Jons Samarbeidsoppgåve 3

Kva er viktigast, at elevane snakkar og skriv rett, eller at dei seier og skriv noko i det heile?
Jon underviser i begynnartysk dette skoleåret og tar derfor utgangspunkt i planen for 2.2 C-språk 1,5 , der det heiter :
Elevene skal (..)
1b kunne uttale språket og kunne gjøre seg forstått (..)
1d kunne bruke ulike strategier til å forstå, snakke og skrive språket (..)
Dette oppfattar eg slik at det er sentralt at elevane snøgt blir i stand til å kommunisera. Det blir viktig med samtaleøving, og læraren må leggja vinn på å få elevane til å seia noko og skriva noko. Allereie etter nokre få timar må dei kunna presentera seg og seia kvar dei bur, og spørja andre kva dei heiter. Meldingar frå læraren til elevane må gå på tysk (Ta fram bøkene. Slå opp på side .. Skriv oppgåve .. osb.), og elevane må kunna spørja på tysk (Kva sa De no? Kva tyder det? Dette forstår eg ikkje. Får eg lov å gå ut?). Snart kan læraren krevja at dei kan seia kva stykke dei har lese og kva side dei står på. Skriftleg må dei kunna presentera seg og fortelja noko om seg og familien sin, om skulearbeid og fritidsaktivitetar.
I begynnarfasen vil elevane ofte føla at dei manglar ord for det dei vil seia. Her kjem spørsmålet om strategiar inn. Læraren må sjølvsagt vera medviten om kva språkstoff elevane sit inne med, og tilpassa kommuniseringsverksemda etter det. Likevel vil dei ofte ønskja å seia noko som dei manglar ord for. I ein reell samtalesituasjon der den eine bruker eit framandt språk, vil den andre kunna gissa seg til kva ord utlendingen leitar etter, og slik må vi i klassesituasjonen òg hjelpast åt. Den som kan ordet, får seia det, og den som fekk hjelp til å finna ordet, vil kanskje ha lært dette ordet til ein annan gong.
Det lettaste for elevane er å teia eller be om å få seia det på norsk. I læreplanen av 1996 heitte det i 2.2 g og h at elevane skulle
- kunne fortelle noe om seg selv, og
- kunne gi uttrykk for egne tanker
Dette siste er for vanskeleg på dette nivået, og eg konstaterer at gjeldande læreplan har eit mindre krevjande mål:
1 f kunne fortelle noe om seg selv og kort kunne presentere selvvalgte temaer.
Eige ansvar og samarbeid med andre

Frå 2.1 Felles mål for C-språk 1,5 og 2,5 siterer eg:
Elevene skal (..)
vise evne til selvstendig innsats og kreativitet
kunne ta ansvar for egen læring
kunne bidra til et godt læringsmiljø i samarbeid med andre
For å leggja til rette for dette har eg organisert klassen i grupper på 3-4, og i gruppa skal elevane sjølve avtala heimearbeid og arbeid i timane. I gruppa føregår det også kontroll av arbeidet. Kvar gruppe får éin fasit til bruk når dei møtest og går gjennom skriftleg arbeid.
I ein begynnarklasse må det vera ei ramme for arbeidet. Til lærar-bestemte tider må alle vera på eit visst punkt, slik at klassegjennomgåing og prøver er faste milestolpar. Saman må vi avtala nokre lesestykke og nokre læreemne som vi skal gå gjennom i løpet av nokre veker. Så får elevane i kvar gruppe leggja delplanar eller bestemma frå gong til gong kva og kor mykje dei skal arbeida med.
Gruppesamansetting står læraren for. Etter mi røynsle bør det ikkje vera for stort sprik mellom dei flinkaste og dei veikaste i kvar gruppe. Derimot kan dei aller flinkaste gjerne spreiast i grupper saman med nokre middels flinke. Dei veikaste må også spreiast og få vera i gruppe med elevar som er noko flinkare. Det er i grunnen viktigare at alle gruppene har medlemmer med driv og påverknadsevne, som kan dra med seg slike som lett sporar av. Dette året har eg lyst til å prøva å gje gruppene praktiske oppgåver, og den siste timen føre jul skal vi halda selskap viss vi får det til. I tillegg til å pynta og dekka bord skal vi kunna invitera til selskap på tysk, og vi skal kunna spørja kvarandre om kva vi vil eta og drikka og kva vi synest om maten. (Det var også forslag om at vi kunne vera på skulekjøkenet og baka Lebkuchen i den eine tysktimen, men det har eg bede dei heller gjera heime. I fjor vart det mykje søl, og så tok det for lenge før alle kakene var steikte og ferdig pynta.)