Gløymte flaggdagen

Som alle andre offentlege bygg vert det i dag flagga ved HBO. Det er ikkje alltid det vert gjort.


Skriv ut denne siden

Sett www.op.no som Hjemmeside

Tips en venn om denne saken

Se større bilde FOTO:: Sigfrid Kvasjord

Høgskulen i Bodø hugsa bursdagen til prinsesse Ingrid Alexandra

- Det er ei viktig sak dette med flagging, men vi gløymte det ein gong i fjor, innrømmer driftsjef Arne-Martin Svartnes ved HBO.
- Då var det H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit sin bursdag som gikk oss hus forbi, seier driftsefen. Dette fekk ingen direkte konsekvensar for skulen, men driftsavdelinga fekk i fylgje Svartnes smekk på fingrane av leiinga ved høgskulen etter denne hendinga.

- Ho nye prinsessa
Det er i dag eit år sidan H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra vart fødd. Hennar bursdag skal markerast med flagging ved alle statlege og kommunale bygg. Høgskulen i Bodø har gjort si plikt i dag, sjølv om driftsjefen ikkje er heilt sikker på kva det blir flagga for.
- Det er vel ho nye prinsessa trur eg, seier Svartnes, men unnskyldar seg med at det ikkje er han personleg som heisar flagget.

Ikkje gløym samane
Den neste offisielle flaggdagen er 6. februar. Då er det samefolket sin flaggdag. Arne-Martin Svartnes seier dette er ein dag som mange gløymer, men seier bestemt at det ikkje skal skje ved Høgskulen i Bodø.
- Det ordnar gutane mine her på avdelinga, smiler Svartnes. Sjølv er han ikkje heilt sikker på datoen for når det skal flaggast for samane.


Publisert : 21.01.2005 - 12:41 Oppdatert : 21.01.2005 - 12:42


Skriv ut denne siden

Sett www.op.no som Hjemmeside

Tips en venn om denne saken


På forsiden nå:


Kultur:



NETTOPP utgis av Høgskolen i Bodø, Senter for journalistikk, tlf.: 7551 7200
Ansvarlig redaktør: Jan Erik Andreassen Nyhetsredaktør: Bengt Engan
Alt innhold er beskyttet i hht. lov om opphavsrett.
Redaksjonen i NETTOPP arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.

Powered by: Escenic Content Engine