Nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein saman med styreleiar Helge Sønneland (t.v) og Ismail Serageldin, direktør for biblioteket i Alexandria.
”Beacon” er ein nettbasert, bibliografisk database om ytringsfridom og sensur av litteratur. Databasen er støtta av Kultur- og kyrkjedepartementet og vart dedikert til det nye biblioteket i Alexandria da det opna i 2003. Tidlegare har Norsk forum for ytringsfrihet (1995-2001) og Norsk bibliotekforening administrert databasen i samarbeid med eit nasjonalt og eit internasjonalt styre.
NB revitaliserer
Frå og med 2007 vil Nasjonalbiblioteket revitalisere ytringsfridomsdatabasen, og i framtida vil vi administrere databasen i samarbeid med eit internasjonalt styre.
I samband med dette kom Ismail Serageldin, direktøren for biblioteket i Alexandria, til Oslo for å delta på styremøtet.
Frå Nasjonalbiblioteket si side blir det kontinuerlege arbeidet med databasen drive av Marianne Takle og Tove Jareld. Fag- og forskingsdirektør Svanhild Aabø har òg plass i det internasjonale styret der direktøren for Biblioteket i Alexandria altså spelar ei viktig rolle saman med mellom andre representantar for IFLA og Senter for menneskerettar. Det internasjonale styret, som skal møtast ein gong årleg for å leggje føringar for utviklinga av ytringsfridomsdatabasen, blir leidd av spesialråd Helge Sønneland frå Kultur- og kyrkjedepartementet.
Sensur og ytringsfridom
Beacon for Freedom of Expression består av to databasar. Vi kan søkje på websida ved å følgje to linkar:
Siktemålet med ytringsfridomsdatabasen er å kartleggje tilgjengelege kjelder om sensur og ytringsfridom ved å lage ein bibliografisk database med historisk og samtidig dokumentasjon. Mykje av informasjonen frå vår tid om sensur og ytringsfridom er tilgjengeleg på Internett. Beacon for Freedom of Expression gjer mykje av denne informasjonen tilgjengeleg i ein database.
Les meir om saka i Dagsavisen