Auf dem Dokument steht folgendes ...
a)Vi meiner at dei ulike delkompetansane, slik dei er definerte i læreplanen, gir eit riktig tverrsnitt av den totale kommunikative kompetansen som er vår Betlehemstjerne langt i det fjerne.
Kva som er meint med "alternative kommunikasjonsmåter" under strategikompetanse burde ha vore presisert i læreplanen.
b) Det er under "Mål og hovedmomenter" at den etterlyste presiseringa av strategikompetanse kunne ha kome fram. Så langt vi kan sjå, er det ingen av hovudmomenta som grip tak i formuleringa "alternative kommunikasjonsmåter". Kva skal ein da vurdere...?
c) + d) Vi synest vurderingskriteria er presise og tek omsyn til dei ulike delkompetansane.
e) Vi meiner vurderingskriteria legg til rette for ein tolkingsfellesskap, men utfordringa ligg vel truleg i å få lærarane til å endre atferd i forhold til vurdering.Gamle fagtradisjonar med stor vekt på det formelle i språket er ikkje lette å kvitte seg med. Her er det viktig at SUE arbeider med sensorar/lærarar (kurs) for å sikre ein nasjonal standard.
f) I vurderingsrettleiingane er det mest fokusert på den produktive delen, men det reseptive aspektet ligg implisitt i fleire av punkta som er nemnde under "Innhold". Det ser for oss ut til at rettleiinga for munnlege eksamen (SUE-Vg-99-022) er meir presis enn den generelle rettleiinga (SUE-Vg-99-021)når det gjeld det reseptive.
I og med at elevane kan svare på norsk på fyrste delen av den skriftlege eksamensoppgåva, blir den reint reseptive delen testa.