Kark i Mi side - lærarkurs

Kurset tar cirka 1 time. Planlagte kursdagar:

Tid og stad: 09.00:10.00, rom 102 i Dokkeveien 2b. Vi har 15 plassar.

Påmelding til kark@uib.no

Målgrupper

1) Alle som skal ha lærarfunksjonar i Kark. Kurset vil vera mest interessant for dei som skal bruka den grøne karkversjonen*, men mange funksjonar og teknikkar er felles for raud og grøn Kark.
2) Emne- eller undervisingsansvarlege som vil sjå nærare på kommenterings- og vurderingsfunksjonane i Kark, men dette kurset tar ikkje for seg administratorfunkjonar. Desse blir gjennomgått på eigne kurs.

Opplæring av nettlærerne (lærere, seminarledere og undervisningsassistenter) er eigentleg eit lokalt ansvar og vil ofte ha eit lokalt tilsnitt. Kark-kontoret arrangerer derfor ikkje mange kurs for denne målgruppa, men kan hjelpa til ved lokale kurs når det er behov for det. Kontakt kark@uib.no.

Kursinnhald

1.Teknisk
Gjennomgang av knappar og funksjonar som lærarane har bruk for.

2. Kommentering
Kommenteringsteknikk og -strategiar. Kommentarar undervegs og til slutt. Felleskommentar om felles problem.

3. Mappefunksjonar og vurderingsskriving
Effektivt bruk av Kark-verktøy ved mappevurdering. Samanlikningsfunksjonen. Vurdering undervegs og til slutt.

4. Bloggar
Bloggteknikk og strategiar for å få til gode diskusjonsfora.

* Grøn Kark er tradisjonell Kark med høve til å kommentera direkte i teksten. Raud Kark baserer seg på filutveksling. Dei som brukar raud Kark, kommenterer i ein kopi av oppgåva ved hjelp av det programmet som oppgåva er laga i. Det som blir sagt om kommentering og vurdering, gjeld også for raud Kark. Ein del av det som blir sagt om tekniske ting, gjeld berre grøn Kark.

Dette går vi gjennom på kurset: ”Hand out”
Deltakarane kan også ha nytte av å sjå på lærarrettleiingane på førehand. Desse er å finna på heimesida til Kark.


Besøksadresse: Dokkeveien 2b, rom 308
Telefon: 555 88939 Fax: 555 88600
E-post: kark@uib.no Heimeside: http://kark.uib.no