Det er minst to grunnar til å arbeida med å utvikla elevautonomi. Den eine er siktemålet at elevane skal bli ansvarsmedvitne, kreative og samarbeidsduglege. Den andre er at elevar uansett lærer på sin eigen måte og bør få handlingsrom til å arbeida på ein måte som kvar enkelt har optimalt utbytte av.
Dette året har eg ei begynnargruppe (Tysk C 1). Ei jente har valt tysk som 3. framandspråk, dei 14 andre har ikkje hatt tysk på ungdomsskulen, eller hoppa av til noko lettare der etter ei tid. Gruppa har altså medlemmer som har valt vekk sjansen til å læra tysk tidlegare, enten for di dei ikkje hadde evner, eller fordi dei ikkje gat. I 2. termin er det to flinke, nokre til som arbeider godt og har prognoser om å greia seg rimeleg brukbart, og ein liten flokk som "forstår ingen ting!!!" og som derfor heller ingen ting gjer for å forstå noko.
Timeplanen er lagd opp med arbeidsøkter på 90 minuttar (dobbelttimar). I det meste av året har eg valt å la elevane arbeida i sitt eige tempo og på sin eigen måte, men likevel slik at vi gjennomgåande arbeider med det same lesestoffet. Vi bruker "Die Brücke 1" og lese- og arbeidsstoffet der, da det er for hand og er tilpassa den lærefasen mange av elevane er i no. I gruppa har eg hatt ein runde med individuelle "medarbeidarsamtalar", der eg har prøvd å hjelpa elevane til å bli klar over kva dei kan og korleis dei bør arbeida for å koma vidare. Da har eg presisert at ikkje alle treng å gjera alt, men at det gjeld om å arbeida med det som er viktig for dei der dei er no.
Kap. 20 i læreboka vår introduserer preposisjonar med akkusativ/dativ og har ein lesetekst om fire ungdommar (to kusiner, bror til den eine og kameraten hans) på padletur i Mecklenburg. Dei to jentene i laget snakkar i telefonen og avtalar turen. Så møter vi dei att ute på vatnet, der dei småertar kvarandre og elles snakkar om dyrelivet i området, dei ligg i telt om natta og veltar med kanoen neste dag.
Den første timen med dette kapitlet bruker vi til å gjera oss kjent med situasjonen, handlinga og personane. Vi speler ca. ¾ side frå CD mens elevane følgjer med i teksten. Deretter snakkar vi saman på norsk om kva vi har forstått og ikkje, vi ser på kartet og finn Mecklenburg (og skulen vår har vennskapsskule der), og vi klarlegg kva vi veit om personane og slektskapsforholdet mellom dei (og repeterer slektskapsord).
- Kva vil de gjera no? Vi snakkar om læringsarbeid og nemner ulike måtar å arbeida med tekst på, diskuterer erfaringar tidlegare i året - og går i gang. Uventa mange ser ut til å vera ivrige til å få gjera noko som dei bestemmer sjølve, somme set seg spontant saman parvis eller i smågrupper. Dei fleste set om til norsk.
På slutten av arbeidsøkta får dei beskjed om å gje seg sjølve lekse. Før dei går skal dei ha levert ein lapp til læraren der dei har notert kva dei tenkjer seg å gjera heime. Det med å levera skriftleg leksemelding er nytt og skaper litt forvirring og panikk. (Det gjeld jo om å koma ut i pausen!)
Gongen etter begynner vi med ein runde på kva dei har gjort heime og kva problem dei kan ha støytt på. 2-3 har lurt seg unna å levera leksemelding og har heller ikkje gjort noko heime. - Deretter høyrer vi heile stykket frå CD. Vi stoppar eit par gonger for å forsikra oss om at alle har ei aning om kva som skjer, men går ikkje inn på detaljar. Elevane kan så arbeida vidare med stykket på eiga hand. Det er Fragen zum Text, det er oppgåver i arbeidsboka som går på å bruka ordbok til å finna fleire ord frå emneområdet osv. Mange går i gang og gjer bra arbeid. Eit par som "forstår ingen ting!!" får framlegg av læraren om å gå tilbake til eit tidlegare stykke og begynna på det på nytt. - Begeistra frå den eine: - Dette forstår eg jo!
Ny omgang med lekseplan og innlevering av leksemelding. Det er interessant å sjå kor ulike arbeidsmengder dei har pålagt seg. Imponerande av somme at dei gjev seg minst like mykje arbeid som læraren plar gjera. Typisk at nokre har valt å gjera bitte litt.
Eg ser at eg har forsømt å be elevane om å formulera læringsmål. Eg må gjera dei medvitne om kva dei skal læra, slik at dei vel arbeidsoppdrag ut frå det. - Kva må du særleg arbeida med? Kva bør du gjera for å bli flinkare på dette? Elevane må òg læra å reflektera over arbeidet.
I den tredje timen går vi systematisk inn på den nye preposisjonsrekka (an auf hinter in neben über unter vor zwischen). Vi terpar nokre gonger på dei to rekkene vi har lært tidlegare. Så ser vi i grammatikkdelen kvar det står om preposisjonane. Læraren knytter an til kjente forhold frå norsk: bort på/bortpå, ut i/uti. Dette skilet får tysk fram ved å skifta mellom akkusativ og dativ. Vi prøver oss fram på tavla. Først med nokre norske setningar, så på tysk. Ich gehe in das Haus. Ich bin in dem Haus. - Jau, dette er dei visst med på.
Det er mange øvingsoppgåver i arbeidsboka, og det er naturleg å gå på dei. På slutten av timen skal dei gje seg lekse att. Mange har bestemt seg for at dei vil pugga den nye preposisjonsrekka, og så vil dei gjera fleire øvingsoppgåver.
Tilsynelatande er dette lite nytt, men eg har vorte meir medviten på at det skal vera elevane som arbeider og har ansvar for å læra. Gruppa er samla om lesestoff og grammatikkgjennomgåing, men får mykje tid da dei sjølve bestemmer kva dei skal gjera og kor mykje dei vil gjera. Eg driv lite kontroll og poengterer at eg ikkje vil driva dei. Dei må ta ansvar sjølve. Derimot har eg oppmoda dei til å arbeida fleire i lag; utan at eg seier det ser det ut til at dei disiplinerer kvarandre - forutan at dei hjelpest åt med å finna ut av vanskelege emne.
Skal vi rekna med at alle elevar er læringsautonome eller kan bli det? Eg har elevar som melder seg ut og som derfor har lite utbytte. Dette er ikkje elevar med utprega små evner, men dei er ukonsentrerte og umotiverte. Gjennom samtalar med andre kursdeltakarar har eg forstått at dette er eit velkjent problem. - Eg har stilt spørsmålet: Kven er dette sitt problem? Må eg gjera dette til mitt problem?
Kor mykje skal vi slita med elevar som ikkje vil sjølve? Eg trur at andre oppfattar meg som nokså radikal når eg målber ein rett elevar må ha til ikkje å gjera noko. I Rogaland har vi fått eit nytt skulereglement som nærmar seg fråversproblematikken på ein ny måte. Den tidlegare "Møglestu-modellen" med prosentvise fråversgrenser er ikkje brukande lenger, men elevane får krav om å vera til stades ved formelle "vurderingssituasjonar", som skal vera varsla på førehand, t. d. i periodeplan. Dette tolkar eg slik at elevar gjerne må vera andre stader når vi "øver" til ein prøve. Elevane skal møta til registrering når arbeidsøkta begynner, men dersom det er keisamt å vera i klasserommet, kan dei godt gå ut. Retten til ikkje å gjera noko inneber nemleg ikkje ein rett til å øydeleggja arbeidsmiljøet i ei gruppe.
Den generelle læreplanen reknar med autonome og interesserte elevar. Slike finst i rikt mål. Men det gjeld ikkje alle. Det er ei pedagogisk oppgåve å leggja til rette for god læring ved stimulerande og vekkjande undervisning. Den gode pedagogen vil alltid arbeida for å gjera undervisninga betre, men treng ikkje ta det personleg inn over seg når somme elevar er negative. Det kan i det minste diskuterast om vi gjer late og saboterande elevar noko velgjerning når ikkje manglande innsats får konsekvensar.