UiB : Informasjon for ansatte : Meldingstjeneste : Ledige stillinger

Universitetslektor i samfunnsgeografi - vikariat i 50% stilling ved Institutt for geografi


UNIVERSITETET I BERGEN

Det samfunnsvitskaplege fakultet

UNIVERSITETSLEKTOR I SAMFUNNSGEOGRAFI - VIKARIAT - 50% STILLING

Ved Institutt for geografi er det ledig vikariat i 50% stilling som universitetslektor i samfunnsgeografi, for eit år frå 01.01.08 – 31.12.08.

Den som vert tilsett må kunne undervise på alle faglege nivå innan sosial- og kulturgeografi/lokal- og regionalgeografi.

Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, gjev undervisning i geografi på alle nivå. Den faglege aktiviteten har dei seinare år vore fokusert på fire tema,

• Stads- og næringsutvikling

• Klima-, landskaps- og miljøendringar

• Ressursforvaltning og sosial endring i utviklingsland

• Systemdynamikk

For nærare omtale, sjå forskingsmeldinga http://ugle.svf.uib.no/geografi/default.asp?strId=5668&kategori=474

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar professor Anders Lundberg, tlf. 55583076, e-post Anders.Lundberg@geog.uib.no , eller kontorsjef Gro Aase, tlf. 55583098, e-post Gro.Aase@geog.uib.no

Søkjarar må ha mastergrad/cand.polit. -grad i samfunnsgeografi. God teoretisk og empirisk kunnskap om forholdet mellom menneske og stadar, menneske og landskap, eller menneske og natur er ein føresetnad. Dokumentert relevant undervisningserfaring vil bli vektlagt. Gode evne til samarbeid og kommunikasjon vert òg vektlagt. Det vert sett på som ei føremon om den som vert tilsett har kompetanse i kvalitative metodar og fagfilosofi/vitskapsteori.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Løn etter lønssteg 45/56 (kode 1009/LR 25) etter tenesteansiennitet. Søkjarar kan be om vurdering for tilsetjing som førstelektor. Dette er personleg opprykk, og vil ikkje få konsekvensar for arbeidsoppgåvene som er lagt til stillinga.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillingane.

Søkjarar kan bli kalla inn til intervju.

Universitetet i Bergen nyttar “meiroffentlegheit” ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Søknad som inneheld fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare verksemd, vedlagt kopi av vitnemål og attestar (i 4 eksemplar), og vitskaplege arbeid (inntil 10) med liste over desse (alt i 3 eksemplar) skal sendast til Universitetet i Bergen, Det samfunnsvitskaplege fakultet, Postboks 7802, 5020 Bergen, innan 19. november 2007.

Søknaden skal merkast: 07/14139


[forrige][neste]
Meldingen
ble lagt inn 24. oktober 2007 av Personal- og økonomiavdelingen .
er gyldig til 19. november 2007
ble oppdatert av Solfrid.Furre@persok.uib.no den 24. oktober 2007.
er nå blitt lest 55 ganger


Offisiell side