Jons elevtekst


"Vurdering av elevtekst"

Jon Stangelands svar på oppg. 5.

Kva må ein elev greia for å stå? Eg viser og drøftar ein elevtekst som er svar på prøve for Tysk C 1 i mars. Gruppa har brukt "Die Brücke 1" og har gjennomgått stk. 18 og 19. Stk. 20 hadde elevane lytta på, men ikkje arbeidd med. Stk. 18 handlar om våren i Sør-Tyskland og i Lofoten. Stk. 19 fortel om eit fødselsdagsselskap. I stk. 20 er nokre ungdommar på kanotur og overnattar i telt. Til prøva fekk dei beskjed om at dei måtte kunna akkusativpreposisjonar og dativpreposisjonar, tre dativverb og bøying av pronomen. Utforminga av prøva - med ein del med og ein del utan hjelpemiddel - er dei kjente med frå før.

Prøva:

Oppgaven har to deler. Denne første delen skal gjøres uten hjelpemidler. Når du er ferdig med den, skal du levere den inn. Deretter skal du skrive en liten stil, og da kan du bruke lærebok og ordbøker. Arbeidstid begge oppgavene i alt 90 minutter.

Del 1:

1. Fortell på norsk hva teksten nedenfor handler om.

Alle Vögel sind schon da, alle Vögel, alle.
Welch ein Singen, Musizieren, Pfeifen, Zwitschern, Tirilieren!
Frühling will nun einmarschieren, kommt mit Sang und Schalle.


2. Svar på spørsmåla nedenfor. Det handler om hendinger i stykkene 18 og 19.
Wie alt wird Ute, wenn sie Geburtstag hat? ............
Was will ihr Utes Grobvater zum Geburtstag schenken ? ............
Wo wohnen Ingrid und Reinhold?............
Wie ist das Wetter dort? ...........
Was passiert im Frühling? ............

3. Sett inn rett form av det personlige pronomen:
Reinhold fährt nach Heidelberg. Die Eltern holen ........ am Bahnhof.
Sein Vater hat ein Haus. Reinhold wohnt in Heidelberg bei ............
Ingrid bleibt zu Hause in Svolvær. Reinhold reist also ohne ...........
Maxi wohnt in Mecklenburg. Britta schreibt ........ einen Brief.
Ihr Vetter heibt Carsten. Sie hat ein Photo von .........
Die Cousinen machen eine Kanutour. Der Bruder hilft ....... zu paddeln.

Del 2:

deles ut når den første delen er innlevert. Du har nå lov å ta fram tyskbok og ordbøker.
Skriv en liten stil om en av disse oppgavene:

Meine Freundin/Mein Freund hat Geburtstag.
eller
Winter und Frühling in meiner Heimat.
eller
Eine Tour im Freien.

Bruk fantasien og vis hva du kan. Jeg kontrollerer ikke om alt du har skrevet er sant.
Du kan godt legge inn en samtale. Hva sier du, og hva sier den andre?

Elevtekst:


Del 1:
1. Dette er den tyske versjonen av "Alle fugler små de er". Den handler om at alle fuglene er kommet tilbake nå til våren, med sang, kvitring altså med sin "fugle musikk"
2. Wie alt wird Ute, wenn sie Geburtstag hat? ....18 jahre alt R
Was will ihr Utes Grobvater zum Geburtstag schenken ? ..Einem tango party R
Wo wohnen Ingrid und Reinhold?.In Lofoten R
Wie ist das Wetter dort? ....Die Wetter ist ofublich (stygt, snøfullt) ?
Was passiert im Frühling? ..
3.
Reinhold fährt nach Heidelberg. Die Eltern holen .....ihm.... am Bahnhof.
Sein Vater hat ein Haus. Reinhold wohnt in Heidelberg bei ....ihn....
Ingrid bleibt zu Hause in Svolvær. Reinhold reist also ohne ....ihm..
Maxi wohnt in Mecklenburg. Britta schreibt .....ihm... einen Brief.
Ihr Vetter heibt Carsten. Sie hat ein Photo von ....ihn....
Die Cousinen machen eine Kanutour. Der Bruder hilft ....ihm.. zu paddeln.

Del 2:
Meine Freundin/Mein Freund hat Geburtstag.
Meine Freund Jon ist jetzt siebzehn Jahren alt. Zwei Wochen seitdem er hat Geburstag. Dann er hat ein Geburstag party. It was wirlich toll. Wir habt eine gemütlich abend. Wir assen pitzza, und trinken mineral vasser. Später am die abend, wir to Egersund reist. In Egersund wir treft die anderen klassekameraten. Die klokke war spät, whan ich zu house komt.

Min kommentar:

Denne eleven har lese bra til prøva og kjenner teksten i del 1,1; han svarar rett på spørsmåla i del 1, 2, bortsett frå det siste, som han truleg ikkje har forstått. Del 1,3 er heilt mislykka; eleven set inn pronomen tilsynelatande utan meining. Truleg sviktar evna til grammatisk analyse.
Minstekravet til lingvistisk kompetanse bør vera at eleven kan velja rett personleg pronomen og iallfall gjer skil på subjektskasus og avhengig kasus. Feil i dette er meiningsforvirrande. Dette er også fenomen som vi kjenner frå norsk (eg<>meg, me<>oss ).

Del 2 skulle telja 70 % av heile prøva. Oppgåvene var formulerte med tanke på at elevane skulle kunna bruka språkstoff frå dei tre oppgjevne stykka, og mange av dei andre elevane brukte også lange avsnitt derifrå og forma dei om til å handla om eigne forhold. Denne eleven har ønskt å fortelja om ei faktisk hending, og det er tydeleg viktig for han å få formidla dette. Strevet med å finna ord dreg konsentrasjonen bort frå det formelle, og det viser seg her ved stavefeilar (Somme feilar tyder på spes. skrivevanskar.), elementære bøyingsfeilar og innslag av engelsk. Stilen er etter måten kort.
- Får han så fram det han har på hjartet? Det får vi seia. Ein velvillig tyskspråkleg person skulle kunna forstå det aller meste.
Eleven har svært lita evne til å turnera grammatikken til denne tid, så han vil trenga mykje hjelp og mykje øving vidare. Han viser heller ikkje stort ordforråd, og innhaldet er nokså tynt. På dette nivået vil eg likevel under tvil setja ståkarakter - bl. a. fordi eleven syner vilje til å skapa noko eige.