NIH-stipendiat valt til styret i IFAPA

NIH-stipendiat Anne Mette Bredahl er som fyrste skandinav valt til styremedlem i International Federation of Adapted Physical Activity (IFAPA).

Publisert: 28.11.2006

IFAPA er det høgste internasjonale organ for forsking innan fysisk aktivitet og funksjonshemming. Bredahl er valt for to år med muligheit for å sitje i inntil seks år.
 
Anne Mette Bredahl er stipendiat på Seksjon for kroppsøving og pedagogikk. Ho er utdanna klinisk psykolog frå Universitetet i København og har tidligare arbeida med familiar ramma av kreft. Ho arbeida som psykolog ved Beitostølen Helsesportssenter i perioden 1997-2002.
 
Seinare kom ho tilbake til NIH, mye takka vere hennar rettleiar Liv Duesund. Doktogradsprosjektet handlar om betydinga av fysisk aktivitet for personar med fysiske funksjonshemningar og synshemmingar. Bredahl er sjølv funksjonshemma og har fleire gonger vore olympisk meister i skiskyting for funksjonshemma.



Norges idrettshøgskole | Sognsveien 220 | Telefon: +47 23 26 20 00 | Fax: 22 23 42 20 | E-post: postmottak@nih.no | webmaster@nih.no