Studieleiar FLU
Nytt kap. 7. Vurdering i Fagplan for førskulelærarutdanning ved Høgskulen Stord/Haugesund.
Vurderingsordninga er vedteke i avdelingsstyret i Avdeling for lærarutdanning 11.12.01, og er gjeldande for F2-klassane frå studieåret 2001/2002.
Ein forventar at studentane møter opp til all tilrettelagt undervisning og er tilgjengelege for medstudentar i samband med gruppearbeid/kollokviearbeid også utanom den timeplanlagde studietida. Førskulelæraryrket er ikkje noko ein kan lesa seg til,- det er heilt naudsynt at kvar einskild student bidreg aktivt i klasseromsdrøftingar og gruppearbeid.
For å få godkjent dei ulike delane av førskulelærarutdanninga må studenten ha gjennomført alle obligatoriske studiekrav.
Praksis, med førebuing og etterarbeid, er obligatorisk.
Andre obligatoriske krav vert konkretiserte i årsplanar, semesterplanar og planar for dei einskilde prosjekt og temaperiodar.
For å gå opp til avsluttande vurdering og eksamen, må studenten ha gjennomført alle forprøver, obligatorisk arbeid, undervisning og praksis slik fagplanar og semesterplanar føreset. Dersom studenten på grunn av sjukdom eller andre tungtvegande grunnar manglar noko av det obligatoriske arbeidet kan høgskulen ved studieleiar, etter skriftleg søknad frå studenten, vurdera om han eller ho kan framstillast til avsluttande eksamen før det obligatoriske arbeidet er gjennomført eller levert. I særlege høve kan obligatoriske arbeid/ekskursjonar bli lagde etter eksamen.
Det blir ikkje ved noko høve utlevert vitnemål før alle obligatoriske arbeid er godkjende.
Studenten har plikt til å gjera seg kjend med eksamensreglement og forskrifter i studiehandboka.
|
FAG |
OBLIGATORISKE STUDIEKRAV
OG EKSAMEN |
|
1. studieår Pedagogisk teori og praksis (5 vt.) Faglegpedagogisk studium (14,5 vt.) |
Pedagogisk teori og praksis Obligatoriske studiekrav: ·
frammøte til
obligatorisk undervisning ·
praksis og
individuell skriftleg prøve/oppgåve skal vera godkjent for å halde fram i
studiet Drama Obligatoriske studiekrav: ·
frammøte til
obligatorisk undervisning ·
skriftleg
metodisk oppgåve og observasjonsoppgåve knytt til praksis ·
gjennomført og
godkjent obligatoriske fellesprosjekt og gruppearbeid ·
gjennomført
kulturtur med innslag av profesjonelt teater for barn Musikk Obligatoriske studiekrav: ·
frammøte til
obligatorisk undervisning i praktiske aktivitetar ·
godkjent song
og spel, inkludert kasetter ·
innlevert og
godkjent aktivitetsbok ·
gjennomført og
godkjent obligatoriske fellesprosjekt og gruppearbeid ·
gjennomført
kulturtur Forming Obligatoriske studiekrav: ·
godkjent
praktisk skapande arbeid ·
godkjent
praktisk-metodisk oppgåve ·
gjennomført og
godkjent obligatoriske fellesprosjekt og gruppearbeid ·
gjennomført
kulturtur Eksamen i estetiske fag: Drama-musikk-forming: ·
5 t.
individuell, skriftleg eksamen i eitt av faga etter trekking. Tel 60% ·
Praktisk
gruppeeksamen i dei to andre faga. Tel 40% NorskObligatoriske
studiekrav: · godkjenning av munnlege
framføringar · gjennomført kulturtur Eksamen: · Ein 4 t. individuell,
skriftleg eksamen i emna frå første
året. Tel 50%. Matematikk Obligatoriske
studiekrav: · godkjent innlevert mappe
med individuelle- og gruppearbeider. Antall og omfang vert nærare presisert i
semesterplanen. |
|
2. studieår Pedagogisk teori og praksis (4 vt.) Faglegpedagogisk studium (16,5 vt.) |
Pedagogisk teori og praksisObligatoriske studiekrav (gjelder begge klassar):
I
tillegg for klasse F2a:
Eksamen klasse
F2a:
Eksamen i klasse
F2b (Pluto):
NorskObligatoriske studiekrav (gjeld begge klassar):
Eksamen (gjeld begge klassar):
NaturfagObligatoriske studiekrav (gjeld begge klassar):
Fysisk fostringObligatoriske
studiekrav (gjeld begge klassar):
Eksamen i
naturfag – fysisk fostring
(gjeld begge klassar):
Samfunnsfag:
2. og 3. studieår (gjeld
F2a) Obligatoriske
studiekrav:
Religion/etikk:
2. og 3. studieår (gjeld
F2a) Obligatoriske studiekrav:
Samfunnsfag – religion/etikk (gjeld F2b) Obligatoriske
studiekrav:
|
|
3. studieår Pedagogisk teori og praksis (6 vt.) Faglegpedagogisk studium (4,5 vt.) Fordjupningseining (10 vt.) |
Pedagogisk
teori og praksis (gjeld begge klassar) Obligatoriske studiekrav:
Eksamen:
Samfunnsfag
– religion/etikk (gjeld begge klassar) Obligatoriske studiekrav:
Eksamen:
Obligatoriske
studiekrav i fordjupningseininga: Sjå fagplan/semesterplan for den einskilde eininga Eksamen i
fordjupningseininga: Sjå fagplan for den einskildre eininga |
n godkjenning av pedagogisk praksis
n ein karakter i pedagogisk teori
n ein karakter i estetiske fag (drama, musikk, forming)
n ein karakter i norsk
n ein karakter i naturfag – fysisk fostring
n ein karakter i samfunnsfag – religion/etikk
n godkjenning i matematikk
n ein karakter for fordjupningseininga
Dei tverrfaglege eksamenane i naturfag – fysisk fostring og samfunnsfag – religion/etikk er tre-delte med ein individuell skriftleg eksamen i kvart av faga og ein gruppe-eksamen.
Gruppeeksamen i naturfag-fysisk fostring våren 2002 går over 5 dagar, mens gruppeeksamen i samfunnsfag- religion/etikk er knytta opp mot det tverrfagleg prosjekt ”Det fleirkulturelle samfunnet” studentane arbeider med hausten 2002.
For drama-musikk-forming er det slik at i eit kull skal 1/3 av studentane koma opp i drama individuelt skriftleg, 1/3 i forming og 1/3 i musikk. I tillegg skal studentane opp til ein praktisk gruppeeksamen i dei to faga dei ikkje kjem opp i individuelt. Den skriftlege eksamen tel 60% og den praktiske gruppeeksamen tel 40%.
Trekkinga av det faget studenten skal opp i, vert gjennomført av studieleiinga i god tid før eksamen, men skal kunngjerast for studentane 3 dagar før eksamensdagen.
I norsk er eksamen i første studieår på nynorsk og heimeeksamen i andre studieår på bokmål.