Barne- og likestillingsdepartementet
Barne- og likestillingsdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Liknande dokument  

Barne- og likestillingsdepartementet

Vi arbeider for at

  • forbrukarane skal få styrkt rettar, interesser og tryggleik
  • barn og unge skal få ein trygg oppvekst, og høve til deltaking og medråderett i samfunnet
  • familiar skal leve trygt, både økonomisk og sosialt
  • det skal bli full og verkeleg likestilling mellom kvinner og menn

Arbeidsområda våre vedkjem kvardagen for dei fleste, og avgjerdene som blir tekne kan ha mykje å seie for den enkelte.

Størstedelen av budsjettet til departementet går til overføringar til barnefamiliane: barnetrygd, fødselspengar og kontantstøtte. Av velferdstiltaka er barnevern dei største budsjettpostane.

Fagavdelingane forvaltar lover og tilskotsordningar, arbeider med planlegging, utgreiingar, stimuleringstiltak, rettleiing, informasjon til allmenta og aktuelle grupper. Avdelingane gir også støtte til forsking, forsøk og utviklingsarbeid, og tek del i internasjonalt samarbeid på sine fagområde.

Organisasjonskart

Historikk

Avdelingar