UiB : Informasjon for ansatte : Meldingstjeneste : Ledige stillinger

Førsteamanuensis i geokjemi/petrologi – 5 års vikariat – ved Institutt for geovitskap

UNIVERSITETET I BERGEN
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Førsteamanuensis i geokjemi/petrologi – 5 års vikariat – ved Institutt for geovitskap

Ved Institutt for geovitskap (www.geo.uib.no) er det ledig eit fem års vikariat som førsteamanuensis i geokjemi/petrologi.

Vikariatet er knytt til forskingsgruppa i geobiologi og/eller geodynamikk. Den som vert tilsett vil ha som hovudoppgåve å drive forsking og undervisning i geokjemi og petrologi.

Søkjaren må kunne dokumentere forskingserfaring i isotopkjemi og petrologi. I desse felta har forskinga ved instituttet eit fokus på geokjemi og petrologi til havbotnsbergartar, studiar av ofiolittar, lagdelte intrusjonar og Arkeiske grønnsteinsbelte, og studiar av hydrotermale system og vann-bergart-mikrobe relasjonar.

Den som vert tilsett må kunne ta del i undervisninga i petrologi, geokjemi og mineralogi på bachelor, master og PhD-nivå.

Det vil verte lagt vekt på erfaring i leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskings¬aktivitet og dessutan erfaring frå forskingsstrategisk arbeid. Det vil vidare verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre forhold som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, er tilgjengeleg på nettadressa:
http://www.uib.no/mnfa/stillingsomtaler/mellomstilling/vikar_RBPedersen_07_geokjemi-petrologi.htm

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Olav Eldholm på tlf. 55 58 32 81 / e-post olav.eldholm@geo.uib.no, eller til professor Rolf B. Pedersen på tlf. 55 58 35 17 / e-post: rolf.pedersen@geo.uib.no

Søkjarar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk kompetanse innan søknadsfristen er ute.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Løn etter lønssteg 57 (kode 1011/LR 24.1) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 57/63). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar "meroffentlighet" ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søkjarar må oppgje dei arbeida eller delane av arbeida som det skal leggjast særleg vekt på ved vurderinga. Desse bør ikkje vere fleire enn 10. Søknaden må innehalde oversyn over vedlegg som dokumenterer søkjaren sine pedagogiske kvalifikasjonar.

Søknad som inneheld fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare verksemd (CV), vedlagd kopiar av vitnemål og attestar, og vitskaplege arbeid med ei liste over desse (alt i 3 eksemplar/sortert i 3 like bunkar), skal sendast til Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, Allégt. 41, NO-5007 Bergen. Søknadar sende på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søknadsfrist: 24. november 2007.

Søknaden skal merkast: 07/13745.


[forrige][neste]
Meldingen
ble lagt inn 2. november 2007 av Personal- og økonomiavdelingen.
er gyldig til 24. november 2007
ble bekreftet av Solfrid.Furre@persok.uib.no den 2. november 2007.
er nå blitt lest 1 ganger


Offisiell side