Nader, den upopulære

Ralph Nader er mannen som er dømt til å tapa. Han er underdogen, som alle elskar å hata, og som garantert hadde vore ”anti-helten” i ei bok av Jon Michelet eller Gunnar Staalesen.


Skriv ut denne siden

Sett www.op.no som Hjemmeside

Tips en venn om denne saken

Se større bilde FOTO:: pressebilete

Korfor er Nader så upopulær? Seinast 1.november, dagen før valet, skreiv Michael Moore eit innlegg mot forbrukaradvokaten, kor Moore skuldar han for å svikta vennene sine (dei som er imot Bush). Denne mannen har meiningar som er liberale og sosialdemokratiske, og meir rettferdige enn det som er i dagens USA. Korfor kjempar demokratane sånn mot han?

Ralph Nader fekk 2,74 % av stemmene ved førre presidentval. Nesten 2,9 millionar amerikanarar førte han opp på 3.plass ved det valet. Så grunnen til at han er mye meir berykta blant demokratane enn republikanarane, er fordi han fekk skulda for at George W. Bush slo Al Gore på målstreken.

Mange demokratar meiner at Nader ”stal” stemmer frå Gore ved førre presidentval. I Florida, som blei avgjerande då, fekk Nader nesten 100.000 stemmer, mens Bush ”vann” med 537 (om Bush eigentleg vann er ei anna sak.) Undersøkingar (ikkje nøyaktige tal) viser at av dei som stemte på Nader var det ca. 37 % registrerte demokratar, og 25 % republikanarar og resten uavhengige. Det støtter påstanden om at hadde alle demokratane og republikanarane stemt på ”seg sjølv”, hadde Gore vunne valet. Det er same kva litt merkelig at ein fjerdedel av dei som støtta Nader er republikanarar, ettersom Nader sin politikk er langt i frå republikansk.

Og nå har demokratane sett i gong med mange kampanjar for å stoppa Nader. Utallige nettsider som rakkar ned på Nader og kallar han forrædar som indirekte støttar Bush. Men det er ein ting som er eit paradoks, og som demokratane bruker mot Nader. Reform Party, som er eit konservativt parti og har mye sterkare band til republikanarane enn demokratane har hjelpt Nader til å få Ballot status (at han kan stå på stemmesetelen) i fleire statar. Sjølv om Reform Party kanskje har ein skjult agenda, får Nader større sjanse til å få fleire stemmer. Han gjorde det fordi han ikkje blei einige med Green Party som stod bak han ved førre val.

Men spørsmålet er: Skal det ikkje vera lov for andre enn demokratane å kjempa mot Bush? Det er det Nader òg seier. Han er imot Bush, men ser Kerry som eit nesten like stort vonde. Så han vil vera eit alternativ og går til åtak på ”Corporate America”. Han meiner det er storselskapa og pengane som styrer landet.

Det er vel ikkje rett at eit i eit demokrati, som USA likar å kalla seg, det berre skal vera to val, kor begge er parti som blir rekna som konservative i europisk forstand. Tenk deg eit val i Noreg kor Høgre og FrP var dei to store. Skulle ein då skulda på alle sosialistane som stemte SV, som då hadde vore eit miniparti, fordi dei ikkje stemte Høgre og ville ha vekk ein person som Carl I. Hagen


Publisert : 03.11.2004 - 07:59 Oppdatert : 03.11.2004 - 13:23


Skriv ut denne siden

Sett www.op.no som Hjemmeside

Tips en venn om denne saken


På forsiden nå:


Kommentar:



NETTOPP utgis av Høgskolen i Bodø, Senter for journalistikk, tlf.: 7551 7200
Ansvarlig redaktør: Jan Erik Andreassen Nyhetsredaktør: Bengt Engan
Alt innhold er beskyttet i hht. lov om opphavsrett.
Redaksjonen i NETTOPP arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.

Powered by: Escenic Content Engine