HSF sin FoU-pris for 2002 er tildelt Brynjulf Stige, Sandane

Nemnda si grunngjeving:

FoU-prisen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vert i dag delt ut for fjerde gong. Prisen består av kr 30 000, ein diplom/grafisk trykk med namnet på prisen, år for tildeling og grunngjeving for prisen. 

Nemnda som har tildelt prisen, har bestått av: 
Ole T. Kleiven, prorektor og leiar av nemnda, Avdeling for Helsefag, Leif Hauge, dekanus, Avdeling for Naturfag, Ingrid Fossøy, førstelektor, Avdeling for Lærarutdanning og Jan Olav Fretland, førsteamanuensis, Avdeling for Lærarutdanning. Sekretær for nemnda er FoU-leiar Georg Arnestad.

Årets prisvinnar er ein engasjert og dyktig forskingsentreprenør, gründer og fagskribent. Han høyrer med til den type kollegaer som alltid stiller opp og tar ansvar. 
Nokre forskarar kan oppretthalde ein stor produksjon ved å halde seg vekke frå alle sosiale samanhengar, ved å isolere seg osv. Dette gjeld ikkje årets prisvinnar. Han er alltid midt i stormen, og klarar likevel å snu seg rundt for å skrive ein artikkel eller gjerne ei bok. 
Det seiast om han at han høyrer med til dei som står opp klokka 5 om morgonen for å skrive, og som gjerne held fram gjennom neste natt om det er nødvendig. Han har eit stort fysisk og psykisk overskot, evne til å fokusere og konsentrere seg. Snakkar ein om energi, har han ein slags Duracell kvalitet.

Nemnda har i år valt å tildele fou-prisen til Brynjulf Stige

Brynjulf Stige er førstelektor ved musikkterapistudiet ved Studiesenter Sandane. Han har vore tilsett i HSF sidan oppstarten av musikkterapistudiet i 1988. Han har hatt eit nært samarbeid med Norges musikkhøgskule og Institutt for musikk og teater ved UiB, der han òg har hatt eit dr. grads stipend.

Han har gjennom sin utrøyttelege innsats for musikkterapien ein stor del av æra for at HSF og Studiesenter Sandane er sett på kartet internasjonalt i forhold til musikkterapi, og som eit kompetansesentrum for kultursentrert musikkterapi. 

Stige sine publikasjonar er mangfaldige og spenner over ei rekkje sjangrar. Han har både skrive teoretiske og vitskapelege artiklar, populærvitskapelege artiklar, fagbøker, bokkapitel, fagartiklar i dagspressa og metodisk litteratur. Han er ein mykje brukt foredragshaldar både i inn- og utland og bidreg ofte ved internasjonale vitskaplege konferansar. 

Stige har eit kultursentrert perspektiv på musikkterapien, der fokus er retta både mot samfunnet og individet, og den musikalske samhandlinga blir sett på som ein moglegheit for sosial erfaring. Desse perspektiva som Stige har gjort greie for i fleire artiklar, har i dei seinare åra skapt endringar i forståinga av musikkterapi. Frå å omfatte individretta arbeid i det lukka musikkterapirom til å inkludere meir utoverretta musikalsk verksemd, der ein søkjer å endre samfunn og kultur like mykje som individa.

Stige har gjennom ei rekkje artiklar og foredrag på internasjonale konferansar og no sist i 2002 med to bøker om dette temaet, bidrege til at dette perspektivet no har blitt sett på dagsorden internasjonalt.

Stige var også initiativtakar til å få starta Nordic Journal of Music Therapy, der han frå starten av har vore redaktør. Dette tidskriftet har no blitt eit internasjonalt tidsskrift med lesarar over heile verda, og det har hausta stor internasjonal anerkjenning. 

I 2000 tok han også initiativ til å starte nettidsskriftet Voices, der han også er redaktør. Dette tidskriftet har redaktørar frå alle verdsdelar, og artiklar frå heile verda blir publisert og gjort fritt tilgjengelege på Internett. 

Som gründer og entreprenør har Stige ein usedvanleg slitestyrke, han gir seg ikkje, kjempar i motbakke og klorer seg fast til fjellhylla – ofte med det resultat at dei visjonane han har blir realiserte.
Vi må òg leggje til at Stige ikkje berre har eit sterkt internasjonalt og nasjonalt fagleg engasjement. Også lokalmiljøa på Sandane har nytt godt av Stige sin innsats. Dette gjeld m.a. i arbeidet med Sandane Næringshage, og – ikkje minst – i det pågåande arbeidet med å realisere det spennande Trivselshageprosjektet på Sandane.

I musikkterapimiljøet blir det sagt om Stige at han i tilegg til å vere ein god klinikar, utmerkar seg som forskar, formidlar, pedagog og rettleiar. Denne kombinasjonen gjer Stige til ein usedvanleg dyktig fagperson.

Stige sjølv og arbeidet hans med tidsskrifta har hatt stor betydning i utviklinga av fagmiljøet på Sandane. Arbeidet hans har bidrege til å synleggjere Sandane og HSF i det internasjonale fagmiljøet. Dette resulterer i at fagmiljøet no får forespørslar om samarbeid med andre institusjonar og studium, og ofte får besøk av internasjonale kapasitetar innanfor musikkterapifaget. 

Stige er også ein svært hyggeleg og hjelpsam kollega. Han har trekt fleire av dei andre fagtilsette på Studiesenter Sandane inn i den generelle utviklinga av faget musikkterapi, spesielt i tidskriftsarbeidet, noko som har bidrege til å byggje opp høg kompetanse i fagteamet. Denne langsiktige oppbygginga av fagkompetanse innan feltet har opna opp for at det i samarbeid med Norges musikkhøgskule skal startast opp eit mastergradsstudium i musikkterapi. 

Ole T. Kleiven 
leiar av tildelingsnemnda
 

Ansvarleg/teknisk tilrettelegging: Berit Amundsen
Sist oppdatert 20.01.2003