Vi har lese med interesse innlegga til Inger, Janne Britt og Reidunn om vurdering av elevtekster, der det blir reist mange viktige spørsmål knytt til kommunikativ kompetanse, kva som skal vektleggast og kva som faktisk blir vektlagt. Det ser ut til å vera eit spørsmål om ulike fagtradisjonar, f eks i kor stor grad ein legg vekt på at språket skal tilnærma fritt for formelle feil for å oppnå ein god karakter. Kanskje representerer tysklærarar ein streng tradisjon i så måte, medan engelsklærarar står for ein meir liberal tradisjon?
For å koma i retning av eit tolkningsfellesskap, er det viktig at SUE arbeider bevisst i forhold til sensorane i faget, samt trekkjer alle faga inn i prosjektet "Støtte til lokalt arbeid med vurdering" (sjå skriv frå SUE datert 23.02.00).
1) Det sentrale spørsmålet vil heile tida vera å vurdere det kommunikative aspektet opp mot i kor stor grad eleven skriv ortografisk, grammatikalsk og idiomatisk korrekt. Kva er kommunikasjonsforstyrrande feil? Kan vi som er norske i det heile tatt vurdere det på sikkert nok grunnlag i eit framandspråk? Kva er "alvorlege, mindre alvorlege og uvesentlege" feil i ei tekst?
2) Vi meiner det er viktig å trekkje inn i vurderinga i kor stor grad eleven "har noko på hjartet" og får sagt dette (Læreplanen for C-språk 1, pkt 1h: "Elevene skal kunne gi uttrykk for egne tanker")
3) Etter kvart som eleven når eit høgare nivå i opplæringa, vil ein også måtte sjå på nyansar og variasjon i vokabular og struktur samt i kor stor grad eleven beherskar ulike stilnivå, sjangrar og målgrupper. (Dette vil i større grad vera aktuelt for engelsk, men er sjølvsagt også relevant for B-/C-språk).
4) Det er også naturleg å trekkje inn i vurderinga i kor stor grad eleven klarer å nyttiggjere seg gitt informasjon i eit tekstmateriale, f eks å kunne bruke eit verb eller adjektiv dersom ein kjenner det tilsvarande substantivet.
Likeeins i kor stor grad eleven klarer å tolke og bruke informasjonen som er gitt i ordbøker og grammatikkbøker, som også Janne-Britt er inne på i sitt punkt 3.