a) "Kommunikativ kompetanse" er i kap. 1.4 i læreplanen beskriven med referanse til Europarådet sin definisjon av "optimal kommunikativ kompetanse", og med kommentaren: "Kravene til kommunikativ kompetanse vil nødvendigvis måtte settes lavere enn den optimale kompetansen." For vurderinga må det altså avgjerast kva nivå det er realistisk å sikta mot, men i tillegg kva delkompetansar som er dei viktigaste. Tradisjonelt har vi lagt stor vekt på lingvistisk kompetanse, som også står først på lista i læreplanen. Sosial kompetanse har derimot knapt vore tenkt på i eksamens-samanheng før. (?)
Læreplanen skal vera eit styringsdokument ikkje bare for tysklærarane/sensorane, men også for elevane. Herifrå skal alle aktørar i læreprosessen få ei forståing av kva det er å kunna eit språk. Spørsmålet blir då om formuleringane i kap. 1.4 er optimale i forhold til læringsplanlegging og til bruk i vurderingssituasjonar. Fortel dei kva vi må leggja hovudvekta på i arbeidet?
Slik eg ser det, må vi gå til Kapittel 2.Mål og hovedmomenter når vi skal finna ut kva det er viktig å arbeida med, og kva vi skal leggja vekt på som vurderingskriterie. Kap. 1.4 fortel oss berre at språkkunnskapar er noko anna og meir enn å kunna grammatikk og gloser. Poenget er å kommunisera med andre. Då ser eg ikkje problemet med om delkompetansane er tydeleg nok definerte her eller ikkje. Då måtte dei i tilfelle vera innbyrdes rangerte. Kva er viktigast? Kva er det som hindrar kommunikasjonen sterkast dersom kompetansen ikkje er optimal?
b) I "Mål og hovedmomenter" finn vi lingvistisk kompetanse nedfelt i felles mål som "god uttale som er i samsvar med aksepterte normer" og evne til å "forbedre eget språk ved hjelp av innsikt i språket som system". I hovudmoment for dei to C-språk-kursa er den lingvistiske kompetansen uttrykt ved "et avgrenset/utvidet ordforråd" og "grunnleggende/viktige språkstrukturer" .
Det føste felles målet er å "forstå mening og sammenheng i tale og skrift", som er ein "diskurskompetanse", mens det neste er å "kunne bruke språket muntlig og skriftlig i ulike kommunikative sammenhenger", dvs. ha "sosiolingvistisk kompetanse". I det minste C-språk-kurset er diskurskompetansen først knytta til å "kunne uttale språket og gjøre seg forstått", men også konkret ved å "forstå beskjeder og gi informasjon", "kunne fortelle noe om seg selv", og "delta i samtaler om kjente og allmenne emner". Til det siste krevst det også sosio-lingvistisk og sosial kompetanse. I det større kurset skal dei "kunne uttrykke seg sammenhengende skriftlig og muntlig", og dei skal "kunne forstå, referere og gi synspunkter på innholdet i autentisk tale", "lese og forstå enkle skjønnlitterære tekster og sakprosa, kunne formidle innholdet og gi uttrykk for egne synspunkter på tekstene". Dette siste krev både diskurskompetanse og sosiokulturell kompetanse.
Strategikompetansen kjem f. o. f. til uttrykk i eit hovudmoment i 1,5-kurset, der elevane skal "kunne bruke ulike strategier til å forstå, snakke og skrive språket", men også i det felles målet om å "kunne nyttiggjøre seg ordbøker, grammatikker, leksika og andre informasjonskilder".
Læreplanen har tydeleg hovudvekt på kommunikativ kompetanse slik den er formulert av Europarådet, men legg i tillegg vekt på innsats og ansvar for eiga læring og på samarbeid i læringsmiljøet. Kjennskap til geografiske, historiske, sosiale og økonomiske forhold i språkområdet har også sin sjølvstendige plass i læreplanen (i tillegg til at slik kunnskap er ein delkompetanse i den kommunikative kompetansen).
c) Vurderingsrettleiingane er ordrike. Dei skal ivareta omsynet til handlingsrom for lærar og elevar (elevautonomi), samtidig som dei skal prøva å gje retningslinjer for sensor når denne skal vurdera.. "Vurderingskriterium" i rettleiingane er delte i Innhald, (som omfattar forståing, produksjon og sosiokulturell kompetanse/kunnskapar), Presentasjon/Tekstbygnad, (som er delt i Samanheng (diskurskompetanse) og Strategikompetanse) og Språk (dvs. Ordtilfang, Språkflyt og variert syntaks, Lingvistisk og Sosiolingvistisk kompetanse). Delkompetansane er altså nøye medtekne.
Det blir uttrykkeleg sagt at eit svar over middels nivå kan ha mange feil med omsyn til lingvistisk kompetanse. Det verkar som om det er viktig å få slå fast at korrekthetskravet frå eldre tradisjon er ut, og at hovudkravet er god flyt i framstillinga, variert ordtilfang og god innsikt i lærestoffet.
d) Og etter det eg har skrive så langt, kan eg svara ja på at det er godt samsvar mellom delkompetansar/mål/hovudmoment og vurderingskriteria.
e) Derfor tykkjer eg at vurderingskriteria er eit godt utgangspunkt for tolkingsfellesskap.
f) Den reseptive aktiviteten til eksamen ytrar seg gjennom bruken av lytteprøve eller utlevert tekstmateriale, og den kjem stort sett fram gjennom rubrikk for Innhald. Kandidaten skal visa at innhaldet er forstått. Den kunne også ha vore nemnt eksplisitt under Språk, ved at eksaminanden tek opp og bruker ord og uttrykk frå arbeidsmaterialet. Her kan det nemleg hentast hjelp til å finna ut kva kjønn eit ord har, om eit verb er sterkt osb. Som del av strategikompetansen skal det telja positivt at han viser evne til å utnytta denne hjelpa.
Produktiv aktivitet viser seg både gjennom Innhald, Tekstbygnad og Språk. Reint omfangs-messig blir det altså lagt hovudvekt på dette i Kriteriumskjemaet, og det er vel grunn til å tru at sensorane vil leggja mest vekt på den produktive aktiviteten.