Jon om elevautonomi


Differensiering og elevautonomi

Dette året har eg ei begynnargruppe (Tysk C 1). Ei jente har valt tysk som 3. framandspråk, dei 14 andre har ikkje hatt tysk på ungdomsskulen, eller hoppa av til noko lettare der etter ei tid. Gruppa har altså medlemmer som har valt vekk sjansen til å læra tysk tidlegare, enten for di dei ikkje hadde evner, eller fordi dei ikkje gat. I 2. termin er det to flinke, nokre til som arbeider godt og har prognoser om å greia seg rimeleg brukbart, og ein liten flokk som "forstår ingen ting!!!" og som derfor heller ingen ting gjer for å forstå noko.

I det siste har eg valt å la elevane arbeida i sitt eige tempo og på sin eigen måte. Eg bruker "Die Brücke 1" og lese- og arbeidsstoffet der, da det er for hand og er tilpassa den lærefasen mange av elevane er i no. Kap. 20 i læreboka vår introduserer preposisjonar med akkusativ/dativ og har ein lesetekst om fire ungdommar på padletur i Mecklenburg. Dei to jentene i laget snakkar i telefonen og avtalar turen. Så møter vi dei att ute på vatnet, der dei småertar kvarandre og snakkar om dyrelivet i området, dei ligg i telt om natta og veltar med kanoen neste dag.

Den første timen med dette kapitlet bruker vi til å gjera oss kjent med situasjonen. Vi speler ca. ¾ side frå CD mens elevane følgjer med i teksten. Deretter snakkar vi saman på norsk om kva vi har forstått og ikkje, vi ser på kartet og finn Mecklenburg (og skulen vår har vennskapsskule der), og vi klarlegg kva vi veit om personane og slektskapsforholdet mellom dei (og repeterer slektskapsord).

- Kva vil de gjera no? Vi snakkar om læringsarbeid og nemner ulike måtar å arbeida med tekst på, diskuterer erfaringar tidlegare i året - og går i gang. Uventa mange ser ut til å vera ivrige til å få gjera noko som dei bestemmer sjølve, somme set seg spontant saman parvis eller i smågrupper. Dei fleste set om til norsk.

På slutten av timen får dei beskjed om å gje seg sjølve lekse. Før dei går skal dei ha levert ein lapp til læraren der dei har notert kva dei tenkjer seg å gjera heime. Det med å levera skriftleg leksemelding er nytt og skaper litt forvirring og panikk. (Det gjeld jo om å koma ut i pausen!)

I den andre timen begynner vi med ein runde på kva dei har gjort heime og kva problem dei kan ha støytt på. 2-3 har lurt seg unna å levera leksemelding og har heller ikkje gjort noko heime. - Deretter høyrer vi heile stykket frå CD. Vi stoppar eit par gonger for å forsikra oss om at alle har ei aning om kva som skjer, men går ikkje inn på detaljar. Elevane kan så arbeida vidare med stykket på eiga hand. Det er Fragen zum Text, det er oppgåver i arbeidsboka som går på å bruka ordbok til å finna fleire ord frå emneområdet osv. Mange går i gang og gjer bra arbeid. Eit par som "forstår ingen ting!!" får framlegg av læraren om å gå tilbake til eit tidlegare stykke og begynna på det på nytt. - Begeistra frå den eine: - Dette forstår eg jo!

Ny omgang med lekseplan og innlevering av leksemelding. Det er interessant å sjå kor ulike arbeidsmengder dei har pålagt seg. Imponerande av somme at dei gjev seg minst like mykje arbeid som læraren plar gjera. Typisk at nokre har valt å gjera bitte litt.

Eg ser at eg har forsømt å be elevane om å formulera læringsmål. Eg må gjera dei medvitne om kva dei skal læra, slik at dei vel arbeidsoppdrag ut frå det. - Kva må du særleg arbeida med? Kva bør du gjera for å bli flinkare på dette? Elevane må òg læra å reflektera over arbeidet.

I den tredje timen går vi systematisk inn på den nye preposisjonsrekka (an auf hinter in neben über unter vor zwischen). Vi terpar nokre gonger på dei to rekkene vi har lært tidlegare. Så ser vi i grammatikkdelen kvar det står om preposisjonane. Læraren knytter an til kjente forhold frå norsk: bort på/bortpå, ut i/uti. Dette skilet får tysk fram ved å skifta mellom akkusativ og dativ. Vi prøver oss fram på tavla. Først med nokre norske setningar, så på tysk. Ich gehe in das Haus. Ich bin in dem Haus. - Jau, dette er dei visst med på.

Det er mange øvingsoppgåver i arbeidsboka, og det er naturleg å gå på dei. På slutten av timen skal dei gje seg lekse att. Mange har bestemt seg for at dei vil pugga den nye preposisjonsrekka, og så vil dei gjera fleire øvingsoppgåver.

Tilsynelatande er dette lite nytt. Alle elevane - bortsett frå den flinkaste, som har valt å arbeida med autentisk "extratext", fordi læraren ser at ho treng større progresjon - arbeider med same tekst og same grammatikkemne. Det einaste er at dei får fridom til å velja arbeidsmåte. Det blir mindre tavlegjennomgåing og meir individuell rettleiing. Dei svakaste får arbeida i eige tempo og med oppgåver som dei føler at dei meistrar.

Læraren føler at kurset har gitt impulsar til refleksjon og dermed til utvikling av undervisninga.