Samarbeidsoppgåve 3 (Jostein Lostad)
To sitat frå læreplanen i tysk C-språk (5+5):
Arbeid med skjønnlitteratur og annet kulturstoff skal gi elevene kommunikativ kompetanse på et dypere plan.
På kva for måte bør ein arbeide med skjønnlitteratur og anna kulturstoff for at elevane skal få kommunikativ kompetanse, auka kreativitet og større sjølvinnsikt og forståing for andre menneske og forhold?
Her har ein vel som lærar funne ut at det er lite tenleg å arbeide tradisjonelt med tekster, dvs. å lese teksta og deretter svare på spørsmål. Eg har bl.a. sett at det er nyttig å la elevane samtale om tekstene på tysk, eller lage små rollespel bygde på situasjonar i teksta. I båe tilfella må eit utval nye ord og uttrykk vere med.
1h kunne innhente og nyttiggjøre seg informasjon ved hjelp av for eksempel brev, telefon og IKT
Korleis kan elevar vere med å førebu ei elevutveksling mellom Noreg og Tyskland?
Ein lar dei norske og tyske elevane møtast på nettet, der dei først og fremst presenterer seg for kvarandre, men også fortel om lokalmiljøet sitt. Hovudmomentet som er sitert over, kan også gjelde for det obligatoriske B-, C-språket. Elevane vil bli trena i dikurs-, strategi-, sosial og lingvistisk kompetanse.