Samarbeid om kompetanseutvikling
Kompetanseutviklinga for grunnskulen er organisert i eit tett samarbeid mellom kommunane, arbeidsorganisasjonane, Fylkesmannen og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Hovudtankane bak dette er samordning av ressursar og styrking av kontakten mellom grunnskule og høgskule. Eit felles kompetanseutval legg årleg hovudlinene for samarbeidet. Fylket er inndelt i 4 regionar som står for mykje av den praktiske gjennomføring av kompetanseutviklinga.

Tre årlege katalogar
For kvart skuleår vert det utarbeidd tre katalogar:
KOMPETANSEKATALOGEN del I - som skisserer kurs, nettverksarbeid, konferansar og vidareutdanning (både i bokform og på internett)
KOMPETANSEKATALOGEN del II
- som skisserer utviklingsplanane ved alle skular sortert etter både kommune og tema (både i bokform og på internett)
PROSJEKTBASEN  -  som viser tiltaka ved skular som har fått
  statlege prosjektmidlar (berre på internett)





Kompetanseplanane kan nyttast slik at:
- Skular med samsvarande utviklingstiltak kan kontakte kvarandre
- Høgskulen kan knytte FoU-arbeid og studentarbeid til skulane sine utviklingstiltak
- Statens utdanningskontor sitt arbeid vert nært knytt til skulane og kommunane
  sine kompetanseplanar
- Organisasjonar og bedrifter i Sogn og Fjordane kan nytte kompetanseplanane
  i samarbeid med skuleverket