a) Vi meiner at vurderingsrettleiinga for munnleg eksamen (SUE-Vg-99-022) stort sett inneheld kriterium som gjer det mogleg for eleven å dokumentere sin kommunikative kompetanse. Imidlertid kan det verke uheldig at den enkelte skule kan velja bort lyttetekstene frå SUE. Desse ukjente lyttetekstene er godt eigna til å teste forståing av talemålet (jmfr kravet til diskurskompetanse), og spontansamtale er godt mogleg å få til med utgangspunkt i desse lyttetekstene.
b) Eleven kan få i oppgåve å presentere eit emne i faget, eller ei litterær tekst. I ein slik førebudd presentasjon ligg det til rette for å kunne dokumentere initiativ, kreativitet og originalitet.
Vi meiner elles at krava som blir sette til eleven under deloverskriftene "Presentasjon" og "Språk" (sidene 16-17 i SUE-Vg-99-022) kanskje er urimeleg høge i ein stressa eksamenssituasjon, særleg for B/C-språk sin del.
c) Etter vår oppfatning er det lite i vurderingsrettleiinga for munnleg eksamen som sikrar ein nasjonal standard. Det er gitt for stor valfridom for den enkelte arrangør til det (jmfr fotnote 1, side 3).
Oppland fylkeskommune har gått ut med eit skriv til alle skulane i fylket, der det mellom anna er presisert at det skal vera førebuingsdel ved munnleg eksamen i alle fag, og at eleven skal få eit tema eller ei problemstilling i førebuingstida. Denne presiseringa kan ein like eller ikkje like, men tanken bak er å sikre ein standard iallfall innafor fylket.
d)
-48 timar før eksamen: Elevane som skal opp til munnleg eksamen får oppgitt eit tema eller ei litterær tekst dei skal presentere under eksaminasjonen.
Eleven kan sjølve definere problemstilling/avgrensing innafor temaet.
-Skulen legg til rette for at elevane skal kunne samarbeide i førebuingstida, f eks på skulebiblioteket.
-Eksamen:
1) Lyttetekst frå SUE med ei blanding av spontansamtale og samanhengande utgreiing frå eleven om det han/ho har høyrd.
2) Presentasjon av tema / litterær tekst frå førebuingsdelen, med eventuelle oppfølgingsspørsmål frå eksaminator.
3) Samtale om tekst/tema frå lista over gjennomgått lærestoff ("pensumstoff").