Gemini - Tilbake til hovedsida
Forskningsnytt fra NTNU og SINTEF
ENGLISH
NTNU
SINTEF
Nyttige lenker
SISTE NUMMER
<-- TIL HOVEDSIDEN
NYHETER
SØK

 Forsiden

GEMINI PÅ PDF (10,5 MB)
Tidligere utgaver av Gemini

  Om Gemini

Pris
Gemini vant priser igjen!
Les mer


Neste Gemini kommer i desember og har blant annet disse sakene.
 Abonner på Gemini.

Tlf. 73 59 24 76
Redaktør Åse Dragland
E-post: ase.dragland@sintef.no
Postadresse:
Gemini SINTEF, 7465 Trondheim
Tlf. 73 59 53 21
Redaktør Nina Tveter
E-post: nina.tveter@ntnu.no
Postadresse:
Gemini NTNU, 7491 Trondheim
Ansvarlige redaktører:
Informasjonssjef Christian Fossen, NTNU

Inger Reistad Rygh,
Sjef – SINTEF Media



Kvoteordninga gir svart hav

Dei råaste fiskarane får dei største kvotane. Ei anna kvoteordning kan redde fiskestammene.

Tråler
 

 

 

FØR HAVET TØMMES:  For å sikre fiskestammene vil professor Anders Skohoft ha eit prinsipp for kvotetildeling som er meir basert på likskap. Foto: Jeffrey L. Rotman/Scanpix/Corbis

 
   

Om lag sytti prosent av verdas fiskebestandar er i dag overutnytta. Dei fleste fiskeria står såleis overfor det som vert kalla «bankerottsyndromet». Omgrepet er henta frå finansverda – ei verksemd er bankerott når dei samla krava frå kreditorane overstig verdiane i buet. Slik er tilstanden for eit fleirtal av fiskebestandane i verda. Fiskarane vil ha meir fisk enn kva havet kan levere.

– Det er på tide å sjå på rammeverket for fiskeria. Vi ser at dagens kvotesystem ikkje tilfredsstiller behova for ei god ressursforvalting, seier Anders Skonhoft, professor i samfunnsøkonomi ved NTNU. 

Saman med forskar Elena Inarra ved universitetet i Bilbao har han laga ein alternativ modell for tildeling av fiskekvotar.

Likskap og premiering
Forskarane har tatt utgangspunkt i det såkalla TAC-systemet. Det tyder Total Allowable Catch: den totale mengda fisk som vert tillate å ta opp. TAC er i dag innført for dei fleste fiskeria i verda, men maktar ikkje å forvalte ressursane slik at levedyktige bestandar vert sikra.

Dagens TAC er basert på historisk proporsjonalitet. Det vil seie at dei skipperane eller reiarane som har hatt dei største fangstane i tidlegare tider, og dermed har gjort mest for å fiske havet tomt, får dei største kvotane, seier professor Skonhoft.

Det Skonhoft og Ibarra gjer, er å introdusere eit prinsipp for kvotetildeling som er meir basert på likskap. Systemet er kalla Constrained Equal Award Rule, og har som grunnprinsipp at ein begynner med like store kvotar, så lenge tilgangen er låg. Utan å ta omsyn til kor mykje fisk båtane har tatt opp tidlegare, får alle tildelt den same mengda fisk.

Dersom dette strenge regimet etter kvart fører til at bestanden aukar, vil dei som har tatt dei største mengdene fisk tidlegare, kunne få auka kvotane igjen – og med det bli premiert for god ressursforvalting.

Soper havet reint
Nordsjøen er eitt av dei hava som har fått merke overfisket særleg sterkt. Her vert TAC fordelt i to omgangar: Først skjer ei grovfordeling av kvotane, kor den eine går til dei havgåande trålarane og den andre til kystfiskarane.

Etter at TAC er grovfordelt mellom trålarflåten og kystflåten, vert kvotane fordelt mellom båtane innanfor kvar gruppe. Berekningane som Skonhoft og Inarra har gjort, gjeld for den første grovfordelinga.

Historisk har trålarflåten hatt dei største kvotane, og det er den som har mesteparten av skulda for at Nordsjøen er truga av svart hav. Kystfisket driv mest med passiv reiskap som garn og linefiske, medan trålarane nyttar trålposar som vert dregne langs havbotnen og sopar havet reint.

Det er neppe mogleg å få bukt med overfisket om ein ikkje gjer noko med trålarflåten, meiner professor Skonhoft.

Øydelegg botnen
Ved sidan av å ta meir fisk, er det fleire aspekt ved trålarfisket som er miljømessig uheldig, meiner professoren.

For det første selekterer trålarane dårleg på storleik. Medan kystflåten tek større fisk, fangar trålarposane det som er av stor og liten fisk.

For det andre skader trålarane havbotnen, fiskehabitata, og øydelegg veksttilhøva for fisken.

Botntråling har etter kvart blitt eit tema for miljøorganisasjonane og også FN, etter som skadane på havbotnen i Nordsjøen og andre stader er dokumentert. Med denne metoden vert heile økosystem skrapa bort. Derfor har fleire organisasjonar fremja krav overfor FN om innføring av eit internasjonalt forbod mot botntråling.

Von i hangande snøre
Så kan ein spørje seg om trålarflåten sjølv har nokon eigen interesse i å gå med på endringar i prinsippa for kvotetildelinga. Her trur Skonhoft at det er von i hangande snøre:

– Slik det er i dag, slepp trålarane å ta samfunnskostnadane ved overfisket. Dei tek fisken, og øydelagde økosystem er ikkje deira sak. Men etter kvart som havet går frå mørkt grått til beksvart, slår dette attende på dei sjølve. Der det ikkje er fisk, er det ingenting å fiske.

Eit skrekkens døme på dette er kva som hendte utanfor New Foundland, der rike fiskeri kollapsa totalt på kort tid. Det same kan hende i Nordsjøen om ingenting vert gjort, åtvarar professoren.

– Med systemet vi foreslår, er samfunnskostnadane vekta inn i prinsippet for kvotetildeling. Kan hende ser trålarflåten at dette tener også deira interesser på lengre sikt, trur professor Anders Skonhoft.

Forskingsprosjektet skal publiserast internasjonalt i det prestisjetunge tidsskriftet Land Economics.

Av Tore Oksholen

Kontakt: Anders Skonhoft, Institutt for samfunnsøkonomi, NTNU
Tlf: 73 59 19 39, e-post: anders.skonhoft@svt.ntnu.no


Fritekstsøk i arkivet.


powered by FAST

FASTE SPALTER:
Kortnytt
Pusterommet
La det svinge

Tema:
Kampen mot kols

Forskerintervjuet
Forskerintervjuet
Guy Lönngren
(64) bygger resirkulerbar studentbolig av papp.

Les mer

Kikkhullet
Hvorfor blir digitale tv-bilder perfekte?
Nytt om nytt:
Nye produkter

Fotball er best på radio
av Øystein Dolmen

Dolmen