Universitetet i Bergen
    På Høyden
 

 


Klimaarkiv i russiske innsjøar

Når polaråret lir mot vår på våre kantar, dreg ein gjeng frå Institutt for geovitskap til Russland for å bore i innsjøar. Målet er å skaffe eit samanhengande klimaarkiv for dei siste 140 000 åra.

TEKST: Kjerstin Gjengedal
FOTO: Paul Sigve Amundsen

Botnen av ein innsjø og det som ligg under, kan gje overraskande mykje informasjon om tidlegare tiders klima. I sedimenta som gjennom åra blir avsett på botnen, kan ein finne både pollen og fossil av mikroorganismar som kan fortelje om korleis miljøet var den gongen plantene og organismane levde.

På leit etter klimahistorie

– Under siste istidsmaksimum i Skandinavia, for om lag 20 000– 25 000 år sidan, ser det ut til at breane i det polare Ural berre har vore litt større enn i dag, trass i eit ekstremt kaldt klima. Forklåringa er truleg at det har vore for lite snøfall til at dei har kunna vekse seg store slik som her. På våre kantar finst ikkje uforstyrra innsjøsediment som er eldre enn om lag 15 000 år, fordi innsjøbassenga vart fylt med vatn og sediment først etter at den store innlandsisen trekte seg attende. Har vi rett i antakingane våre, er det minst 50 000–60 000 år sidan Uralfjella var dekte av isbrear, og sjøane i Ural skulle dermed vere like gamle, seier professor John Inge Svendsen. Han leier IPY-prosjektet ICEHUS II, som har som siktemål å sette i hop ei mest mogleg kontinuerleg klimahistorie i det russiske Arktis så langt tilbake som råd er, kanskje heilt attende til den siste mellomistida for 115 000–130 000 år sidan.

Overraskande istidsutvikling
Medan isen i våre område skrapa vekk det som var av klimahistorie under siste istid, ligg avleiringane som lag i ei blautkake i desse nordområda i Russland, og berre ventar på å bli granska. Saman med kollegaer har Svendsen arbeidd i dette området i snart 14 år, og har allereie gjort ein del overraskande oppdagingar. Først og fremst har forskinga vist at istida har gitt seg heilt andre utslag i Russland enn ein hadde trudd. Medan det var naturleg å tru at isen hadde si maksimale utbreiing på same tid som i Skandinavia, altså for om lag 20 000– 25 000 år sidan, synte det seg i staden at det meste av nordmarginen i
Russland var nesten isfritt på denne tida. I staden hadde isen si største
utbreiing i dette området i ein mykje tidlegare fase av istida. Det er difor forskarane no reknar med å finne innsjøar som er mykje eldre enn dei som finst i den europeiske delen av Arktis. Mykje av prosjektet handlar om å finne veleigna stader der det kan vere fornuftig å bore for å finne lange og uforstyrra geologiske lagrekker, men samstundes er det viktig å kome i gang med boringa så snart som råd. Det vil gje resultat som vil vere med på å avgjere korleis feltarbeidet vidare skal leggast opp, og ein vil få nyttig erfaring med utstyret som skal nyttast. Difor skal den første sjøen borast allereie i april. Då er det framleis
svært kaldt i desse områda, men det er færre snøstormar og dagane byrjar å bli lange.

– Sjøane ligg inne i Uralfjella, langt frå folk. Vi planlegg å køyre tungt boreutstyr ut på isen med beltebilar, og så borar vi hol i isen og hentar opp borekjernar frå botnen, fortel Svendsen.

Slit med kulde og byråkrati
Det manglar ikkje på praktiske problem. For det første er vintrane i Uralfjella beinkalde og temperaturen fell rett som det er til under 30 kuldegrader. Dersom borekjernane blir liggjande utandørs, vil dei fryse til is etter kort tid, ekspandere og tyte ut av røyra som tannkrem, og bli øydelagde. Difor må det slepast inn skur med oppvarming der borekjernane kan lagrast i påvente av å bli frakta ned til gruvebyen Vorkuta like vest for Uralfjellkjeda. Først til sommaren kan dei sendast med tog til St. Petersburg utan fare for å fryse til på vegen. Og så kjem
det byråkratiske marerittet med å få løyve til å ta dei ut av landet. Men
vanskane med byråkrati og lokal logistikk blir først og fremst handtert av dei russiske samarbeidspartnarane i prosjektet.

Sommaren skal mellom anna brukast til å kartleggje for neste vinters boreprosjekt: Forskarane har sett seg ut ein 140 meter djup sjø som dei trur kan by på årslag, altså tynne lag med sediment som er danna år for år. Slike lagrekker med årslag er ein draum for geologar og paleoklimatologar, som vanlegvis er nøgde med ei oppløysing på hundre eller tusen år i naturarkiva sine. I sommar skal botnen finkjemmast med seismisk utstyr frå småbåtar som skal fraktast inn i fjella. Med slikt utstyr kan ein kartleggje sedimentlaga si utbreiing
i innsjøen og finne ut kvar det løner seg best å bore til vinteren. Etterpå kan ein studere resultata saman med til dømes årsarkiv frå innlandsisen på Grønland, for å rekonstruere klimautviklinga i stor detalj.

Vil finne døde innsjøar
Slik kan ein altså i teorien bore seg titusenvis av år attende i tid. Men for å kome heilt tilbake til siste mellomistid, for 120 000–130 000 år sidan, må ein truleg leite også andre stader, utanfor fjellområda.

– Når ein innsjø er blitt så gammal som 120 000 år, er han som regel avgått ved døden. Då er han blitt fylt opp av avsettingar gjennom mange år, til det ikkje er anna enn myr eller sletteland att, fortel Svendsen.

Men klimaarkiva ligg der framleis under overflata. Ein sjø som i røynda ikkje lenger er ein sjø, er ikkje lett å finne. Difor planlegg forskarane å bruke ein slags radar som kan «sjå» nedover i jordlaga på leiting etter slike gamle basseng. For å finne stader der det er sannsynleg at det kan ha vore ein sjø, vil dei analysere
flyfoto og satellittbilete, og diverse geologiske rapportar frå dei mange tusen grunnboringane som er gjort i Russland. Dessutan kan det vere lurt å snakke med lokale geologar, eller med folk som har drive anleggsarbeid eller boringsarbeid.

Korleis levde menneska?

– Men det er sjølvsagt ingen garanti for at innsjøane inne i Uralfjella er så gamle som vi trur, eller at vi greier å få tak i gode prøver. Kanskje vil vi ikkje finne ein einaste innsjø som er så gamal som vi skulle ønskje, vedgår Svendsen, og legg til:

– Men i så fall er det all grunn til å tru at vår hypotese om istidsutviklinga i Uralfjella er feil, og det er også eit viktig resultat. I det tidlegare arbeidet med å kartleggje isen si utbreiing i Nord-Russland, fann Svendsen og kollegaene hans også spor etter menneske som har budd oppunder polarsirkelen så tidleg som for 40 000 år sidan. Ein veit lite om kva tilhøve desse menneska levde under, og det er framleis ikkje klårlagt om desse første pionerane i Arktis var neandertalarar eller moderne menneske, som på denne tida koloniserte Europa med utspring i Afrika. Gjennom ICEHUSprosjektet vonar forskarane også at dei vil få vite meir om korleis desse menneska har levd og korleis naturmiljøet var. Det er mykje som tyder på at vinterklimaet var ekstremt kaldt på denne tida, medan somrane ikkje treng ha vore kaldare enn i dag


Få denne utgåva tilsend / abonnér

Hubro er Universitetet i Bergen sitt eksternmagasin. Det kjem ut med fire utgåver årleg, og er ein kanal for allmenn formidling av forskinga som går føre seg ved universitetet.

For tips og spørsmål vedr. annonsar etc., kontakt redaksjonen på tel. 55 58 90 86, eller på epost.

Tidligere UiB-magasinet; bestilling