Elisabet Parmeggiani og Gunnhild Holmen ønskjer gamle og nye brukarar velkomne til å delta på kurs.
”Norsk kultur har gjort et byks inn i den digitale verden” sto det å lese i Aftenposten da Nasjonalbiblioteket lanserte det nye samsøket i april. Snart har Nasjonalbiblioteket digitalisert 30 000 bøker, og samlinga veks kvar dag.
Dagbladet kåra Revolvermagasinet til ”Norges tøffeste radioprogram noensinne” – vil du høyre det? På Nasjonalbiblioteket kan du lytte til radioprogram tilbake til 1930-åra. Vil du sjå ”Det Nye” frå 1974? Kanskje samanlikne med 2004? Nasjonalbiblioteket har alle vekeblad, tidsskrift, bøker og aviser som er gitt ut i Noreg. Eller vil du finne ut kva Chr. Michelsen skreiv til Bjørnson i 1905?
Bli med på brukarkurs!
Vi viser deg korleis du kan bruke biblioteket, korleis du finn informasjon og korleis du bestiller frå samlingane. Først tek vi ei omvising i huset. Så set vi oss ved ein PC og søkjer i ressursane på www.nb.no. Her får du tilgang til digitalt samsøk, katalogar, aviser, radioopptak og ei rekkje vesentlege databasar innan fag- og forsking for å nemne noko. Kurset legg opp til at du kan prøve å søkje sjølv, og vi tek gjerne utgangspunkt spørsmåla dine.
Kurstidspunkt:
Måndagar: 10-11
Onsdagar: 10-11
Kurset varer ein 1 time og er gratis. Møt opp i resepsjonen i 1. etasje.
Påmelding på: brukerkurs@nb.no eller ring Veiledning: 23 27 60 11.
Vi tilbyr òg skreddarsydde kurs for grupper.
Vi ønskjer nye og gamle brukarar velkomne!