Parlamentssalen
i Bosnia-Hercegovina gjenåpna
Jørgen Kosmo avslutta sine fire år som
Stortingspresident med å åpne den gjenoppbygde parlamentssalen i Sarajevo,
Bosnia og Hercegovina, fredag 30. september 2005.
”Bombinga av parlamentet i Sarajevo var ei frykteleg, og samtidig
ei svært medviten politisk handling under krigen”, seier Jørgen Kosmo. ”Når
alle tre folkegrupper no skal innvie sin nye, felles parlamentssal, er
symbolverdien desto større. Slik eg ser det, ti år etter Dayton-avtalen, er
dette verkeleg det endelege politiske
punktum for krigen.”
I talen understreka Kosmo m.a. at “den politiske, økonomiske og
sosiale freden i Bosnia Hercegovina – sjølve framtida for landet – er avhengig
av at parlamentet fungerer som det skal; som ei åpen, folkevald forsamling, der
politisk makt er fordelt gjennom demokratiske val og blir utøvd i full
åpenheit, etter klare spelereglar. Denne salen tilhøyrer heile folket i Bosnia og Hercegovina, uansett kva side ein stod på
under krigen.”
Parlamentet i Sarajevo var mellom dei mange offentlege bygningar
som vart bomba under krigen på starten av 90-talet. Sjølve salen fekk
omfattande brannskadar og har ikkje vore i bruk sidan. Dei utvendige skadane på
parlamentet er framleis svært synlege. Forsoningsprosessen mellom dei tre
folkegruppene i landet pågår framleis, og felles demokratiske og administrative
institusjonar vert etablert. Som eit positivt eksempel vedtok statsparlamentet same
dag som åpninga av parlamentssalen ei ny forsvarslov som inneber at
Bosnia-Hercegovina vil ha eitt felles forsvarsdepartement og èin felles
kommandostruktur over dei væpna styrkane i landet.
Utanriksdepartementet har dei siste åra bevilga til saman 7,5
millioner kroner for å gjenoppbygge og samtidig modernisere fleire funksjonar
ved parlamentet i Bosnia-Hercegovina. Gjenoppbygginga av parlamentssalen er det
største enkelttiltaket, og arbeidet med sjølve salen har pågått i heile 2005.
Utanriksdepartementet og ambassaden i Sarajevo har vore sentrale partnarar
under heile prosessen.
”Ein ny, moderne parlamentssal er den flotteste gåva det norske
folk kunne gi folket i dette vakre landet. Som Stortingspresident er det eit
privilegium å få lov til å åpne denne salen. Eg kunne ikkje tenke meg ei
flottere avslutning på mi tid i rikspolitikken enn denne seremonien,” avsluttar
Kosmo.