PPU . Arbeidsoppgåva studentane har fått:

Utarbeide fagplan i fagdidaktikk for eigne fag
dvs. ein plan for deg sjølv i dette studiet - ikkje ein plan for elevane dine. Dei har sine eigne planar.
Planen skal ta utgangspunkt i rammeplanen for det aktuelle faget og vere ein konkretisering av denne.
(Denne er å finne under Informasjon på PPU-sida)

Om ein underviser i berre eitt fag -
er det snakk om eit omfang på10 vt i dette faget (t.d. elektrofag)
Om ein underviser i fleire fag (t.d. filologiske fag),
vel ein ut 2 fag - men då med eit omfang på 5 vt i kvart fag.

Det er ikkje nok å velje eit fag ein tilfeldigvis underviser i nett no.
Det må vere fag ein har godkjent fagutdanning i og fag som låg til grunn for
opptak på dette studiet

Skisse til korleis ein slik fagdidaktisk plan eksempelvis kan byggjast opp:
(t.d. for faget engelsk)
1. Grunngjeving
Kvifor fagdidaktisk plan i engelsk?

2. Mål
Kva fagdidaktisk kompetanse bør eg skaffe meg med tanke på mi seinare undervisning
dvs. kva bør eg kunne/meistre/kjenne til/praktisere når det gjeld undervisning i engelsk?
Kva er heilt nødvendig for meg å kunne/meistre, kva er mindre viktig?

3. Innhald
Kva emne/delemne/ferdigheter/holdningar høyrer med innanfor fagområdet fagdidaktikk i
språk/framandspråk/engelsk. Korleis prioritere innhaldet?
Kva er viktig å ha med, kva er mindre viktig, kva fell utanfor?

4. Arbeidsmåtar/organisering
Korleis vil/bør eg og me som gruppe arbeide og organisere oss for at me skal komme gjennom
innhaldet og skaffe oss dei kunnskapar og ferdigheter me treng på fagområdet?
Kanskje det me finn ut vil vere gode/produktive arbeidsmåtar for oss sjølve også kan vere
nyttige å bruke seinare i vår undervisning?

5. Vurdering
Kva meiner eg/me kunne vere ei ønskjeleg/rimeleg vurderingsordning ut frå det me
har valt å vektleggje i planen vår med omsyn til mål, innhald og arbeidsmåtar.

Denne planen som du/de har laga skal de arbeide med/tileigne dykk i løpet av den tida
komponenten fagdidaktikk går i studiet, dvs. fram til febr./mars 2002.

Planen/læringsprosessen vert realisert og innhaldet tileigna ved hjelp av
a. undervisning og rettleiing av lærarar/rettleiarar frå høgskulen her
b. eige studium/eigen refleksjon
c. prosjektarbeid/gruppearbeid/gruppedrøfting
d. praksis