|
Modulbasert vidareutdanning i musikk
Fagplanar inntil 30 vekttal
Innleiing
Den modulbaserte vidareutdanninga i musikk ved HSH
byggjer på rammeplanane i musikk for allmennlærarar (ALU) og 4-årig
faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag (FFLU).
Desse planane er organiserte i målområda Musisere,
Danse, Komponere, Lytte og Reflektere og integrere. Innhaldet i alle
modular byggjer på desse målområda, men vektinga av målområda kan
vera ulik frå modul til modul. Omfanget av modulane varierer frå 2 til
5 vekttal.
Lærarutdanning ALU og FFLU har felles mål for faget
musikk. Måla er å forstå som framtidige siktepunkt for alle som tek
utdanninga eller deler av denne. Det er eit viktig siktepunkt på alle
nivå at ein som deltakar er bevisst på kva som er eit framtidig mål,
og kor ein sjølv står i utviklinga mot målet.
Måla som er sette for fageininga musikk i
grunnutdanninga gjeld også for den modulbaserte vidareutdanninga som er
skissert i desse fagplanane.
Måla er formulerte slik:
Deltakarane skal
 | utvikla handlingskompetanse, kunnskapar og haldningar som fører til
personleg vekst, og som gir eit musikkfagleg og pedagogisk grunnlag
for å vera lærar i musikk |
 | utvikla forståing for den estetiske dimensjonen i faget, oppøve
estetisk og kvalitativ vurderingsevne og få kunnskap om og erfaring
med musikk som skapande verksemd |
 | utvikla reflekterte haldningar til fag, elevar og undervisning og
få tiltru til eige potensial som lærar og interesse for å utvikla
seg vidare i faget |
 | utvikla musikalsk skjønn i omgang med ulike typar musikk, og sjå
dette i samanheng med den musikalske utviklinga hos barn og unge og
den musikken barn og unge møter i kvardagen |
 | tileigna seg kunnskapar om musikk som kulturuttrykk og
samfunnsfenomen før og nå |
 | utvikla evna til å leia musikalske aktivitetar innanfor og utanfor
skolemiljøet og kunna bruka musikk som ein del av tema- og
prosjektarbeid |
Den modulbasert kompetansegjevande utdanninga ved HSH
består av fleire modular frå 2 til 5 vekttal. Studentar som tek fleire
modular, kan få kompetansegjevande utdanning på 5 vekttal, 10 vekttal,
20 vekttal eller 30 vekttals nivå. Modulane byggjer i hovudsak på
kvarandre slik at studentar må ha gjennomført modul 1 før dei kan få
vitnemål frå modul 2, osv.
Siste modul innanfor kvar 10-vekttalsgruppe får ein
oppsummerande funksjon der det blir teke omsyn til at sluttføring av
modulen samla sett gir deltakaren 10 vekttals kompetanse. Det er likevel
ingenting i vegen for at modulane innanfor kvar 10-vekttalseining kan
gjennomførast i eit parallelt
studieløp.
På nokre nivå er det lagt til rette for val mellom
fleire modular.
Eit viktig siktemål i utdanninga ved HSH er i større
grad enn før å ta i bruk informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT).
For musikkfaget representerer dette ei spesiell utfordring.
Uansett kva for ein måte modulane er organiserte på,
er det overordna siktemålet vera at særpreget i faget og kvaliteten i
utdanninga må takast vare på. I musikkfaget gjer ein det best ved å
fastsetja balansen i dei ulike modulane mellom undervisning ansikt til
ansikt (ATA) og gjennom IKT ut frå ei slik overordna målsetjing.
Eit oversyn over modulane på ulike nivå ser slik ut:
Pensum, studie og evalueringsformer er spesifisert i
fagplanane. Pensum har ein obligatorisk del og ein sjølvvald del. Den
obligatoriske delen er spesifisert for kvar 10 vekttalseining og vil
blir spesifisert på modulnivå i semesterplanane. Den sjølvalde delen
av pensum vil bli godkjent af musikkseksjonen etter ein bestemt
prosedyre og bestemte kriterier som er spesifisert i semesterplanane.
Video, lyttedøme, etc. kan også vera del av pensum.
Oppgåver som skal godkjennast er spesifisert i
tilknytning til kvar modul. Det same gjeld retningslinjer for evaluering
og eksamen.
|