Romforsking
frå pol til pol
Det har vore mykje blest om polaråret,
men kor mange veit at 2007 også er
det internasjonale heliofysiske året? For
romforskarane gjeld det å utnytte begge.
TEKST: Kjerstin Gjengedal
FOTO: Paul Sigve Amundsen
– Sola er ikkje berre ei lysande kule. Ho slyngjer heile tida materie
mot oss, og atmosfæren rundt jorda reagerer på dette. Vi er interesserte
i å forstå romvêret, på same måte som ein ønskjer å forstå vêret nede
på jorda, seier professor Nikolai Østgaard.
Romforsking under felles paraply
Den som vil drive romforsking, treng mykje pengar og mange vener.
Difor har forskarar i mange land slått seg saman om å drive forsking
under ein felles paraply. Prosjekta skal drive med ulike målingar både
ute i rommet og nede på bakken, og ikkje minst samordne målingane
og gjere resultata tilgjengelege for forsking.
Nikolai Østgaard ved Institutt for fysikk og teknologi er
koordinator for den norske delen av programmet. Han fortel at det
for deira del først og fremst handlar om såkalla konjugerte studiar,
altså studiar av fenomen i den øvre atmosfæren som finn stad på den
nordlege og sørlege halvkula samstundes.
I praksis handlar det om nordlys. Men nordlyset er berre den
synlege effekten av det som skjer i den øvre atmosfæren. Ein må gå
meir detaljert til verks.
Nordlys og sørlys
Når sola slynger ut ladde partiklar – solvind – som treff jorda, vil
partiklane vekselvirke med den øvre atmosfæren, der energien blir
omdanna til lys. Partiklane er bundne til dei magnetiske feltlinjene
rundt jorda, og der spinn dei att og fram frå nord til sør. Derfor
skulle ein i utgangspunktet tru at når vi har nordlys hos oss, er det eit
tilsvarande sørlys i Antarktis.
– Men jorda sin rotasjonsakse dannar ein vinkel i høve til sola. Og
for å gjere det enno verre, så dannar dei magnetiske polane ein vinkel
i høve til rotasjonsaksen, så systemet er ikkje heilt symmetrisk. Difor
er det slett ikkje alltid slik at nord og sør reagerer likt når solstormane
kjem. Dette vil vi finne ut meir om, fortel Østgaard.
Den kunnskapen vi har om kva som skjer når nordlys oppstår, har
vi stort sett frå den nordlege halvkula. I sør er instrumenteringa mykje
meir sparsam. Litt av poenget med satsinga no i polaråret, er å samle
alle målingar slik at ein verkeleg får utnytta det som er.
Legg til rette for forsking
– Vi kjem også til å bruke data frå rommet, der det finst satellittar
med kamera som kan sjå ned på polane. Men då skal ein vere litt
heldig. Ein kan ikkje alltid rekne med at noko spennande skjer i
atmosfæren akkurat medan to kamera tilfeldigvis ser ned på kvar sin
pol, men det hender, og då skal vi studere desse datasetta nøye. Frå
bakken får ein dessutan mykje betre oppløysing, og ein ser betre kva
som skjer. Ulempen er at ein ikkje alltid veit kva ein ser på, fordi dei
magnetiske feltlinjene kan forskuve seg og ikkje alltid kjem ned der
ein trur dei gjer det. Difor treng vi også data frå rommet, som kan gje
oss det globale biletet, seier Østgaard.
Satsinga handlar også om å legge data tilrette slik at flest mogleg
kan nytte dei. Det finst mange bakkestasjonar som måler ulike ting til
ulike tide, og alle blir drivne av ulike menneske.
– Spesielt er vi interesserte i å samordne data frå
magnetometermålingar. Når det oppstår nordlys, blir det danna sterke
elektriske straumar i atmosfæren, og desse straumane lagar magnetfelt
rundt seg. Dermed kan ein bruke magnetiske målingar for å forstå kva
som skjer. Desse målingane kan vi kombinere med data frå satellittar
som måler på solvinden, og med bilete frå kamera på bakken som kan
sjå frå horisont til horisont.
Arbeidet med å samordne data frå målestasjonar har vore i
gang lenge, men er lettare no fordi kapasiteten til å handtere store
datamengder er så mykje større.
Svalbard-radar til aksjon
Ei viktig målsetting med IPY er å få til ei storstilt innsamling av data,
og det skandinaviske bidraget handlar først og fremst om EISCATradarane.
Tre store radaranlegg plassert i Tromsø, Kiruna i Sverige og
Sodankylä i Finland studerer vekselverknadene mellom sola og jorda
gjennom forstyrringar i den øvre atmosfæren. I tillegg er det ein radar
utanfor Longyearbyen på Svalbard, som ligg ideelt til for å studere
nordlys på dagsida, den sida som vender mot sola. Det er ein fordel
fordi den er den sida som først vil merke verknadene av endringar i
solvinden.
– Dette er sofistikerte radarsystem som er relativt dyre i drift,
og vanlegvis blir dei berre brukt i kortare kampanjar. No har vi fått
midlar gjennom IPY til å køyre Svalbard-radaren kontinuerleg i eitt år, og dette tilbyr vi det internasjonale forskingsmiljøet å nytte seg av,
fortel Østgaard.
EISCAT-målingane kan så kombinerast med målingar frå
tilsvarande radarsystem på det amerikanske kontinentet, med optiske
målingar, og med målingar av radiostøy. Til saman kan alt dette gje
detaljerte bilete av korleis energien frå sola forplantar seg i atmosfæren.
Skuleklassar får romkoffert
Prosjektet legg også vekt på formidling. Akkurat no held Østgaard
og kollegaene på med å sette i hop ein «romkoffert» med enkelt
måleutstyr, som kan lånast ut til skuleklassar. Planen er å ha ein koffert
som inneheld eit lite magnetometer, eit lite kamera, eit Geiger-Müllerrøyr
som kan måle kosmisk stråling, eit apparat som måler solflekkar,
og ein radiomottakar som måler lågfrekvente radiobølgjer.
– Dette er kommersielt utstyr som er lett å få tak i. I tillegg skal
kofferten innehalde ein laptop med programvare. Dette vil vi låne
ut til skuler slik at dei kan gjere målingar. Etterpå er ideen at dei skal
legge fram det dei har funne ut, forklarer han.
Ein eigen konferanse for journalistar står også på planen.
Romforsking er eit felt som har stort potensiale for formidling
gjennom media, men Østgaard vedgår at forskarar kan ha ein tendes
til å uttrykke seg i sin eigen interne sjargong. Difor vil media bli
inviterte til ein konferanse der ein kan få høyre foredrag som er
spesielt tilpassa folk utanfor forskingsmiljøet
|