Fag
2007.01.31
Nasjonalbiblioteket på 60 minutt!
Gunnhild Holmen

”Norges tøffeste radioprogram noensinne” sa Dagbladet om ”Revolvermagasinet” som NRK Radio sendte i 80-åra. Vil du høyre det på nytt? På Nasjonalbiblioteket kan du lytte til radioprogram heilt tilbake til 1930-åra. Vi har m.a. alle vekeblad, tidsskrift, bøker og aviser som er gitt ut i Noreg. Vil du sjå ”Det Nye” frå 1974? Kanskje samanlikne med 2004? Eller finne ut kva Chr. Michelsen skreiv til Bjørnson i 1905? På Nasjonalbiblioteket vil vi formidle kulturarven til deg!



Vil du vite meir om korleis du kan bruke biblioteket, korleis du finn informasjon og korleis du bestiller frå samlinga? Bli med på brukarkursa våre som gir deg eit innblikk i samlingane til Nasjonalbiblioteket og dei tenestene vi kan tilby.

Vi tek til med ei omvising i samlinga. Så set vi oss ved ein PC og søkjer i ressursar på heimesida vår, www.nb.no.

Her får du tilgang til katalogar, databasar, aviser og artiklar, digitale ressursar, radioopptak og oppslagsverk for å nemne noko. Kurset legg opp til at du kan prøve og søkje sjølv, og vi tek gjerne utgangspunkt i spørsmåla dine.

Føresetnad for å delta er kjennskap til Internett og Windows.

Inga førehandspåmelding. Møt opp i resepsjonen i 1. etasje.
Måndagar: 13-14
Tysdagar: 16.30-17.30
Onsdagar: 10-11
Kurset varer ein time og er gratis.

Vi tilbyr òg skreddarsydde kurs for grupper.
Kontakt: veiledning@nb.no og spør etter Elisabet, Birgit eller Gunnhild

Vi ønskjer nye og gamle brukarar velkomne!



Alle nyheter ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak