Jons 7 b

Auf dem Dokument steht folgendes ...

Oppgåve 7 b.
Elevsamtalar - og ein "håplaus" elev

Dette året har eg hatt ei begynnargruppe Tysk C med
15 elevar. Bortsett frå ei jente som har valt tysk
som 3. framandspråk, er dei fleste svake og til dels
lite motiverte. Ein del har hatt litt tysk på ungdoms
skolen, men hoppa av fordi det vart for krevjande
den gongen. (Det har også kome fram at ein del av
dei ikkje hadde allmennfagleg studieretning som
førsteval, og at dei for neste år søkjer nytt grunn-
kurs på anna studieretning.) Undervisningsopplegget
har derfor vore prega av aktivitetar som kan skapa
meistringskjensle, både ved liten progresjon og
mykje repetisjon når det gjeld å få tak på språk-
systemet, og ved "morosame ting".

I førstninga av mars gjennomførte eg ein runde med
elevsamtalar. Her på skolen les vi tysk i økter på
90 minuttar, og det gjorde det mogleg å organisera
arbeidet slik at eg kunne ta ut ein og ein elev.
Etter ein undervisningsbolk i gruppa gav eg dei
andre arbeidsoppgåver, og så tok eg ein og ein
elev med meg ut. Mot slutten av arbeidsøkta vende
eg tilbake til gruppa for å kontrollera kva dei
andre hadde gjort og førebu heimearbeid og skole-
arbeid neste gong. Dei fleste gongene greidde eg
tre elevsamtaler i løpet av kvar dobbelttime.

Føre samtalerunden delte eg ut eit førebuingsark
som kvar elev skulle fylla ut og ha med seg til
møtet vårt. Slik såg det ut:
===============================================
Navn: ........................................
Tidspunkt: .....................................

SPØRSMÅL TIL ELEVSAMTALE OM SPRÅKLÆRING.

1. Hvordan går det? Er du rimelig godt med, synes du?
2. Er det litt morsomt å lære et nytt språk?
Er det tungt å motivere seg for å gjøre oppgaver m.v.?
3. Skulle du ønske at læreren ville styre og
piske deg mer? (Gloseprøver, grammatikkhøring osv.)
4. Hva må du arbeide mest med nå? Hva vil du
helst gjøre? Tenk etter og kryss av.
. Svare på spørsmål
· Delta i samtale
· Lese høgt, øve uttale
· Lese for å forstå
· Lære ord og uttrykk
· Skrive oversettelse
· Høre for å forstå
· Bøye verb
· Lære nom./akk.
· Lære preposisjoner
· Lære tall
· Leddsetninger
5. Hvordan vil du helst arbeide? Tenk etter og kryss av.
· Læreren forklarer
· Arbeide i par
· Arbeide i gruppe
· Lese høgt, øve uttale
· Skrive og bruke fasit
· Skrive oversettelse
· Lese i språklab.
· Se film
· Lese og svare på spørs.
· Spille sketsj
· Pugge gloser
6. Er det forhold i klassen som virker ødeleggende?
7. Er det andre ting du vil ta opp?
==================================================

Skjemaet gav ein grei disposisjon for samtalen.
Dessverre var det bare eit fåtal som hadde hugsa å
ta med skjemaet, men vi kunne iallfall gå gjennom
eit u-utfylt skjema saman og få kartlagt korleis
eleven følte at det stod til.

Mange vedgjekk at dei arbeidde lite med tysken,
men nesten ingen ønskte meir kontroll frå læraren.
Elles var det stort sprik når det galdt ønske om
arbeidsmåtar og aktivitetar. - Dette tyder på at
det er rett å gje rom for mykje individuelt arbeid
eller arbeid i smågrupper, og at somme elevar har
utbytte av å samarbeida, medan andre bør få
arbeida aleine det meste av tida.


"Ronny" syntest ikkje at han kunne noko som helst.
Det var vanskeleg å forstå dei tekstane vi
arbeidde med, fortalde han. Derfor kunne han heller
ikkje gjera noko i tysktimane. (Grammatikken hadde
gått heilt hus forbi, hadde eg konstatert tidlegare.)
- Ja men Ronny, du skal ikkje gje opp så lett. Lat
oss ta ein ting om gongen. Eg føreslår at du
arbeider med å forstå tekstar, og så lar du alt
det andre segla sin sjø ei stund. Sjå her i lese-
boka; no begynner vi her med kapittel 3. Kan du
setja om til norsk her?
Jau, Ronny forstår nokså mykje her. Eg ber han
bla litt lengre ut i boka og prøva på eit litt
vanskelegare stykke.
- Skal vi avtala at du begynner her, og så skriv
du på norsk kva dette tyder, og så kjem du og
viser meg når du er ferdig? Så kan du arbeida deg
utover på den måten ei stund.. Du kan godt sitja
saman med "Kenny", og så kan de samarbeida, om de
vil.

"Ronny" lova meg dette. Men ein ting er kva ein
seier til læraren sin på tomannshand under mildt
press; noko anna er når ein kjem tilbake i gruppa.
Denne guten sat nokså pliktoppfyllande og arbeidde
med sitt eit par gonger. Han viste meg kva han
hadde gjort og fekk hjelp når han stod fast. Men
så var det slutt. Kanskje burde eg ha rosa han
meir enn eg gjorde? Men både han og eg var klar
over at det var nokså banalt det han sat med,
samanlikna med nivået i gruppa sett under eitt.
Dei andre tykkjer at "Ronny" er dum. I ein time
med grammatikkgjennomgåing for heile gruppa fall
han ut, og gongen etter sat han bare og glodde
utan å ta fram bøker ein gong. Så "Ronny" har
parkert. Han vil ikkje meir....

"Ronny" er lat, det er alle lærarane einige om.
Han er stor og tung, og så røykjer han. Skolen
er keisam, og slutten er langt framme. Og det
vitnemålet han kan sjå fram til når han kjem dit,
blir sikkert ikkje særleg verdifullt heller.

Kva kan eg gjera for "Ronny"?