Biskop Olav Skjevesland vil at elevar skal lære seg ti salmer på rams. Dette
skal hindre at Noreg forfell på det åndelege plan.
Biskop Olav Skjevesland i Agder og Telemark bispedøme har i fylgje avisa
Vårt Land eit ynskje om at elevar på grunnskulen skal pugge meir.
Skjevesland vil at elevane skal pugge minst ti salmer og ti andre kjente
norske songar. Dette skal hindre forfall i den åndelege og folkelege
kulturskatten i Noreg, meiner Skjevesland.
Biskopen vil at det skal lagas ei liste over ti salmer og ti andre songar
som skal lærast utanat. Han er ikkje sikker på korleis denne lista skal
organiserast i praksis, men er open for at folk flest kan kome med forslag
til kva songar som bør vere med.