UiB : Informasjon for ansatte : Meldingstjeneste : Ledige stillinger

Postdoktor ved Institutt for informasjons- og medievitskap

UNIVERSITETET I BERGEN
Det samfunnsvitskaplege fakultet

POSTDOKTOR VED INSTITUTT FOR INFORMASJONS- OG MEDIEVITSKAP

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig stilling som postdoktor. Stillinga er knytt til forskingsprogrammet DigiCult – The Digitisation of Audiovisual Culture.

Den personen som vert tilsett, skal arbeide med eit prosjekt der dataspel vert sett i eit offentlegheitsperspektiv: Korleis kan dataspel bidra til å kvalifisere borgarane til demokratisk deltaking? Korleis kan slike spel bidra til offentleg samtale og opinionsdanning? Korleis kan ein tenka tilhøvet mellom dataspel og andre medium - internett, fjernsyn, trykte medium m.v.?

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling. Åremålsperioden for denne stillinga er 2 år. Postdoktorstillinga har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon.

Søkjarar må ha oppnådd norsk doktorgrad i medievitskap eller tilsvarande.

Nærare opplysningar kan ein få ved å vende seg til instituttleiar professor Jostein Gripsrud, tlf. 555 84116, e-post jostein.gripsrud@infomedia.uib.no , eller kontorsjef Wenche Førre, tlf. 55 589101, e-post: wenche.forre@infomedia.uib.no

Søkjarar skal legge fram framlegg til prosjekt for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Prosjektomtale og framdriftsplan skal inngå som del av (vedlegg til) arbeidskontrakten for åremålstilsetjinga og skal innehalde namn på den som har plikt til å vere fagleg rådgjevar for den tilsette.

Ved vurdering av søkjarane vil det særleg bli lagt vekt på følgjande kvalifikasjonar:
- vitskaplege kvalifikasjonar
- vitskapleg tyngde og originalitet i det planlagde prosjektet

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Løn etter lønssteg 57 (kode 1352).

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar ”meiroffentlighet” ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Søknad som inneheld fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare verksemd, vedlagt kopi av vitnemål og attestar (i 4 eksemplar), og vitskaplege arbeid med liste over desse (alt i 3 eksemplar) skal sendast til Universitetet i Bergen, Det samfunnsvitskaplege fakultet, Postboks 7802, 5020 Bergen, innan 5. november 2007.

Søknaden skal merkast: 07/13820

[forrige][neste]
Meldingen
ble lagt inn 18. oktober 2007 av Personal- og økonomiavdelingen.
er gyldig til 5. november 2007
ble bekreftet av Solfrid.Furre@persok.uib.no den 18. oktober 2007.
er nå blitt lest 168 ganger


Offisiell side