Jon om autentiske tekstar


Diskusjonen har vist meg at "autentisk tekst" er eit lite relevant omgrep når vi skal finna lærestoff til språkundervisning på elementært nivå. Moderne lærebøker inneheld i stor grad tekstar som er skrivne med tanke på å vera "autentiske", dvs. dei handlar om personar og forhold i område der språket blir brukt. På "kurs" som forlaga held for å presentera bøkene sine, er dette eit salsargument.

"Die Brücke", som eg kjenner best, let oss møta fem ungdommar i Heidelberg og familiane deira, og biletmaterialet skaper ein illusjon (?) av at desse ungdommane finst og lever sitt liv på stader som vi kan finna att i atlas og leksikon og turistbrosjyrar og på internett. Andre tekstar i "Die Brücke" er enkle dikt og noveller som er henta frå tyskspråklege publikasjonar. "Feilen" med tekstane er at dei står i ei lærebok - eller mao. at lærebokforfattarane har funne dei for oss.

Det kan ha noko for seg at vi finn tekstane andre stader; det gjer dei meir truverdige for elevane våre, kanskje, men for læraren er det ein fordel å ha ei bok der det står tekstar som er utprøvde og funne høvelege for nivået og for elevgruppa. Hovudsaka, slik eg ser det, er å skapa "auteniske situasjonar".

På eigen skule har eg sett autentiske situasjonar når elevane får tyske jamgamle elevar på besøk og når dei sjølve er på gjenbesøk i Tyskland. Då opplever dei at språkkunnskapane deira fungerer. Dei forstår ein god del, og dei er i stand til å meddela seg. Og dei får behov for å supplera kunnskapane sine med fleire ord! Dei kjem til læraren og spør: - Kva heiter d e t på tysk? Eller dei blir ivrige til å bruka ordbok.

Kan vi greia å skapa kunstige "autentiske situasjonar", der det blir viktig bruka og utvida kunnskapane? Dette skulle eg gjerne læra meir om.
Eg ser for meg at ein Dreistadt eller tilsvarande - med kontakt med "autentiske personar" - ville vera eit nyttig hjelpemidel.