Kva gjer ein tekst "autentisk"? At han står i sitt opprinnelege "miljø"? Kva skjer når læraren finn ein avistekst (eller ein tekst på nettet) og deler han ut i klassen sin? Eller når ein lærebokforfattar samlar sine autentiske tekstar i ei lesebok? Er poenget at eleven sjølv må få finna teksten der teksten står? (Dette kan eg problematisera endå meir med å spørja kor mykje hjelp læraren kan gje eleven med å finna ein tyskspråkleg tekst og framleis halda teksten autentisk.)
Kva med ein tekst som er skriven med tanke på å stå i ei lærebok? Kva med å ta ei tysk lærebok i geografi eller naturfag - for å velja dei to faga som eksempel - og bruka den som autentisk tekst i ein norsk tyskklasse? Bruksmåten for ei lærebok er kjend for elevane, sjangeren kjenner dei godt; vel vi ei elementær bok, vil også stoffet langt på veg verka kjent. Dei vil altså gripa læreboka og vera i ein situasjon dei er godt kjende med - bortsett frå at boka er på eit anna språk enn hovudmålet.
Arbeidet med ein tyskbok-læreboktekst - iallfall på begynnarnivået - har som eit mål å formidla grammatikk-forståing. Elevane skal læra strukturar som dei kan fylla fylla ut og bruka i etter måten standardiserte kommunikasjonssituasjonar. Prøver vi å variera situsjonane, opplever vi at elevane straks kjem opp i problem dei ikkje meistrar. Ein ting er at dei vantar ord for alt dei vil seia, men vanskelegare er det at dei hamnar i strukturproblem. Dei kan ikkje uttrykkja fortid, dei har ikkje lært dativ, dei har gløymt høfleg imperativ, osb.
Denne diskusjonen vil eg ikkje føra vidare; poenget er å peika på at arbeidet med autentiske tekster må ha eit anna mål og ein annan metodikk. Autentiske tekstar skal opna opp for innsikt og innleving i eit miljø og ein kultur. Vi skal ikkje konsentrera oss om grammatikk og stiltone, men om forståing på nokså overflatisk nivå. Vi må nok slå opp nokre ord, men ikkje for mange. Samtidig som teksten er autentisk som produkt av verksemd i det tyskspråklege miljøet, kjenner vi att tilsvarande aktivitetar i vårt eige miljø.
Derfor har eg tru på at elementære lærebøker frå tyskspråkleg mark høver framifrå. Eg vil bruka Schûlerhefte frå Terra-serien frå Ernst Klett Verlag(http://www.klett-verlag.de/katalog). Dette er ganske tynne hefte i tilnærma A5-format, og det er eit hefte om kvart forbundsland. Her er detaljerte kart, rikelege tabellar, ein god del biletstoff, arbeidsoppgåver som norske elevar også må greia ved hjelp stoff i heftet.
Til bruk for elevar som har lært litt meir, har eg hug til å fortelja om HB-Bildatlas, ein serie fargerike hefte med detaljerte kart og alle moglege opplysningar for folk på reise. Kvart hefte tek for seg eit landskap eller ein større by. Frå mi samling nemner eg 42 Hamburg, 69 Nord- und Ostsee, 103 Köln - og 106 Südnorwegen - Fjordland. Prisen var DM 12,80 sist eg kjøpte, og eg kjøper nye når eg kjem til Tyskland neste gong.
Eg skuldar å gjera merksam på at HB Verlag i Hamburg bruker same logo som ein produsent av eit heilt anna vareslag. Til autensiteten dreg vi altså med oss ølreklamen, og den diskusjonen må vi nok innom før vi avsluttar kurset.