Ei svensk undersøking meinar påviste at menn blir feitare av snus.
Ifølge Dagbaldet.no har legane Sara Holmberg og Anders Thelin ved Uppsala
universitet studert 1792 menn mellom 40 og 60 år og spurt dei om
tobakksvaner, kosthald og mosjonsvanar. Dei fann at snusarar som ikkje
tidligare har vore røykarar, har ein dobbelt så stor risiko for overvekt som
menn som aldri har brukt tobakk.
Undersøkinga tok hensyn til den enkelte sin alder og livsstil, slik at dette
ikkje skulle kunne samanliknast med ikkje-snusarar sin eventuelle sunne
livsstil. Forskarane er usikker på samanhengen mellom snus og fedme, men
påpeikar at all bruk av tobakk påverkar stoffskiftet, som igjen kan føre til
fedme.