Salvesson Aufgabe 3


Auf dem Dokument steht folgendes ...



Erste Aufgabe





Læreplamen som arbeidsinstruks i fransk- og tyskfaget

Eg har tatt ut desse sitata:
1.1i ha noe kjennskap til ulike kunstarter innen språkområdet som for eksempel bildende kunst, musikk, arkitektur eller film

Dette er eit nytt punkt. Det har ikkje før vore noko krav at kunst må vere med som moment i leseplanen.
Korleis løyse dette utan at elevar skal finne temaet kjedeleg?
I 2. klasse B-språk hadde vi om Emil Nolde og litt om ekspresjonismen i førre skuleår,og nokre elevar ga tydeleg utrykk for at å lære om målarar var kjedeleg. Vi diskuterte dette i klassa. Dei fleste var einige i at å lære om ein eller nokre få utvalde kunstnarar,eller ei periode,var betre enn å fare med harelabb over mange.Vi diskuterte oss fram til eit tidsavgrensa lite prosjekt. Fordi nokre elevar i utgangspunktet var lite motiverte for temaet,og fordi eg sjølv er usikker på om sportsutøvarar kjem inn under begrepet,blei vi einige om å ta med punkt 1h) også,sjølvom vi eigentleg alt har dekka dette punktet.Punkt 1h) seier:

2.1h ha kjennskap til utvalgte hendelser og personer i språkområdets historie

Elevane må ta med minst ein kunstnar eller ei periode i kunsthistoria,og så kan dei ta med ein annan kjend person,som då ikkje må vere kunstnar. Eg har gitt dei denne lista som døme på namn:Mozart,Liszt,Brahms,Bach,Haydn,Schubert,Strauss,Schönberg,Wagner,Schumann(komponistar),Wolf Biermann,Kalle Winkler,Reinhard Mey (visesongarar),Käthe Kollwitz,Emil Nolde,Albrecht Dürer,F. Hundertwasser (målarar),Goethe,Heine,Günter Grass,Max Frisch,F. Dürrenmatt,Schiller,Brecht,Borchert,Lenz,Kafka,Christa Wolf,Thomas Mann,Böll(forfattarar)Marlene Dietrich(skodespelar). Lista er ikkje på nokon måte meint å vere utfyllande,men dette er namn eg kan hjelpe elevane lett å finne stoff om,enten på nettet,(fin heimeside om Marlene Dietrich t.d.),
eller i NRK program o.l
Når det gjeld andre kjende personar har eg gitt dei denne lista som døme på namn: Willy Brandt,Erich Honecker,Rosa Luxemburg (politikk),Bertha von Suttner (mot våpen).Her kan ein også ta med kjende idrettsutøvarar. Denne lista er sjølvsagt heller ikkje meint å vere utfyllande;det er mykje å ta av her.

http://members.tripod.com/~Drageild/goethe.htm



http://www.pcs.sk.ca/sjk/dietrich

Det dei altså skal gjere er å presentere minst to kjende personar frå det tysktalande området. Minst den eine må vere kunstnar. Dei kan i staden for dette,ta for seg ei periode i kunsthistoria. Dei skal bruke 6 skuletimar på dette og sjølvsagt heimarbeid til timane. Dei har avgjort at dei vil levere inn eit skriftleg produkt.Dei vil jobbe åleine,eller i grupper på 2-3.Frå mi side har det blitt sagt at eg helst vil ha grupper. Produktet skal bli vurdert utan karakter. Det skal bli retta og kommentert. I termin 2 skal det bli lagt fram som ein del av munnleg prøve.
Dei har tilgang til internett to timar. Elles er det begrensa tilgang til nettet på biblioteket. Dei har blitt fortalt at det er lurt å starte å krinse inn det dei vil skrive om i god tid,så dei ikkje brukar opp mange timar på å diskutere kva dei skal velje. Det gjer det også lettare for meg å hjelpe til med å finne fram stoff.


3. 1h kunne innhente og nyttiggjøre seg informasjon ved hjelp av for eksempel brev, telefon og IKT

Dette er også eit nytt krav. For meg var det særleg vanskeleg å oppfylle IKT kravet. Eg føler eg kan for lite sjølv.Korleis då gjere dette på ein meiningsfull måte for elevane? Vi har nokre brukbare grammatikkprogramm,og læreverket har glosediskett så den biten er i orden det er internettopplæringa som har vore problemet for meg. Dei to siste åra har eg blitt hjelp på veg med Romea und Julian eine deutsche Mini-Seifenoper im Radio und im Internet. Det er ein nordisk samproduksjon- Tyskelevar frå heile Europa,dei baltiske landa og USA deltar i aktivitetane på Internett. Det fine med dette programmet er at elevane lærer å ta seg fram på nettet det er nærast sjølvinstruerande. Samstundes er dette ei morosam historie som fenger elevane.
Internettadressa er:http://www.ur.se/romjul