Med utgangspunkt i definisjonen av autentiske tekster som tekster som ikkje er laga for språklæring, meiner vi at særleg litterære tekster vil ha verdi. Artikkelen "Om bruk av autentiske tekster" summerer på ein presis måte opp fordelane ved å bruke autentiske tekster med språklæring som siktemål (punkt 1-11), og vi trur at gode litterære tekster vil tilfredsstille alle desse punkta.
Elevane treng ikkje å vera avanserte brukarar av eit framandspråk før dei f eks kan ha glede av ei kort novelle om eit allmennmenneskeleg tema, eller kanskje i enda større grad eit dikt. Fordelen med lyrikk er at mye blir sagt med få ord, slik at sjølve mengda av språkstoff som elevane må pløye igjennom ikkje blir så stor. Ganske tidleg i språkopplæringa vil ein kunne plukke ut dikt som elevane forstår, og der dei kanskje kjenner seg att i motiv og tema.
Dikta "Sommerabend auf dem Fjell" og "Juni" av Dirk Levsen (...ligg i biblioteket) fungerer godt til bruk f eks i ei 1. klasse B-språk. Med litt hjelp (ordbok, lærar) finn elevane fort ut kva orda betyr, og gjenkjenningseffekten for elevane i dikt som desse er umiddelbar. (Dirk Levsen er kollega av oss på Vinstra vdg skule; han er tysk, men har budd lenge i Noreg og kjenner nroske forhold svært godt).
Dikta "Wanderes Nachtlied" og "Ein gleiches" av Goethe er tidlegare kommentert i oppgåve 3 / bolk I, og desse kan brukast ganske tidleg i tyskundervisninga. Godt fungerer det også å lage talekor/replikkveksling av klassikaren "Erlkönig" (Vater, Sohn, Erlkönig).
Interessante eksempel på eksperimentelle dikt er lagt ut i biblioteket. Desse er gode utgangspunkt for samtaler og tolkingar, ikkje minst gjeld dette diktet"artikel" av Rudolf Otto Wiemer.
Vi meiner elles det er viktig å vera kritisk til relevansen når ein ønskjer å bruke autentiske tekster. Har teksta noko viktig å seie elevane? Generelt er vår erfaring at avis- og tidskriftartiklar som oftast blir for vanskelege, og slike tekster verkar overveldande på elevane fordi for mye av vokabularet er ukjent og språkstrukturen er for komplisert. Ordspela og intertekstualiteten i avisspråket er vanskeleg å få tak i!
Av og til kan ein finne franske og tyske tekster om f eks norske forhold som kan fungere godt, likeiens reklametekster for produkt som elevane kjenner. Elles har ein sjølvsagt ungdomsmagasin; det tyske >i>Schuss har vore nemnt av andre kursdeltakarar som eit eksempel. Rasmus sine franskelevar abonnerer alle på bladet >i>Allons-y!, der det er mye aktuelt stoff å hente.