Det var sportsredaksjonen i NRK som hadde ideen om å bla seg bakover i historia for å sjå om det var mogleg å finne ut kva som låg bak 4-2-resultatet for 26 år sidan. I føremiddag vart det gjort opptak i Nasjonalbiblioteket med Lyn-spelarane Lars Kristian Eriksen og Erling Knudtzon - ein hektisk sportsredaksjon opplyser at innslaget mest sannsynleg vil bli sendt i sporten etter 21-nyhenda på NRK1 i kveld. Nasjonalbiblioteket er ei kunnskapskjelde òg for alle fotballinteresserte!
Det kommande oppgjeret mellom Vålerenga og Lyn finn stad på Ullevaal stadion onsdag 20. juni kl. 21.25.