"Eg kan ingen ting," seier somme elevar. Dette året underviser eg ei gruppe Tysk C 1, og eg opplever i 2. termin (medio april) at einskilde av elevane har kutta ut og gitt opp. Eg vil i dette svaret bruka desse elevane som utgangspunkt for mi drøfting. For denne elevgruppa er det maktpåliggjande å få ein vurderingskompetanse som skaper mot og motivasjon. Deira problem er ikkje at dei ikkje kan n o k o, men at dei opplever å koma til kort i forhold til det som føregår i gruppa på denne tid av året. (At kjensla av tilkortkoming skuldast laber innsats tidlegare i året, treng ikkje vera eit påskot for å slutta å arbeida på eiga læring no.)
Opplevinga av svikt i språkkunnskap ("kan ingen ting") kan vera knytta til det å mislykkast på ein prøve, eller f. eks. at møtet med ein ny tekst blir for overveldande, eller at læraren legg for stor vekt på å formidla abstrakte grammatikk-moment. Det kunne vera at det kunne leggjast vekt på at kommunikativ kompetanse er noko meir, og at det faktisk var andre delkompetansar som kunne trekkjast fram og vurderast positivt - eller i det minste kunne gje utviklingspotensiale.
Vurdering av eigen språkkompetanse bør for denne gruppa ikkje berre vera: Kor står eg i forhold til Middels grad av måloppnåing for det punktet i læringsutvikling som læraren/fleirtalet i gruppa er komne fram til no?, men like gjerne: Kva er mine sterke sider, som eg relativt lett kan utvikla vidare? eller: Kva delkompetansar er det som eg no må arbeida spesielt med?
Poenget mitt er altså å bruka delkompetansane for å visa at dei kanskje kan n o k o, enda om dei sjølve meiner at dei ingen ting kan.
Her må læraren bruka vurderingskriteria og konkretisera dei punkt for punkt. Det kan gjerast ved individuelle elevsamtalar, gjerne ved at elevane har brukt momentliste til å førebu seg. Det gjeld også å laga vurderingssituasjonar der det er tydeleg for elevane: No skal vi prøva det og det momentet på lista. I denne prøva legg vi særleg vekt på det eller det, og denne gongen skal vi ikkje sjå så mykje på alle andre ting. - Og oppgåva må vera utforma slik at det går an å greia i det minste litt - så sant elevane kan litt då.