foto: singingwhale macbook
Rockettothesky står for eitt av dei musikalske innslaga i Nasjonalbiblioteket under Oslo Kulturnatt.
7. september har alle som bur i Oslo eller er på besøk i hovudstaden høve til å oppleve mangfaldet og breidda i kulturlivet i byen.
I Nasjonalbiblioteket startar kvelden med rebusløp for dei minste - kven finn Pippi sin gullskatt? Legg du turen opp trappa blir det mogleg å fordjupe seg i materiale som handlar om nordområda. Forfattarane Bjarte Breiteig og Carl Frode Tiller les frå dei nyaste bøkene sine, og for dei musikkinteresserte blir det Grieg-konsert med Per Vollestad og Sigmund Hjelseth før Rockettothesky og Jenny Hval avsluttar kvelden med ein musikalsk forundringspakke. Sjå detaljert program.
Det er Oslo kommune i samarbeid med og offentlege institusjonar, foreiningar og andre aktørar innan kulturlivet, som står bak Oslo Kulturnatt.
Her kan du lese meir om Oslo Kulturnatt og sjå programmet for Kulturnatta.