Fag
2007.02.28
Ny ISBN-standard
Ingebjørg Rype

Den nye ISBN-standarden har no trådd i kraft - alle ISBN er utvida frå 10 til 13 siffer. ISBN står for Internasjonalt standard boknummer eller International Standard Booknumbering, det er eit unikt bokidentifiseringsnummer som ein finn på alle bøker. Nummeret blir nytta i alt sal av bøker, og er òg viktig for å identifisere bøker i bibliotekkatalogar og litteraturlister.


Foto: Nasjonalbiblioteket

Overgangen frå 10 til 13 siffer kjem som ein direkte konsekvens av ein auka bokproduksjon verda over og fordi nye format, som til dømes nettdokument, òg skal ha ISBN. I Noreg og mange andre land kunne vi klart oss med dei 10-sifra nummera i mange år framover, men fordi ISBN er eit internasjonalt system, må vi endre det over heile verda samtidig.

Metadata
Her i landet er det Nasjonalbiblioteket som har hatt ansvaret for å planleggje, informere og leggje til rette for overgangen frå 10 til 13 siffer. I tillegg til dei tre nye sifra, inneheld den reviderte standarden òg sterkare tilrådingar om å samle inn metadata frå utgjevarane (opplysningar om forfattar, tittel, utgjevingsår og liknande) i samband med tildelinga av ISBN.

Automatisk konvertering
ISBN-endringa verkar inn på alle ledd i bokbransjen. Bestillings- og registreringssystema må bli sette i stand til å handtere det, og forlaga må konvertere dei eksisterande nummera sine. Ein skal sjølvsagt ikkje trykkje nye nummer i bøker som allereie har komme ut, og i katalogane til biblioteka vil framleis alle 10-sifra ISBN vere søkbare og synlege. Når vi no bestiller ei eldre bok, vil vi i dei fleste tilfella framleis kunne gjere det ut frå eit 10-sifra ISBN. Systema vil som regel kunne konvertere automatisk. Biblioteksystema i Noreg har lenge vore i stand til å handtere ISBN med både 10 og 13 siffer og å konvertere mellom dei. Forlaga har det siste året kunna bruke både 10 og 13 siffers ISBN som ei overgangsordning.

Meir informasjon finn du her



Alle nyheter ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak