Auf dem Dokument steht folgendes ...
TYS313: Seminaremne I i tyskspråkleg litteratur
Deutschprachige Literatur I
Studiepoeng: 15.0
Fagleg innhald:
TYS313 kan til dømes ha eit litteraturhistorisk utgangspunkt eller vere konsentrert omkring forfattarskap, genrar eller litteraturteoretiske og kulturorienterte problemstillingar.
TYS313 er obligatorisk for alle studentar som vil skrive masteroppgåve i litteratur.
Læringsmål:
Emnet skal styrkje og vidareutvikle innsikt og kunnskapar i tyskspråkleg litteratur.
Krav til forkunnskapar:
Bachelorgrad med spesialisering i tysk på minst 90 studiepoeng eller tilsvarande.
Læremiddelomtale:
Pensum i emnet omfattar ca. 1000 sider, frå eldre og/eller nyare tid, og dessutan eit pensum i litteraturteori på inntil 150 sider.
Frist for innlevering av pensumliste er 15. oktober.
Undervisningssemester:
Det blir gitt undervisning i emnet kvart haustsemester.
Undervisningsmetodar:
Undervisninga blir gitt som forelesningar og seminar, der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.
Evaluering:
Kvart semester blir det gjennomført ei evaluering av studium og undervisning.
Vurdering / eksamensformer:
Det blir arrangert ordinær eksamen i emnet i slutten av kvart haustsemester. Ny eksamen blir arrangert i byrjinga av vårsemesteret.
Eksamen er ein 6-timars skoleeksamen.
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.