UiB :
Informasjon for ansatte :
Meldingstjeneste :
Ledige stillinger
Stipendiat i hyperbar fysiologi (dykkarfysiologi) ved Institutt for indremedisn i samarbeid med NUI AS
UNIVERSITETET I BERGEN Ny utlysing
Stipendiat i hyperbar fysiologi (dykkarfysiologi) Ved Institutt for indremedisin er det ledig ei stilling som stipendiat i hyperbar fysiologi (dykkarfysiologi) knytta til NUI AS. Stilinga er knytt til forskingsprogrammet ”Dykking og helse” finansiert av Statoil, Hydro og ExxonMobil. Stipendiaten vil få arbeidsplass ved NUI AS i Gravdal i Bergen. Ei detaljert prosjektbeskriving er utarbeida. Nærare informasjon om arbeidsoppgåver, lønnsvilkår o.a. kan fåes ved å vende seg til seniorforskar Arvid Hope (e-post: aho@nui.no, tlf. 55942839) el. professor Einar Thorsen (e-post: einar.thorsen@helse-bergen.no, tlf. 55973973. Søkjarar må ha relevant master-/cand.med.-/cand.scient grad innan medisin eller naturvitskap eller tilsvarande utdanning. Det eksperimentelle arbeidet vil i hovudsak verte utført med forsøksdyr (rotte). Søkjarar med erfaring frå forsøk med dyr vil difor verte foretrukke. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein PhD. -grad innanfor ei tidsramme på fire (4) år. Det vil bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode. Endelig prosjektplan vil verte utarbeida i samarbeid med den aktuell faggruppa. Samla stipendperiode er på fire (4) år. Av denne perioden er 25% pliktarbeidstid for universitetsstipendiatar. Det vil bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Løn etter lønssteg 43 (kode 1017/LR20.1) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 43/47). Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga Universitetet i Bergen nyttar "meiroffentligheit" ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga. Søknad, som inneheld fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare verksemd, vedlagt kopiar av vitnemål og attestar, og vitskaplege arbeid og liste over desse (alt i 3 eksemplar) skal sendast til Universitetet i Bergen, Institutt for indremedisin, v/ Professor Einar Thorsen,, Haukeland universitetssjukehus, 5020 Bergen Søknadsfrist: 10. november 2007. Søknaden skal merkast: 07/7557
|
Redaksjon: Formidlingsavdelingen. |