Ikkje kast jula på meg enno
Av:
Stina Åshildsdatter Grolid
Plutseleg står han der i butikken, julemarsipanen. Alt er idyllisk i ei stor
gjensynsglede heilt til du plutseleg hugsar at det er jo fleire månader til
jul.
Dei siste åra har den kommersialiserte jula tatt heilt av. Ei tid der det
verkar som pengar og ting man kan kjøpe for pengar gjeld, ser eg lite igjen
av den jula eg var så glad i som lita. Jula der heile familien endelig fekk
tid i lag. Med graut, heimelaga marsipangris som mandelgevinst og sjølvsagt
noko spennende på lur under treet.
Ventetida til årets mest
gledelige dag byrjar så smått fyrste søndag i advent.
Vidare blei dagene fylt fram mot 24. med ei ny luke i kalenderen kvar dag.
No, ti år seinare er ventatida blitt noko heilt anna. Julemarsipanen kom i
butikkane tidleg i oktober. Den nostalgiske julebrusflaska på glass, frista
rett og slett ikkje no. Eg er ei av dei som verkeleg er glad i all
julesnopen. Men når butikkane set ut alt så tidleg, så øydelegg det gleda
mi. Jula høyrer då rett og slett ikkje inn i haustmørkret blandt Halloween
og Farmen episodar.
Det er ikkje berre det at jula kjem så tidleg som ergrar meg. Det er heile
opplegget med at ein skal bruke så mykje pengar på gildet. Ønskjelister når
jo nye dimensjonar når så mykje går ann å ønskje seg. Eg meinar på ingen
måte at dagens ungar er egoistiske. Deira gaveønskjer er berre eit produkt
av reklame som skrik at ein stadig treng meir, og foreldre som stadig vil ha
meir. Det einaste man kan lese ut av born er korleis vaksne let samfunnet
bli. Leikebutikkar utnytt det grovt, med spennende blinkende kostbare ting
som passar fint under treet. Ein ting er all reklama retta mot vaksne, her
velger ein sjølv. Men å utnytte ungar på den her måten, er rett og slett
stygt. Små barn små gleder, har jo vore treffande lenge, men lar vi dei få
beholde den gleda når vi stadig skal ha meir? Skulle ein iallefall tru.
Påvirkinga er jo lett å bli offer for. Jula er jo ei tid ein ofte kjøper seg
ny julekjole. Butikkar glitrar over av julestas, bli slank til julematen
tipsar ukeblad. Dei skal jo trass i alt hjelpe deg å føle deg betre. Eller
som eg meinar, å finne opp potensielle kompleks med deg sjølv. Apatisk
spring ein etter illusjonar om at det skal ha noko å seie for nokon som
helst, annan enn deg, at du har ny kjole som sit som eit skot mot budsjettet
ditt.
Juletid som arena for kos og glede og eit par nye spennende ting, står for
fall når ingenting er spennande nok. Ein skulle så gjerne fått noko anna i
staden, kanskje berre litt meir, for Lise fekk jo... Ikkje la nokon lure
julekjensla di på deg i butikkane, for den er jo heilt gratis!
|
|

|
På forsiden nå:
|

|
Kommentar:
|

|