Dette året har eg hatt ei begynnargruppe Tysk C med 15 elevar, alle frå grunnkurs. Bortsett frå ei jente som har valt tysk som 3. framandspråk, er dei fleste svake og til dels lite motiverte. Ein del har hatt litt tysk på ungdomsskolen, men hoppa av fordi det vart for krevjande den gongen. (Det har også kome fram at ein del av dei ikkje hadde allmennfagleg studieretning som førsteval, og at dei for neste år søkjer nytt grunnkurs på anna studieretning.) Skolen har lagt timane ut i arbeidsøkter a 90 minuttar. Undervisningsopplegget har vore bygt kring læreboka "Die Brücke 1", som gir ei gradvis innføring i grammatikken samtidig som vi les om livet til fem ungdommar i Heidelberg og familiane deira i ulike situasjonar. I forhold til elevanes behov har eg elles prøvt å skapa meistringskjensle, både ved liten progresjon og mykje repetisjon når det gjeld å få tak på språk-systemet, og ved "morosame ting". Som deltakar i kurset Språkdidaktikk med ikt har eg fått idear som eg har prøvt ut i gruppa.
Bruken av "autentiske tekstar" har primært hatt som siktemål at elevane skulle få forståingserfaring. Vi har snakka om tekstane på norsk, men i liten grad brukt dei som utgangspunkt for eigen tekstproduksjon.
I.
1. I førstninga av kurset gjorde eg sjølv søk på internett for å finna brukbare "autentiske tekstar", og eg skreiv bl. a. ut sider med korte notisar frå WWW.SOWIESO.DE, som eg kopierte og delte ut. Bruksmåten var så at elevane skulle prøva å finna ut kva der stod. Dette gjorde vi spontant munnleg saman i gruppa, og med litegrann hjelp frå læraren kunne dei omsetja nesten ordrett til norsk. I tillegg såg vi på verb-bøying - og på ordstilling i leddsetning.
2. Tanken var at dei skulle få nytta det ordforrådet dei alt hadde skaffa seg, samtidig som dei kunne kjenna igjen ord som finst i norsk eller engelsk, og på den måten oppleva at dei alt hadde oppnådd ein viss tekstkompetanse.
I lys av det eg seinare har funne ut om elevane mine, burde eg ha gitt tid til individuelt arbeid med tekstane. No var det dei flinkaste og raskaste som fekk svara og som opplevde meistring, og eg veit ikkje kva utbytte dei andre hadde av denne aktiviteten.
II.
Fire av elevane kjem frå klasse 1AA@, som deltar i det nasjonale prosjektet PILOT (Prosjekt: Innovasjon i Læring, Organisering og Teknologi), der elevane bruker berbare pc-ar i fellesfag. Dermed har vi hatt 4 pc-ar med internett-tilknytting, og eg planla å dela gruppa på 4 lag som skulle leita på internett sjølve.
Føre jul planla eg eit "Weihnachtsparty", og vi søkte på "Weihnachtsgebäck" (og "Weihnachtslieder" m. fl.) Vi fekk mange treff, og vi tok ut ein del Rezepte, og eg baka ein Stollen, som vi hadde den aller siste timen føre jul. Ved det høvet hadde eit arbeidslag hatt som oppgåve å pynta i klasserommet og dekka bord, og medlemmene i den hadde sett opp liste på tysk over pynt og dekketøy som dei ville bruka (eller kunne tenkja seg å bruka). Dei andre arbeidslaga hadde skrive og øvt inn små sketsjar som dei framførte på avslutningspartyet. Dessutan delte eg ut tekst til tyske julesongar som vi prøvde oss på.
I samband med eit stykke i læreboka der personane reiser på tur til Frankfurt, brukte vi internett til å finna ut kva det var å gå på i den byen. Elevane undersøkte kva det var av teaterframsyningar og konsertar, kva som gjekk på kino og kvar dei skulle gå for å kjøpa mat. - Mange var flinke og hadde tydelegvis stor glede av å finna fram til spennande stader og evenement.
Ein gong seinare hadde vi lese om ein familie som reiser på skiferie. Da prøvde vi å finna ut om veret i Sør-Tyskland, og spesielt kvar det kunne vera skiføre. Vi gjekk inn på tyske aviser og såg på Wetterbericht, og dei ivrigaste fann ut mykje om meteorologiske uttrykk. - Dessverre var det mest storby-opplysningar, og ut frå temperaturen forstod vi at det ikkje var ventande å finna snø i byane. Det vart også for vanskeleg å vita kva stader som kunne liggja i vintersports-strøk, så da eg føreslo for dei å prøva i Austerrike eller Sveits eller Frankrike, var motet stort sett tapt forlengst. Det oppstod uro og vas der det skulle ha vore intenst arbeid. - Medverkande til fiaskoen var også at vi måtte vera 4 på kvar pc. Dei som ikkje styrte tastane, vart leie og kopla ut. Eit anna år vil eg ikkje satsa på nokre få elevmaskinar i klasserommet, men prøva å koma til på datarom der kvar elev får sin eigen maskin.
3.
Autentiske tekstar i trykt form har eg bl. a. funne i biletbøker ("Lesemäuse") som eg hadde kjøpt på tur i Tyskland for mange år sidan. Desse slo godt an, og eg ønskte at eg hadde hatt fleire, slik at elevane kunne få ei bok kvar, og slik at vi kunne bruka dei litt i kvar time i ein lengre periode ved å la dei gå på omgang. Biletbøker er enkle og barnslege, men det er begynnarelevar også, og samspelet mellom koselege teikningar og enkle tekstar ("Onkel Willy hat einen Lastwagen") førte til meistringsoppleving. I mi gruppe var det viktig å skapa gode opplevingar, for grammatikken har vore frustrerande for mange, og tråskåla for å resignera er låg.
Arbeid med turistbrosjyrar og reisehandbøker (Bild-Atlas) fall ikkje bra ut. Språket var for vanskeleg, og det var for mange nye ord. Slikt stoff tok eg inn i samband med lærebokstykket om tur til Frankfurt. Eg har sjølv budd i Frankfurt under eit sommarkurs, og eg hadde lyst til å formidla meir enn læreboka. Derfor let eg dei sjå på bilete frå gater og bygningar og prøva å lesa bilettekstane. Arbeidet vekte berre måteleg interesse. - Kanskje var det ein annan grunn til at dette stoffet ikkje fengde: Så unge menneske har ikkje utvikla geografisk og kulturhistorisk interesse. Dei bryr seg ikkje om å gå rundt og sjå på byggverk og kulturminne når vi er på skuletur heller, og dei har liten sans for kvar ei elv monne koma frå eller kva for fjelltoppar vi ser i horisonten.
4.
Uteksta film med tysk tale må på dette nivået vera språkleg tilpassa. Men då kan video vera det næraste vi kan koma til å skapa autentiske situasjonar i klasserommet. Vi høyrer genuin tale og ser tyske miljø og landskap. Handlinga kan skapa interesse og lystoppleving. Forventninga om at vi skal sjå neste episode på slutten av timen, kan gjera det lettare å halda ut dei siste timane på fredag.
Eg har brukt serien "Berliner Luft" (Aschehoug) med godt resultat. Denne serien består av korte episodar, ca. 10 minuttar, og handlar om to gutar og to jenter + nokre til. Det er mykje flørting og skiftande kjærastkonstellasjonar. Den eine guten har fin bil, han er stor og sjarmerande og vant med å få med seg dei jenter han vil. Den andre er umoden og klønete, men det viser seg at jentene oppdagar gode sider med han og likar å vera i lag med han. I dei første episodane seier dei stort sett hei! og ha det!, og elles er det minespel og fakter som fortel det meste. Men litt etter litt seier dei meir og bruker meir og meir kompliserte språkstrukturar. Men samtidig gir scenebileta så mykje hjelp at det er lett å følgja med.
Serien "Jung sein" (NRK fjernsynet) består av enkeltståande reportasjar om unge menneske i ulike delar av Tyskland. Vi møter ei bondedotter i ein landsby ved Weser og familien og vennene hennes, vi møter elevar på ein yrkesskule i Dortmund, unge naturvernarar utanfor Hamburg, eit ungt par på teaterskule i München osb. Her er undervisningssiktemålet tydelegare. Vi skal ikkje bare møta interessante ungdommar, men vi skal få kunnskapar om natur og næringsliv, skikkar og kultur, skuleverk og organisasjonsliv. - For mine elevar er denne serien i vanskelegaste laget reint språkleg.
På høgre undervisningstrinn har eg andre år brukt "Derrick"-episodar, og ofte har eg teipa over tekstfeltet. Det viser seg at talen på vanleg spelefilm er vanskeleg å oppfatta. Personane snakkar ofte fort og utydeleg, og det blir brukt ord og vendingar som er spesielle for spesielle miljø. Dessutan er slike filmar så lange at dei sprengjer tidsramma vår. Det blir heller ikkje tid til føre- og etterarbeid, og det blir simpelthen for mange språklege ting å gripa fatt i på ein gong. Det eg i tilfelle kunne gjera, var å dela filmen i små bitar og visa nokre få sekvensar kvar gong. I så fall måtte bruken planleggjast godt, kanskje i samarbeid mellom fleire lærarar. Ved å sjå gjennom filmen fleire gonger kunne vi finna høvelege pausepunkt, og så burde vi tenkja ut arbeidsstoff til nokre av dei første kutta. Seinare kunne kanskje elevane sjølve finna ut kva dei ville gjera i tilknytting til det dei såg. - Ei utfordring ville vera å finna strategiar til å møta ei bøn om å få sjå meir enn den porsjonen læraren hadde bestemt for timen.