka mark. Den har
ei grøn eller grøngul fjørdrakt, og karakteristisk sang. Bjørkefink (Fringilla montifringilla)
er vanleg i høgareliggjande barskog og særleg i fjellbjørkeskogen. Hannen har om sommaren markert svart hovud og
rygg, rustgult bryst og strupe og kvit buk.
Gråsisik (Carduelis flammea) er ein forholdsvis liten og grå
finkefugl. Den har eit karakteristisk
rød, blodflekkliknande parti på panna.
Den lever først og fremst av bjørkefrø i fjellbjørkeskogen. Populasjonsstorleiken er sterkt avhengig av
bjørkefrømengda.
Svaler
Fuglane i svalefamilien (Hirundinidae)
har lange venger med karakteristisk kløfta hale. Dei er særs flinke flygarar som fangar insekt
når dei flyg. Dei er knytte til
kulturlandskapet og dei mest kjente artane er oftast knytte til bygningar i hekkeperioden. Desse artane trivest best på gardar med
husdyrhald, då det her er mykje insekt.
Dersom driftsforma på ein gard vert lagt om frå husdyr til t.d. korn,
forsvinn som oftast også svalene frå garden.
Låvesvale (Hirundo rustica) har glinsande svart overside og mørkt
hovud og strupe. På panna og øverst i
strupen er det imidlertid eit karakteristisk rødt parti. Denne arten byggjer reir inne i bygningar,
spesielt låvar. Taksvale
(Delichon urbica) har kvit strupe og underside og manglar rødt parti. Den byggjer oftast reir på utsida av
bygningar. Ofte er det fleire
taksvalereir i samme område på bygningen.
Arten er såleis kolonihekkar. Både låvesvale og taksvale er flyttfuglar
som overvintrar i Afrika. Dei kjem ofte
tilbake til samme reir som dei brukte året før.
Erler
Av fuglane i erlefamilien (Motacillidae)
er linerla (Motacilla alba) velkjent. Årsaka til dette er at den er
sterkt knytt til dyrka mark og at den er svært lite sky overfor menneske. Den har karakteristisk svart hette og
strupeflekk og elles grå og kvite fargar.
Linerla er først og fremst insektetar og er derfor flyttfugl som til
vanleg overvintrar i austlege Middelshavsland, Nordvest-Asia og
Nordaust-Afrika. Ein del individ kan overvintre langs kysten. Ordet lin i namnet har samanheng med gammle
tru om at dersom den første linerla som vart observert på garden om våren, sat
høgt oppe, så vart linen låg, dvs. linavlinga vart dårleg. Også
piplerkene høyrer til erlefamilien og er såleis ikkje lerker. Piplerkene har slik som erlene, slank kropp
med lange bein og lang hale. Fjørdrakta
er imidlertid brunleg med mørke strekar. Trepiplerke (Anthus trivialis)
er vanleg i skogsområda. Den har svakt
gult bryst med mørke striper og forholdsvis lys buk. Heipiplerke (Anthus pratensis) lever,
som namnet indikerer, i ope landskap t.d. på heier i fjellet. Den er lysare bukside og fleire bryststriper
enn trepiplerke
Trostar
Trostefuglane (Turdidae) er små til
middels store fuglar som ofte lever av både dyr og planter. Trostefamilien vert delt i to grupper:
småtrostane og stortrostane. Rødstrupe (Erithacus rubecula) tilhøyrer
småtrostane. Den har karakteristisk
rødfarga brystparti, store auge og forholdsvis tjukkfallen kropp. Rødstrupen er ofte trekkfugl, men reiser seint
og kjem tilbake tidleg (t.d. slutten av mars). Svarttrost (Turdus
merula) tilhøyrer stortrostane. Den vert
ofte rekna for å vere den flinkaste songaren i skogen. Hannen er svart med gult nebb og gul
augering. Hoa har brunleg farge med
svartbrune flekkar i strupe og brystparti. Songen er melodiøs med klåre og
mjuke fløytetonar. Hannfuglen sit oftast
i toppen av eit tre når den syng.
Svarttrost er svært vanleg i Sør-Norge, spesielt på Vestlandet. Den lever av insekt, meitemakk, snegl og
bær. Trekkfugl som kjem i overgangen
mars-april og som reiser i november. Ein
del svarttrost overvintrar. Gråtrost
(Turdus pilaris) har karakteristisk grå og rødbrun overside. Den er til dels svært vanleg og et store mengder bær om hausten. Har elles ein variert kost. Den er ein dårleg songar. Måltrost
(Turdus philomelus) er vanleg i Sør-Norge.
Den lever også over store område i Nord-Norge. Den har gråbrun overside og kvit underside
med trekantforma, mørkebrune flekkar. Har ein høg, melodiøs og variert song og
skil seg fra dei andre trostane ved at den gjentek same songstrofe fleire
gongar etter kvarandre. Den kan også
lage hermelydar. Rødvengetrost
(Turdus iliacus) er den minste trosten i Norge.
Den har karakteristisk rødbrun side under vengene og er vanleg i alle
typar skog over heile landet. Ringtrost (Turdus torguatus) har
halvmåneforma, kvit brystflekk, derfor namnet.
Kroppsfargen er elles mørk, særleg hos hannen. Ringtrost er mest vanleg ved kysten og på
fjellet.
Stær
Stærfamilien (Sturnidae) har berre ein representant
i Norge: stær (Sturnus vulgaris). I tropiske område er det svært mange
og fargerike fuglar som tilhøyrer denne familien. Også vanleg stær har intense, metalliske
fargar som skil den frå alle andre norske fugleartar. Den er ein typisk kulturfugl, som finn det
meste av maten (meitemakk o.l.) på dyrka jord som er beita eller slått. Karakteristisk for stær er at den samlar seg
i store flokkar om hausten. Det kan vere
opp til 100 000 individ i ein slik flokk.
Stær er ofte flyttfugl, men reiser forholdsvis seint og kjem tidleg
tilbake. Den har, slik som gråspurv,
blitt sett ut i andre kontinent og har der spreidd seg raskt og utvikla svært
store populasjonar.
Spurvar
Spurvefamilien (Passeridae) består av små
fuglar med tett, kraftig kroppsbygnad og kort, tjukt nebb. Dei lever for det meste av frø. Gråspurv
(Passer domesticus) er ein utprega kulturfugl som har fulgt menneska sine
vandringsvegar. Den er ein hardfør fugl
med ei fantastisk tilpassingsevne til ulike menneskeskapte miljø. Den er derfor svært vanleg i byar, tettstadar
og bygder, medan den er sjelden i den ville naturen. Den vart utsett i nye
verdsdelar m.a. Amerika og Australia, i førre århundre og finst no med store
populasjonar over det meste av desse kontinenta. Den er såleis i dag den mest utbreidde
landfuglen i verda. Pilfink
(Passer montanus) liknar svært mykje på gråspurv, men har mørk flekk på
gråkvitt kinn, medan gråspurv manglar slik flekk.
Buskspurvar
Buskspurvfamilien (Emberizidae) består av
finkeliknande fuglar med kraftig, kjegleforma nebb. Dei er frøetarar og har meir langstrakt
kroppsform enn finkane. Gulspurv (Emberiza citrinella) er ein buskspurv
med karakteristisk sang: tsi tsi tsi tsi tsi tsi tsyyyyyyyyyyyyyyyyy. Det høyrest ut som fuglen
tel til sju og at den syng lenge på siste talet. Fuglen har karakteristisk
gulfarge og held seg ofte skjult, men sangen er lettkjenneleg. Typisk
låglandsfugl som et frø og korn. Stand-eller streiffugl.
Songarar
Fuglane i songarfamilien (Sylvidae) er
alle små, med spinkelt rett nebb. Dei lever i hovudsak av insekt. Som namnet viser er dei flinke songarar. Det
finst mange typar songarar i Norge. Dei er alle små fuglar som kan vere
vanskelege å oppdage i trea. Kvar art
har karakteristisk og tydeleg song. Lauvsongar (Phylloscopus trochilus)
er truleg den mest vanlege fuglen i Norge om sumaren. Likevel er den ikkje særleg kjent då den er
lik dei andre songarartane, spesielt gransongaren (Phylloscopus collybita). Songen består av mjuke, klåre og høge fløytetonar som til slutt dør hen. Om vårkveldane kan ein over alt høyre denne songen i skog og
mark. Lauvsongaren lever av insekt og
bær. Den kan fange insekt også når den
flyg. Den er trekkfugl som overvintrar i
tropiske og sørlege Afrika. Den kjem til
Norge i april-mai og reiser i august-september.
Tornsongar (Sylvia communis) lever først og fremst i ope
landskap, medan hagesongar (Sylvia borin) og munk (Sylvia
atricapilla) er forholdsvis vanlege i høg, tett lauvskog. Gransongar (Phylloscopus collybita)
lever i middels mogen\høg granskog, medan fuglekongen (Regulus regulus),
som er Norges minste fugl, er vanleg i gammal granskog. I motsetnad til dei andre songarane,
overvintrar ein del stammar av fuglekongar i Norge. Om vinteren overnattar til
vanleg fleire individ tett saman for å halde på varmen.
Kråkefuglar
Fuglane i kråkefamilien (Corvidae) er
betydeleg større enn fuglane omtala ovanfor. Dei er kjente for å vere både
lure, oppfinnsame, lærenemme og intelligente, og hadde m.a. av den grunn stor
plass i den gamle folketrua. Ein del
artar er også kjente for å kunne lære å lage hermelydar t.d. ord og setningar. Skjor
(Pica pica) er i stor grad tilknytt kulturlandskapet. Den har lettkjenneleg svart og kvit drakt med
metallfarga hale. Skjor er altetande og har evne til å tilpasse seg ulike
miljø. Skjorereiret skil seg frå andre
kråkefuglreir ved at det har tak. Kråke (Corvus corone) er den
vanlegaste kråkefuglen i Norge. Den er
grå med svart hovud, bryst, venger og hale og er altetar. Den er kjent for å ha felles
overnattingsplassar der det om vinteren kan vere opp til til tusen individ.
Kråka er rekna for å vere ein av dei mest intelligente fuglane i verda. Ramn
(Corvus corax) er ein heilsvart kråkefugl og er den største av kråkefuglane.
Den er altetar, men har også i stor grad spesialisert seg på å leve av åtsel
inklusiv larvar og biller i åtselet. Den
drep også sjuke og skadde dyr. Ramn har lett for å lære hermelydar.
Alle fugleartane omtala ovanfor tilhøyrer
ordenen spurvefuglar (Passeriformes). I
heile verda er det om lag 5300 artar fugl i denne ordenen. Det er om lag halvparten av fugleartane i
verda. I Norge hekkar om lag 100 artar
spurvefugl.
Gauk
Gauk (Cuculus canorus) høyrer til ein eigen orden,
gaukefuglordenen (Cuculiformes),og er litt større enn ei gråtrost. Den har forholdsvis lang hale og
fargemønsteret er haukliknande. Gauk er
mest kjent for sine karakteristiske lydytringar: ko-ko frå byrjinga av mai og
utover i Sør-Norge, og noko seinare nordover i landet. Det er berre hannen som lagar denne
lyden. Både hannen og hoa kan elles lage
boblande, småspoveliknande lydar. Ein
del gaukeindivid reiser til overvintringsplassen i tropisk og sørleg Afrika allereie
i juli månad. Gauk har i stor grad
spesialisert seg på å leve av sommarfugllarvar, særleg hårete larvar t.d. av
spinnarar. Ingen andre fuglar et slike
larvar, då håra har irriterande verknad
og ofte direkte giftverknad. Larvehåra
set seg fast i mageslimhinna hos gauk og denne får etter ei tid ein
pelsliknande utsjånad. Gauken gulpar
imidlertid med jamne mellomrom opp slimhinna med larvehår og vert såleis kvitt avfallet. Gauk skil seg elles også frå andre norske
fuglar ved at den er reirparasitt, dvs. den legg egga i andre fuglar sine
reir. Det finst fleire stammar gauk og
kvar stamme har spesialisert seg på å leggje egg i reira hos berre 1
fugleart. Spesialiseringa er komen så
langt at gaukane i kvar stamme legg egg med storleik, form og fargemønster som
liknar sterkt på egga hos den aktuelle vertsfuglen. Heipipelerke synest å vere den mest vanlege
vertsfuglen, men det finst også gaukestammar som legg egg i reir hos t.d.
linerle, rødstrupe, buskskvett og hagesangar.
Gaukegga vert klekte på særs kort tid (10-12 dagar). Dette sikrar ofte at gaukegget vert klekt før
dei andre egga. Den nyklekte gaukungen kastar så ut dei andre egga. Vha. eit stort, rødt gap stimilerer den
kraftig matingsinstinktet hos vertsfuglparet, og får såleis mykje mat og veks
raskt. Også tilfeldig forbipasserande
fuglar av ymse artar kan bli stimulerte til å hente mat til gaukungen. Forholdet gauk-vertsfugl har utvikla seg over
svært lang tid slik som dei fleste parasittiske relasjonar. Ein del fugleartar har gjennom tidene avslørt
gauken, og angrip den svært hissig så snart dei får auga på den. Det
haukliknande fargemønsteret hos gauk synest å vere eit mottiltak mot dette ved
at det får fuglane til å tru at gauken er ein farleg hauk. Det er såleis eit døme på mimikry.
Spetter
Spettene tilhøyrer ein eigen orden,
spettefuglar (Piciformes). Spettene er
forholdsvis vanlege i skogen og i områda rundt skogen. Karakteristisk kjenneteikn er at foten har 4
tær, 2 som vender framover og 2 som vender bakover. Den ekstra tåa bakover gjev fuglen støtte når
den står på ein trestamme. Grønnspett (Picus viridis) lever for det
meste av maur. Den kan hakkar sund
maurtuer. Denne spetta er forholdsvis
lite sky. Flaggspett (Dendrocopos
major) tek insekt, spesielt biller i barksprekker eller morkne trestammar i
sumarhalvåret. Om vinteren tek den frø
frå konglar som den har kila fast i barksprekker.
Rovfuglar
Av rovfuglane er haukane og uglene
forholdsvis vanlege i skogen. Dei er plasserte i eigne ordenar, høvesvis
haukeordenen (Accipitriformes) og
ugleordenen (Strigiformes). Dei mest kjente haukane er hønsehauk
(Accipiter gentilis) og spurvehauk (Accipiter nisus). Hønsehauken fangar mindre pattedyr (mus,
ekorn og hare) og både små og litt større fuglar. Spurvehauken, som er vel halvparten så stor
som hønsehauken, fangar småfugl, m.a. mykje trost. I tillegg tek den meir tilfeldig mus, rotter
og insekt. I 1980 åra var det tal hekkande par hønsehauk
og spurvehauk i Norge høvesvis om lag
2500 og 5000.
Det er fjellvåk (Buteo lagopus) som er den vanlegaste rovfuglen i Norge med
opp mot 10 000 hekkande par i
smågnagaråra. Som namnet viser
er dette ein fjellfugl, og det er derfor
først og fremst fjellvandrar som kjenner den.
I hekketida lever fjellvåken først og fremst av fjellrotter og
markmus. Den et forholdsvis lite lemen
truleg fordi den ikkje liker lemensmaken.
Fjellvåk er trekkfugl som overvintrar m.a. i Aust-Europa.
Falkane skil seg frå haukar og våkar m.a.
ved at dei har ei spiss utbukting i overnebbet,
den såkalla falketanna. Både
dvergfalk (Falco columbarius) og tårnfalk (Falco tinnunculus) er forholdsvis
vanlege i store område av landet med tal hekkande par høvevis opp til
2000-6000 og 1000-3000. Elles er
jaktfalk (Falco rusticolus)
og vandrefalk (Falco peregrinus) velkjente falkeartar, men tal hekkande par for desse artane har i
lang tid vore lågt, særleg for
vandrefalk. Sistnemde art er i
hovudsak knytt til kysten, og har vore nær ved å bli utrydda i Norge.
Ein kan bestemme om ein dagrovfugl er
ørn, våk, hauk eller falk ved m.a. å studere undersidesiluetten av fuglen. Ørnar og våkar har vifteforma hale under
flukt, dvs. halen aukar i breidde bakover.
Dette gjev ekstra oppdrift for desse fuglane, som er
langdistanseflygarar. Ørnane er større
enn våkane. Haukar og falkar har lang
hale med jamn breidde. Falkane skil seg
frå dei andre dagrovfuglane ved at den har spisse venger. Dessutan har dei, som nemnt ovanfor, falketann på nebbet.
Uglene er mest kjente for skrika som dei
lagar om kvelden og natta. Hubroen (Bubo bubo) er den største ugla i
Norge. Populasjonen av denne arten er mykje redusert i dag, men framleis er det
livskraftige hubrostammar på Vestlandet
og i Nordland. Kattugle (Strix
aluco) er forholdsvis vanleg i låglandet i
Sør-Norge. Den er meir knytt til
kulturlandskapet enn dei andre uglene. Hannen si karakteristiske lydytring ho ho hoh ho-o-o kan ein høyre frå februar til mai
månad og om hausten. Kattuglene jaktar i
mørkret og fangar først og fremst mus og
rotter. Dessutan tek dei ein del fugl,
frosk, fisk, meitemakk og insekt.
Sjøfuglar
Ved kysten lever mange artar
sjøfuglar. Nokre har tilhald ute på
havet det meste av året, men hekkar på land i fuglefjell. Andre held seg på kysten heile året, eller er
flyttfuglar. Mest kjente er måkefuglane (måkar, terner, ljoar) og alkefuglane
(alke, lomvie, teist og lunde). Nokre
måkeartar oppheld seg også ofte i innlandet.
Hos vadefuglar (t.d. tjeld, vipe, heilo) og andefuglar (t.d. ærfugl,
stokkand, krikkand) lever nokre artar
ved kysten medan andre lever ved ferskvatn.
Krypdyr
Firfisle (Lacerta vivipara) er forholdsvis vanleg
i Sør-Norge. Den lever også i
Nord-Norge, og er det krypdyret i verda som går lengst mot nord. Det held til i små jordholer, og lever av
makk og insekt. Er mest vanleg i
fuktige, solrike område nær vatn, men lever også i sanddyner, steinrøyser o.l.
Den har 3-10 ungar i kullet. Firfisle er kjent for evna til å kunne kaste den
opphavelege halen (autotomi). Det veks
ut ny hale, men denne manglar ryggradsknoklar,
Hoggorm (Vipera berus) er den einaste giftslangen i Nord-
Europa. Manglar lemmer, men kjem seg
fram vha. bukskjel og ved å bukte kroppen.
Er vanleg både i fuktige og tørre skogsområder til Sømna i Nordland. Lever av firfisler, padder, frosk, markmus
o.l. Byttedyra vert drepene vha.
gift. Denne er farleg også for menneske,
men sjeldan dødeleg. Hoggorm har 5-20
ungar i kullet.
Amfibium
Vanleg frosk (Rana temporaria) lever i heile
Norge. Den held til i sumpar, fuktig
eng, åkrar og parkar. Individtalet i
kulturlandskapet er sterkt redusert pga. drenering og giftstoff. Lever av insekt og andre smådyr, særleg
snegl. Den legg klumpar av egg i
vatn. Kvar klump inneheld 3000-4000
egg. Etter ei tid utviklar egga seg til
rumpetroll.
Padde (Bufo bufo) lever i Norge sør for polarsirkelen. Skil seg frå frosk m.a. ved at huda på ryggen
er full av store vorter. Desse
produserer giftstoffet bufonin, som vernar padde mot rovdyr. Padde lever av insekt og andre smådyr, m.a.
snegl. Den legg ei lang (3-
Dyrespor
På turar ute i skog og mark kan ein ofte
sjå dyrespor t.d. fotavtrykk, gnagspor, matrestar og ekskrement. Slike spor er temmeleg vanlege og ein ser dei
oftare enn sjølve dyra, spesielt når det gjeld nattaktive dyr.
Fotavtrykk ser ein lettast i snø. Spora etter hare er velkjente, men revespor
og musespor er også vanlege. Når haren spring, vert bakbeina plasserte
framfor frambeina. Mårdyra
t.d. røyskatt har karakteristiske parspor. Fotavtrykk etter rype er uskarpe grunna dei
fjørkledde tærne. Storfugl derimot, set
skarpe fotavtrykk.
Om vinteren er det mange pattedyr som
gneg bark av trea. Dei brukar barken som
mat. På denne årstida er barken godt
festa til veden, og det blir derfor tydelege tannmerker på stammen. Ut frå
storleiken på tannmerka kan ein så avgjere om det er hjortedyr, hare eller mus
som har gnege bark. Ekorn gneg vanlegvis
ikkje bark om vinteren, pga. at barken er næringsfattig på denne årstida. Dersom gnaget er eit musegnag og det er
avgrensa til område heilt nede ved bakken, er det truleg markmus som har laga
det. Musegnag høgare oppe på stammen og
på greiner er laga av klatremus.
Om sumarhalvåret kan barken vere
forholdsvis laust festa til veden.
Hjortedyr kan då skrelle av store barkflak frå stammar og låge greiner
utan at dei set tydelege tannmerke i veden.
Også ekorn kan skrelle av slike flak, men berre frå stammar.
Haren har kraftige kjevar og tenner, og
kan derfor bite av forholdsvis tjukke greiner.
Snittflata er skrå og ofte heilt jamn som om den var skoren med skarp
kniv. Hjortedyra bit også av greiner på
trea, men snittflata er ofte svært frynsete.
Bartrefrø og hasselnøtter er næringsrik
mat for ekorn og mus. For å få fatt i bartrefrøa må ekorn og mus gnage av
kongleskala. På ein slik matplass ligg
det derfor mange frie kongleskal og dessutan konglestilkar som heilt eller
delvis manglar skal. Grankonglestilkar
som er vorte handsama av ekorn, er temmeleg frynsete, med forholdsvis lange
trevlar i den butte enden. Tilsvarande
stilkar handsama av skogmus og klatremus, manglar trevlar i den butte enden, og
er generelt lite frynsete. Alt i alt
gjer musene eit langt "penare" arbeid enn ekorn når dei gneg på
bartrekonglar.
Ekorn gneg ein sprekk i den spisse enden på
hasselnøtter, og stikk så framtennene i underkjeven inn i sprekka. Dei kløyver
så nøtta på langs og et kjernen. Skogmus
og klatremus gneg eit forholdsvis stort, rundt hol i skalet og gneg så på
kjernen. Musene kløyver såleis ikkje
nøtta på langs.
Hasselnøtter med uregelmessig opning er
hakka sund av fugl, t.d. spetter.
Grankonglar med skal som spriker i mange retningar, er også handsama av
spetter. Store hol i maurtuer skuldas grønspett, som
et maurpupper i tua.
Ekskrement er velkjente dyrespor, med
karakteristisk form, innhald og farge. Rovdyra har avlange, bølga ekskrement
der eine enden er trekt ut til ein spiss.
Ofte er det hår frå byttedyra i ekskrementa. Grasetarar har ofte runde
eller ovale ekskrementperler, med jamn overflate og gulaktig farge. Ofte er der mykje korte grasstrå i
ekskrementa frå desse dyra. Hareperlene
er oftast runde, medan perlene frå hamsterdyr som markmus og lemen er ovale. Ekskrementa frå ekte mus som skogmus og
klatremus er også avlange, men overflata er noko ujamn. Eine enden er såleis
ofte uttrekt til ein spiss.
Ekskrementa frå orrfugle og rype er
sylinderforma og svakt boga. Om vinteren
er dei tørre og faste og består av større og mindre plantedelar. Fargen er ofte gulbrun eller mørkebrun, og
dei er såleis lett synlege på snøen.
Rovfuglar gulpar opp ufordøyelege matrestar t.d hår, hornmateriale, bein
og stein. Ofte legg dei frå seg eit par
oppgulp per dag. I ugleoppgulpa er det
alltid mykje skjelettstrukturar frå byttedyra, då fordøyingsvæskene hos desse
fuglane ikkje løyser opp bein. I
oppgulpa frå t.d. haukar er det til vanleg ikkje bein, men mykje hår. Også
måkar, kråke og skjor produserer oppgulp.
Naturnamn
Gamle former og uttrykk som ofte
inngår i naturnamn i Norge. Dei gammalnorske formene er skrivne i kursiv. For
mange av orda finst det fleire tolkingar enn det som er oppgjeve her. Finn ut kva naturnamna tyder på stader som du
besøker på turar i skog og fjell.
Anger angr vik, fjord
Bekk brunnr brunn, kjelde, oppkomme
Blæje blæja/blægja klede, duk, åklede, laken, linklede
Botn botn botn (det inste) i fjord eller dal
Brekke brekka stor bakke
Brun brún kant, egg
Byrge byrgi borg, skanse, festning, inngjerding, kve
Dike díki dike, blautmyr, pøl
Dott dottr vesal skapnad
Djup djúp djup , djup stad, djupt vatn
Drive drífa drive, snødrev, snøfokk
Ekre ekra åkerland
Fen fen blautmyr, dike, dam, sjø
Fete fit flat eng, helst attmed vatn
Fles fles flatt skjer
Flet flet golv, særleg opphøgd bordgolv eller benk langs veggene, hus
Flog flog bratt fjell
Flu fluð flatt skjer som det flør over
Foss fors foss, brottsjø
Gadd gaddr pigg, odd
Gard garðr gard, gjerde
Geil geil gjel eller trong dal, trong eller inngjerd veg
Gjel gil gjel, bergkløft
Gjerde gerði jorde, inngjerdt jordstykke
Glenne glenna opning, mellomrom
Gòte gata gate, veg
Grande grandi sand-øyr, sandbanke
Hop hópr lita vik
Høl hylr kulp
Jare jaðarr kant
Keile keila kil, smalt sund
Kil kíll trong vik
Kleiv kleif (veg i) bratt bakke
Klepp klepp klump
Klett klettr koll, berkknatt
Kleve klefi lite rom (kove)
Klove klofi kløft
Krik krikr krok (lår)
Kvam hvammr liten dal
Kvie kví inngjerding for fe, trong gang
Kyllar kyllir pose, sekk
Kylpe kylp djup og grong innsenking i landskapet
Kyte kýta kul, pose
Led (h)lið port, opning
Legd ----- noko som er lagt ned eller inn (Innlegda)
Lende lenda jordeigendom
Lægd lægð låg stad i landskapet
Mork mork mark, skog
Nipe gnípa nut som hallar fram
Rane rani bergrygg, odde
Reine rein åkerkant, engstrimmel
Rås rás laup, gang
Råk rák gangsti, trakk
Set set pall
Set setr bustad
Skagar skagari ein som stikk fram
Slok slok renne
Smott smátta smal inngang
Stig stígr bratt, ulent gangveg
Strind strind stripe, kant
Sva svað glatt stad, flatt berg
Sve sviða stykke i skogen som er rydda ved brenning
Sæld sæld liten senking
Sæte sæti sete, sess
Såte sáta liten haug
Taske taska taske, pose
Tuft topt stad der hus står eller har stått
Tveit þveit rydning, avskore stykke
Tå tá yste odde på nes
Vad vað vadestad
Vang vangr voll, open plass
Varde varði oppstabla steinar til merke
Voll vollr grasslette
Naturmiljø
Naturkjensle er først og fremst evna til å legge
merke til detaljer i naturmiljøet, og evna til å kunne oppleve naturen med opne
sansar.
Det er viktig
at barna får høve til å utvikle og styrke naturkjensla. Dette gjev dei trygg identitetskjensle
og kjensle av tilknyting til miljøet. Det gjev dei også ei aktiv og positiv
haldning til naturen og forståing for samanhengar i
naturen.
I det moderne
samfunnet er det særleg viktig å legge forholda til rette slik at barna kan
oppleve naturen direkte med eigne sansar, då mange barn får for lite slike
røynsler. Barn treng sansestimulering frå
dei er heilt små. Den mest allsidige
stimulering skjer i naturmiljøet.
Naturkjensla vert då skapt og utvikla gjennom naturopplevingar og
naturoppdagingar.
Variert sansestimulering
Det er viktig
at barna tidleg kjem i kontakt med forskjellige naturmaterial som vatn, sand,
jord, leire og snø. Dette styrkjer evna
til å kjenne igjen ulike naturgjenstandar.
Umedvite lærer barna korleis deira eigen kropp vekselverkar med
omgjevnadane. Større barn får størst
sansestimulering ved at dei blir tatt med til forskjellige naturområde der dei
kan leike fritt. Gjennom leiken vil dei
oppdage mange nye ting både i den livlause og levande naturen og få variert
sansestimulering gjennom syn, hørsel, hudsans (varme, kulde, lett trykk, stort
trykk, smerte), lukt (fleire tusen luktvariantar) og smak (salt, søtt, surt og
bittert). Barn som får høve til å utfolde seg på denne måten, får den
sansetrening som er nødvendig for ei harmonisk utvikling.
Døme:For dei
minste barna: Leike i sandkasse der det er forskjellige naturmaterialar. Krabbe
fritt rundt på forskjellige underlag som mjuk mose, eng og fin sand.
For dei større
barna: Leike på ei opa slette i skogen.
Samle kvistar, blad, blomar,
konglar, mose, lav, stein, som så blir sorterte. Samtale om naturgjenstandane
(umetvite
begrepslæring). Gå barbeint på forskjellige underlag som
mose, gras, sand, grus, småstein, tørt berg, kvistar, snø. Samtale om korleis det kjennest å
gå på desse
underlaga.
Ein trygg leikestad
Barna har ein
tendens til å søke tilbake til dei same leikestadane. Daglege opplevingar på ein slik stad gjer at
dei vert særleg godt kjente der. Dei
kjenner igjen naturdetaljar som berg, steinar, stubbar, ymse tre og busker,
elvar, dammar, sandgroper og bergholer.
Nøyaktig kjennskap til alt som finst innanfor området gjer at barna
kjenner seg trygge, og denne tryggleiken er det beste grunnlaget for vidare
harmonisk utvikling. Etter kvart blir
området utvida og barna gjer nye røynsler.
Barna opplever mangfaldet i naturen ved sjølve å vere i den.
Det er viktig
for barna at det er ein eller fleire slike varierte leikeplassar i nærleiken av
barnehagen. Dei første turane dit kan
bli svært slitsame for personalet pga. barna sin virketrong. Men når dei er blitt kjente med området, vil
det heile roe seg mykje ned, og ein bør då gjerne gå dit kvar dag når veret er
godt nok. Grunneigaren må gje løyve til at området kan brukast som
leikeplass (gjeld også for utmark).
Staden der ein
bur dei førstre 10 åra av livet får ein heilt spesiell betydning for alle
menneske, og blir på mange måtar den eigentlege heimstaden gjennom heile
livet. Dette viser kor viktig stad,
natur og omgjevnader er for menneska i denne perioden. Mange vaksne søkjer tilbake til områda der
dei leikte som barn, truleg fordi dei vil oppleve kjenslene av tryggleik og
livsglede som dei opplevde som barn, og for å få
oversikt over sin eigen identitet og utviklingsvegen for personlegdomen.
Utsiktsstad
Barn søkjer
ofte oppover i terrenget til frittliggjande stadar. Dei får dermed oversikt. Små barn kjenner ikkje til
kart og dei har behov for direkte oversikt over naturen for å få inntrykk av
korleis dei forskjellige elementa (berg, stein, treklynger, hus, vegar, dammar,
elvar osv.) er plasserte i forhold til kvarandre. Barna får frå slike utsiktspunkt også kjensel
av å vere store og mektige. Skrik og
høge rop kan vert uttrykk for dette.
Synsinntrykka frå utsiktsplassen stimulerer barna sine evner til å tenke
i heilskap, og gje dei enkle refleksjonar om den plassen dei sjølve har i denne
heilskapen. Dette styrkjer
sjølvopplevinga og opplevinga av identitet og virkelegheit.
Dersom det er
ein god utsiktsstad i rimeleg avstand frå barnehagen, bør ein gå dit regelmessig med barna, slik at dei kan
få oppleve heile landskapet gjennom årstidene.
Tema på
utsiktspunktet kan vere:
a) Veret i
dag. Samtale der himmel, sol, skydekke,
sikt i lufta, nedbør, temperatur osv. blir omtala. (Sansetrening og umedvite omgrepslæring).
b) Tid og
stad: Ein samtale om forandringane i
naturen som har skjedd sidan sist ein var på utsiktspunktet. (Sansetrening,
hugsetrening og umedvite omgrepslæring).
c) Det ein ser
frå utsiktspunktet. Det er svært mange
synssanseinntrykk på utsiktsstaden. Av pedagogiske omsyn bør ein derfor avgrense
sanseinntrykka når ein skal samtale om dei. Ein kan t.d. først sjå på det som
ligg i austleg retning, så i sørleg, så i vestleg og så i nordleg retning, med
vidare inndeling ved først å sjå på det fjerne og så det nære. Samtale om det
ein ser. (Sansestimulering og umedvite omgrepslæring).
d) Det ein høyrer på utsiktsstaden: Barna lyttar etter lydar frå aust, sør, vest og nord, med vidare inndeling
i fjerne og nære lydar. Barna bør også
lytte etter svært svake lydar. Samtale om det ein høyrer. (Sansestimulering og
umedvite omgrepslæring).
Ein kan vidare
fotografere på utsiktsstaden. På
ruskeversdagar kan barna sjå på desse bilda, saman med gamle bilde frå same
staden. Samtale om dei forandringane som
har skjedd rundt utsiktsstaden gjennom åra.
Gjev barna trening i å sjå seg sjølve og naturen i heilskap. Gjev trening i å oppleve avstand i rom og
tid.
Omgrepsdanning
Eit barn på 2
år ser for første gang ein hund og går bort il den og stryk den. Dei vaksne brukar uttrykket
"hund". Ved seinar høve når
barnet ser hundar, brukar foreldra det
same uttrykket. Før eller seinare vil
barnet sjølv bruke uttrykket når det ser ein hund. Barnet har då fått danna eit omgrep. Gjennom nye røynsler vert omgrepet klårare og
meir eintydig. Barnet vil etter kvart
lære å skille hundar frå t.d. kattar og kaninar. Seinare lærer det også å skille mellom
forskjellige typar hundar (hunderasar).
Barn lærer omgrepa umedvite. For
å sikre innlæring av omgrep for grupper av barn kan ein gå fram på følgjande
måte:
Konkret oppleving med allsidig sansestimulering
Døme: Fri leik på t.d. ei skogflate slik at barna
blir godt kjente og føler seg trygge.
Deretter innsamling av kvistar med lauv frå forskjellige tre i skogen.
Sortering og omgrepsinnlæring
Døme: Sortere ut og legge kvistar frå t.d. bjørk i
ein haug, og frå t.d. selje i ein haug osv.
Barna brukar fleire sansar ved sorteringa dvs. dei ser på bladform, nerveform, bladfarge, kvistfarge
osv., kjenner korleis blada er å ta på (glatte, ru, hårete)
og luktar dei karakteristiske luktene frå dei ymse blada og frå borken på
kvistane. I barnehagen bør dei finaste
kvistane bli limte opp på papplater, eitt treslag på kvar plate.
Omgrepsbruk
Døme: Tur til skogen. Ei papplate til kvar barnegruppe, som så skal
finne tre i skogen av same art som på plata.
Samtale om dei forskjellige trea i skogen, der begrep som tre, lite tre,
stort tre, kvist, lys kvist, mørk kvist, blad, lite blad, stort blad, stivt
blad, mjukt blad, grønt blad, grått blad, glatt blad, hårete blad, blad med
lukt, blad utan lukt, overside, underside osv. kan bli nemnde. Barna skal også få fortalt namna på trea
dersom dei spør etter det.
På
ruskeversdagar kan så barna bruke bøker med bilde og fortellingar om skogen og trea og dyra der. Ved seinare turar kan ein ta med papplatene
igjen og la barna få leike vidare med dette temaet. Opplegget kan utvidast med at barna samlar
inn kvistar med lauv frå tre som dei enno ikkje kjenner.
Levande og ikkje levande
Barn i alle
aldrar har vanskar med å skille mellom desse to begrepa. Røynslebakgrunnen er her heilt avgjerande
for korleis barna forstår desse omgrepa. I barnehagar der dei har hatt terrarium med
skrukketroll, svarar til vanleg alle barna at skrukketroll er levande. Årsaka til rett begrepsforståing her, er at
barna har mata skrukketrolla og sett at dei har ete, og dei har sett at
skrukketrolla har vakse og fått ungar, som igjen har vakse.
Generelt meiner
barnehagebarn at ting som rører seg er levande. Dei fleste meiner såleis at luft, skyer,
vind, elv, tog, bilar, eld og fjernsyn er levande.
Sidan dei
sjølve er levande, blir det ofte
begrepet ikkje levande som blir vanskeleg og tungt å lære eller forstå.
Det beste
grunnlaget for å utdjupe desse begrepa er at barna får oppleve og leike direkte
med levande organismar (dyr, tre, plantar) og med den livlause naturen (vatn, snø, luft, leire sand, steinar osv.).
Frøspiring
Både barn og
vaksne er usikre på om plantefrø er levande eller ikkje levande. Svaret er at praktisk talt heile frøet er
levande. Frøet består av 2 komponentar:
plantefoster og frøkvite. Plantefosteret består i hovudsak av ei
lita rot og eitt frøblad (grasartar) eller to frøblad (dei vanlege blomsterplantane).
Frøkviten inneheld mykje opplagsnæring i form av stive og\eller feitt saman med
dei cellene som har produsert denne næringa.
Hos mange artar er det lite frøkvite og det er sjølve frøblada som
inneheld opplagsnæringa. Frø frå ville plantar og tre i Norge inneheld om
hausten eit spirehemmande stoøff. Dette
stoffet hindrar frøa i å spire i mildversperiodar om hausten. Spirande plantar om hausten blir fort drepne
på kalde dagar. Det spirehemmande
stoffet vert gradvis øydelagt når det er kaldt om vinteren, og er praktisk talt
borte når våren kjem. Frøa kan då spire
uhemma, og dei har no ein lang vekstsesong framfor seg.
Frøa treng både
vatn, varme, oksygen og ofte litt lys for å byrje å spire. Eventuelt lyskrav sikrar at frø langt nede i
jorda ikkje spirer, dei ligg for djupt nede i jorda til å nå bakken.
Nøyare
gransking har vist at det berre er hos ein del planter t.d. furu, bjørk, revebjølle og timotei at frøa
har lyskrav ved spiringa. Hos andre
artar t.d. bergflette spirer frøa i mørkret,
medan hos andre artar t.d. havre og kveite spirer frøa både i lys og
mørkre.
Mange frø frå
planter og tre spirer berre om våren og
sommaren. Hos slike frø er det
innebygde mekanismar som hindrar spiring
elles i året. Det finst ei
rekkje spirehemmande mekanismar:
1) Frøskalet kan hindre opptak av vatn og
oksygen. Slikt opptak kan då først skje
når frøskalet er nedbrote av mikroorganismar.
2) Frøet kan ha kjølebehov. Spiring kan her skje berre etter at fuktige
frø har vore utsett for låg temperatur t.d
2-5 C
over ein kortare eller lengre periode.
Mange av treslaga t.d. bjørk,
lønn, gran og furu har frø med kjølebehov.
3)
Spirehemmande stoff t.d kumarin og abscisinsyre
kan hindre spiring. Spiring kan
då tidlegast skje når desse stoffa er nedbroten eller fjerna frå frøet. Hos ein del frø verkar fleire av faktorane
nemde ovanfor samtidig. Bjørkefrø har
både tett frøskal, kjølebehov, lysbehov og spirehemmande stoff.
Generelt sikrar
spirekrava at frøa spirer berre på den årstida då sjansen for vellukka spiring
og vidare utvikling er størst. Imidlertid kan frøa frå eitt og same individ
ha noko varierande spirekrav slik at nokre av frøa kan spire i godversperiodar om hausten. Ofte vert desse unge plantene drepne av
haustkulden, men dette representerer
ikkje nokon fare for arten då dei fleste frøa overvintrar grunne spirekrava og
mange gjennomfører vellukka spiring
neste vår
Ein del artar
har frø som berre har vatn, oksygen og
varme som absolutte spirekrav. Dersom desse krava er oppfylte, spirer dei så
snart som dei er falt ned på bakken. Selje, vier og osp har denne typen frø. Imidlertid er frøa hos desse treslaga
kortliva. Hos selje lever frøa berre i
nokre få dagar når spirekrava ikkje er oppfylte, medan dei hos osp lever i
nokre veker. Også almefrøa dør etter nokre veker når dei ikkje får høve
til å spire.
Meldestokk har
2 slags frø: små og brune frø som spirer
om hausten, og større, svarte frø som har kuldekrav og
derfor spirer først om våren.
Nokre planter
og tre har svært langliva frø. Ein har
såleis fått hønsegrasfrø som har lege 300 år i jorda, til å spire.
Mykje tyder på at desse frøa hadde spirt sjølv om dei hadde lege t.d.
500 år i jorda.
Generelt
startar spiringa ved at plantefosteret produserer eit hormon som får celler i
ytre del av frøet til å produsere store mengder enzym av gruppa hydrolase. Desse enzyma spaltar næringa i frøkviten
eller frøblada til enkle sambindingar:
druesukker, aminosyrer, arvestoffsyrer, feittsyrer og glyserol. Fosteret tek så opp desse næringsstoffa og
kan dermed vekse .
Døme:
Nedbrytinga av stive under frøspiringa skjer vha. hydrolaseenzym av typen
amylase. Eigentleg trengst det 2
amylaseenzym - alfaamylase og betaamylase - for at stive skal bli nedbrote. Alfaamylasen vert produsert under spiringa og
den kappar opp greinene på stivemolekylet.
Betaamylasen ligg lagra i frøet og kappar opp langkjeden i
stivemolekylet når alfaamylasen har fjerna greinene. Ubehandla stive blir blåfarga av jod, stive
behandla av alfaamylase dvs. stive utan
sidegreiner i molekylet, blir brunrødfarga av jod, medan stive behandla med
begge amylasetypane blir nedbrote og gjev dermed ingen fargereaksjon med jod.
Så snart spiren
er komen opp av molda, skal den ha godt lys, men mindre varme enn under sjølve
spiringa. Lyset er i første omgang
nødvendig for at det skal bli produsert klorofyllkorn i plantecellene. Grønfarge i spirene viser at det er blitt laga klorofyll. Når
planten har fått klorofyll, startar den opp med fotosyntese, dvs. den lagar
druesukker på eiga hand. Av druesukker
lagar den alle andre organiske stoff som den treng, t.d. stive, aminosyrer,
arvestoffsyrer, feittsyrer, glyserol, cellulose, osv.
Spiren må såleis greie seg på eiga hand, då den no har brukt opp opplagsnæringa i frøet.
Dersom planten
vert ståande i eit mørkt rom etter at den er kommen opp av molda, held den fram
med å vekse raskt oppover utan å utvikle vanlege blad. Den raske veksten er eit forsøk på å nå opp i
lyset slik at den kan få produsert klorofyllkorn og starte opp med
fotosyntese.
I barnehagen
kan ein sette mange typar frø til spiring.
Barna kan t.d. finne frø i skogbotnen, t.d. av lønn eller hassel. Dei
kan også vere med på å lage til luftig plantejord, t.d. ved at ein blandar godt
ein del god skogmold med ein del sand. Generelt bør ein skylle bort fruktsafta
på skogsfrø, og deretter tørke dei før såing.
Barna kan plante t.d. 3 lønnefrø i kvar blomsterpotte. Frø av lønn spirer svært lett, og minst eitt
av frøa i kvar potte spirer. Barna kan
t.d. ta dei små lønneplantene med seg heim og plante dei der. Kanskje kan det bli eit minne for livet. Eventuelt kan småtrea plantast i barnehagen,
til glede for barna som er der no og for dei som kjem seinare.
Vidare kan dei
barna som har interesse for det, eksperimentere vidare ved å så frø frå t.d.
kirsebær, plomme, eple, appelsin, grapefrukt, paprika og fersken.
Dyrking av grønnsaker og krydder
Det kan også
vere morosamt og lærerikt for barna å stelle i ein kjøkkenhage. Dersom det er ein grønnsakhage, kan dei også
få stetta trongen til å smake på plantene.
Det er mange grønnsakartar som ein kan plante i ein slik hage t.d.
gulrot, kålrot, selleri, rødbete, reddik, kvitkål, rødkål, blomkål, spinat,
hagesalat, hagebønner og hageerter.
I ein krydderhage
kan ein t.d. så persille, dill, karve, fennikel, karse, purre, gulløk og
grasløk. Dei krydderplantane som blir dyrka og brukte i Norge, er først og
fremst persille, grasløk, dill og karve.
Persille er det
mest brukte krydder i Norge. Det finst to typar persille: rotpersille og
kruspersille. Rota av den første vert brukt i supper, medan blada av
kruspersille vert brukt som krydder og som pynt på serveringsfat. Begge artane spirer seint.
Grasløk er ei
fleirårig plante som er hardfør og lite kravfull. Blada vert brukte rå som krydder. Rik på A-
og C vitamin. Lett å dyrke. Karve er ei
toårig skjermplante, som også veks vilt i Norge. Karvefrø spirer fort.
Blada blir brukte i suppe, karvekålsuppe. Fruktene har sterk aromatisk lukt pga. eteriske
oljar. Dei blir brukte som krydder m.a.
i ostar og kokte kålrettar.
Karseplanter er
lette å dyrke. Dei har skarp, fin
smak og vert brukte som krydder eller som pynt på smørbrød.
Mange av
krydderplantene kan også dyrkast i potter inne i hus. Elles kan ein ha hardføre
stoveplanter, t.d. grønnrennar, og svigermors tunge i barnehagen. Vidare kan stoveplanter av t.d. typane
begonia og pelargonia med sine store,
vakre blomar, pynte godt opp i barnehagen, og vere med på å gjere det fysiske
miljøet trygt og hyggeleg for alle som
er der.
Barna må aldri
smake på stoveplanter.
Akvarium i skule og barnehage
Eit akvarium
kan vere til både nytte og glede for mange av barna i ein skule eller
barnehage. Dei får då sjå og oppleve
korleis livet i ein dam\innsjø fungerer.
Spesielt synest dei at det er interessant og morosamt å sjå på fiskane i
akvariet. Dei likar også godt å gje fiskane mat og sjå på at fisken et.
Når ein skal
starte opp med eit akvarium, må ein ha kjennskap til ei rekkje tekniske
detaljar. Desse finn ein lettast i
akvariebøker t.d. Ward, B.: Akvarieleksikon, Schibsted, Oslo, 1987.
Eit akvarium
med vatn, dyr og planter, er eit lite økosystem, dvs ei samling av levande og
livlause delar som er knytte saman med krinsløp. Det største biologiske problemet som ein står
ovanfor når ein skal starte opp eit akvarium, er å få krinsløpa i dette
økosystemet til å fungere skikkeleg. I
praksis er det berre eit av nitrogenkrinsløpa som kan skape vanskar. Årsaka til desse vanskane er mangelen på
nitrittbakteriar og nitratbakteriar i eit nystarta akvarium. Den enklaste og sikraste måten å løyse dette
problemet på, er å kjøpe slam frå eit av akvaria i akvariebutikken. I dette slammet er det store mengder av dei
to bakterietypane nemnde ovanfor.
Dessutan er der andre viktige bakteriar.
Akvariet med
sand, slam, plantar, luftpumpe, varmekolbe (24 C) og lys, bør stå fullt montert nokre
dagar før ein har fisk opp i vatnet.
Vanleg lystid per døgn er 12 timar.
Det er no
utvikla store mengder bakteriar i sandlaget og desse kan omforme giftig
ammoniakk frå fisken til plantenæringssaltet nitrat. Bakteriane dør dersom dei får for lite oksygen.
Akvariepumpa må derfor aldri vere slått av meir enn ein halvtime om gongen.
For at eit
akvarium skal bli pent må det ha plantar.
Fremst bør det vere små plantar, i midtre del middels høge plantar og
høge plantar i bakre del. Akvarielysrør
gjev rett lystype for fotosyntese, og dei avgjev lite varme. Lyset skal nå heilt ned til botnen. Plantane produserer oksygen under fotosyntesen.
Dersom det er lite fisk i vatnet, produserer plantane nok oksygen til både
bakteriane og fiskane.
Dei fleste
akvarieplantar og akvariefiskar er tropiske organismar, og krev såleis både
høg og jamn temperatur. Dette oppnår ein
ved å bruke termostatstyrt varmekolbe som ein innstiller på t.d. 24 C.
Sidan dette er eit elektrisk apparat som skal under vatn , må
brukstilvisinga lesast nøye. Barna må
ikkje leike med varmekolben.
Når ein skal
velge fisk, bør ein studere ei akvariebok på førehand, gjerne saman med
barna. Siklidefiskane er både store og
fargerike og høver derfor godt i barnehageakvariet. Elles er guppy, platy og
gullfisk mykje brukte som akvariefiskar.
Spesielt for guppy (Poecilia reticulata) er at dei ikkje legg egg
(rogn), men føder levande ungar. Det vil
vere interessant for barna å følge med i utviklinga hjå ein guppyfamilie. Observasjonane kan danne grunnlag for samtale
om tema forplanting\fødsel.
Ved oppstarting
av akvarium støyter ein også på fysiske og kjemiske problem. Posen med nyinnkjøpt fisk skal såleis liggje
å flyte i akvarievatnet i 0,5 time før fisken vert sleppt ut i vatnet. Dette skal gjerast for å hindre at fisken får
temperatursjokk. Vidare skal ein i løpet av denne halvtimen etappevis skifte
ut posevatnet med akvarievatn, slik at det når halvtimen er over er meir
akvarievatn i posen enn av det opphavelege vatnet. Dette gjer ein for å hindre kjemisk sjokk,
spesielt pH-sjokk for fisken. Trass
i dette sikringsopplegget er fisken
ofte temmelege utslått den første timen i akvariet. Motstandskrafta mot sjukdomar er redusert, og
ikkje sjeldan dør ein del av fiskane. Om
fiskane skal trivast avheng i alle høve av om dei blir tekne godt imot av dei
andre fiskane i akvariet. Observasjonane
kan danne grunnlag for samtale om korleis barna skal vere mot kvarandre og mot
framande barn og flyktningar.
Det er mange
organismar som trivest i lyst og varmt akvarievatn. Det kan fort bli svært mange sneglar i eit
akvarium. Dersom det er mykje lys og næringssalt, blir det sterk grønalgvekst
i akvariet. Når det er lite lys og mykje
næringssalt, blir det oppblomstring av brunalgar. Algelaget på akvarieglaset
kan fjernast med algeskrape. Elles kan
algeetande fisk, t.d. black molly vere med på å halde akvariet reint for
algar. Sjå elles i akvariebøker om
vedlikehald av akvariet, skifting av vatn osv.
Også
fiskeparasittar (sopp, flagellatdyr, bakteriar og virus) trivest godt i akvarievatnet. Vanlege sjukdomsteikn på fisken er kvite
eller røde flekkar i huda, eventeuelt kvite bomullsliknande vedheng frå huda eller finnar, og at fisken ikkje et,
men berre står stille i vatnet. Ofte er alle fiskane av same art smitta. Dersom du vha. handbøker greier å stille rett
diagnose, kan sjukdomen kurerast vha.
medisin, som du får kjøpt i akvariebutikken.
Barna bør vere med på dette arbeidet å sjå korleis utviklinga går.
Observasjonane
her kan danne grunnlag for samtale om tema sjukdom\død.
Fiskar som dør,
må straks fjernast frå vatnet, då all fisk i akvariet fort kan bli forgifta av
nedbrytingsprodukta t.d. ammoniakk frå den døde fisken.