UiB : Informasjon for ansatte : Meldingstjeneste : Ledige stillinger

Forskar i klinisk biokjemi ved Institutt for Indremedisin

UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i klinisk biokjemi

Ved Institutt for indremedisin, Universitetet i Bergen, er det ledig ei mellombels stilling som forskar i klinisk biokjemi fram til 31.12.08. Stillinga er knytta til forskingsprosjektet: ”PPAR activation and mitochondrial function in obesity related diseases” ved Lipidgruppa, Seksjon for medisinsk biokjemi og er finansiert av Noregs Forskingsråd. Forskaren skal samarbeide nært med andre forskarar og prosjektleiar, professor Rolf Kristian Berge, som også blir fagleg leiar.

Den som vert tilsett må ha doktorgrad, helst innan klinisk biokjemi, eller tilsvarande kompetanse. Forskaren vil vere ein del av ei internasjonal og tverrfagleg forskargruppe og må kunne arbeide sjølvstendig og aktivt. Gode evner til kommunikasjon vert sett som særs viktig i ei tverrfagleg samansett gruppe.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Rolf Kristian Berge,

telefon 55 97 30 98, eller e-post: rolf.berge@med.uib.no

I søknadsvurderinga vil det bli lagt vekt på dei vitskaplege kvalifikasjonane til søkjaren, med vekt på doktorgradsavhandlinga, samt forskingserfaring innan fettmetabolisme og mitokondriell funksjon, og metodologisk erfaring innan molekylærbiologi, oxygrafi, cellekultur og GC/MS.

Lønn etter lønssteg 57/63 (kode 1109/LR 24) etter tenesteansiennitet

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar ”meroffentlighet” ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Søknaden må sendast inn i 4 eksemplar, sortert i 4 like bunkar, kvar med fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare verksemd (CV), stadfesta kopiar av vitnemål og attestar, framlegg til prosjekt; dessutan vitskaplege arbeid og ei liste over desse (publikasjonsliste). Søknaden skal sendast til Universitetet i Bergen, Institutt for indremedisin, Haukeland Universitetsjukehus, 5021 Bergen, innan 10. november 2007

Søknaden skal merkast: 07/13906.


[forrige][neste]
Meldingen
ble lagt inn 18. oktober 2007 av Personal- og økonomiavdelingen .
er gyldig til 10. november 2007
ble oppdatert av Solfrid.Furre@persok.uib.no den 18. oktober 2007.
er nå blitt lest 153 ganger


Offisiell side